MDG-politikar Oda Sofie Pettersen (21) les ikkje kommentarfelt om ho kan unngå det

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 08.07.2021 13:07

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg har opplevd veldig mykje hersketeknikkar knytt til alder og kjønn sidan eg byrja å engasjere meg som 15-åring.

Det seier Oda Sofie Pettersen på telefon til Framtida.no.

21-åringen er førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Vest- og Aust-Agder, der dei stiller felles liste til stortingsvalet 2021.

Unge jenter i debatten

MDG-politikaren medgjev at det er litt skummelt å skulle ha ei slik framtredande rolle i valkrinsen, men mest av alt gler ho seg.

– Eg synest det er utruleg stas, spennande og gøy, men eg føler òg stor ærefrykt og eit stort ansvar for å representere ein heil generasjon som har vore underrepresenterte i alle organ i Noreg, seier Pettersen.

Den unge politikaren er slett ikkje åleine om å oppleve negative kommentarar knytt til alder.

Ei undersøking Opinion har gjort på oppdrag for Stortinget viser at nesten 3 av 4 politisk aktive i alderen 15-20 år har fått negative kommentarar eller reaksjonar.

Ein stor del av dei som har opplevd latterleggjering har òg opplevd personkarakteristikkar og har blitt snakka ned på grunn av alder. Jenter opplever i større grad enn gutar at alder vert brukt mot dei.

Tone Wilhelmsen Trøen, Høgre, Akershus. Foto: Stortinget

Uroar stortingspresidenten

Stortingspresident Tone Wilhelmsen Trøen, som har teke initiativ til undersøkinga, er uroa over funna.

– Eg er redd for at unge stemmer kan stilna og at dei let vere å seie dei viktige meiningane som me og samfunnet treng, seier ho til NRK, som først meldte om saka.

– Me kan ikkje møte unge sine ytringar med å latterliggjere dei, eller sjå ned på dei fordi dei er unge. Me har eit ansvar for å vere dei som skapar eit trygt rom, kor dei faktisk kan få lov til å ytra seg, seier ho vidare.

– Etterkvart må ein få tjukk hud

Pettersen synest det er leitt å medgje at ho har vorte vand med negativ merksemd knytt til sin eigen person.

– Det kjem ikkje frå mitt eige parti, men ofte i kommentarfelt til aviser. Eg trur det vert ekstra ille fordi eg representerer eit parti som er radikale i klimapolitikken, då er det nokre som taklar det med motangrep og hersketeknikkar, seier Pettersen.

21 år gamle Oda Sofie Pettersen er førstekandidat i MDG Agder, som stiller felles liste til stortingsvalet. Foto: Jonas Stefan

– Etterkvart vert ein litt vand med det, det er det som er så dumt. Eg har funne ut korleis eg skal handtere det og les ikkje kommentarfelt om eg kan unngå det, forklarar Pettersen.

Vidare seier ho ifrå til partiet, dersom det er noko dei bør svare på.

– Etterkvart må ein få tjukk hud, det burde ikkje vere eit krav, seier Pettersen, som legg til:

– Eg håpar å sjå at ordskiftet vert meir tolerant og inkluderande. Det er utruleg viktig, slik at me ikkje støter frå oss unge.


Les også: Arbeidarpartipolitikar Camilla (20) kan verte tidenes yngste stortingsrepresentant

20 år gamle Camilla Maria Brekke frå Holmestrand er 3. kandidat for Arbeidarpartiet i Vestfold og kan verta tidenes yngste stortingsrepresentant. Foto: Arbeidarpartiet