Rekordmange strauk på sjukepleiareksamen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nettavisa Khrono ved Oslomet har fått tal frå seks av tolv institusjonar. Desse seks institusjonane har om lag 60 prosent av dei studentane som har teke eksamen.

Tala viser så langt ein gjennomsnittleg strykprosent på 29 prosent, noko som er ein auke på 9,3 prosentpoeng samanlikna med resultata for eit år sidan.

Ved UiT – Noregs arktiske universitet – er strykprosenten heile 33 prosent. Ved Høgskulen på Vestlandet er han 29 prosent. For fem av seks institusjonar aukar strykprosenten, for enkelte med 10 prosentpoeng, eller meir.

Fleire reaksjonar på vanskeleg heimeeksamen

Normalt ville eksamen i faget gått som ein skuleeksamen. Men på grunn av koronapandemien måtte alle studentar ta eksamen som ein heimeeksamen.

Etter at eksamen var gjennomført var det fleire studentar som reagerte på at han var vanskeleg, at dei ikkje hadde vorte førebudde på den typen spørsmål dei fekk og at dei hadde svært dårleg tid.


At ingen dagar er like, gjer yrket enda meir spanande, og utfordrande, tykkjer sjukepleiar Ragnhild Prestbø (24). Foto: Privat