Alberte (20) vart vald til ny leiar i Raud Ungdom via nettavstemming

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– 2020-talet er tiåret vi må endre retning – frå eit økonomisk system som set hemningslaus vekst over kloden og folka som bur på den, til eit økonomisk system som set mennesker og miljøet i fokus, skriv Alberte Bekkhus (20) i ein e-post til Framtida.no.

Raud Ungdom skulle eigentleg ha landsmøte der dei skulle velje ny leiing denne veka. I staden for å utsetje valde dei å stemme fram den nye leiaren via nett tysdag 17. mars.

Alberte Bekkhus frå Moss har sitte i sentralstyret sidan 2018, der ho mellom anna har vore feministisk ansvarleg. Ho tek over etter Tobias Drevland Lund, som har sitte som leiar sidan 2018.

Koronakrise og forskjellskrise

– Kvifor er det bruk for Raud Ungdom i 2020?

– Fordi vi står ovanfor ei forskjellskrise og ei klimakrise. Vi har 10 år på å halvere klodens klimagassutslepp, samstundes som vi har eit økonomisk system basert på evig vekst – eit reknestykke som ikkje går opp, skriv Bekkhus.

Ho er også uroa for at forskjellane aukar, og dei rike blir rikare, medan vi får fleire fattige barn.

– Koronakrisa gjer at vi har fått 84.000 heilt arbeidsledige berre den siste veka, og at mange tusen risikerer å bli permitterte, medan selskap som Telenor og Aker pungar ut med millionar i utbytte til sine investorar, skriv ho.

Bekkhus kallar dagens økonomiske system skjørt, urettferdig og skadeleg for klima. Ho meiner difor vi treng radikale motstemmer, som løftar alternativ, systemkritikk og som faktisk tek folk flest på alvor.

– Raud Ungdom trengst i 2020 fordi vi er nøydde til å endre verda, og vi gir ungdom moglegheita til å kjempe for solidaritet, klima og ei betre verd, skriv Bekkhus, som òg er medlem i Natur og Ungdom.

Som 16-åring lenkja Alberte Bekkhus seg for Førdefjorden saman med Natur og Ungdom. Ho vart dømd for sivil ulydigheit og fekk ei bot på 10.000 kroner i tillegg til saksomkostningar på 1000 kroner. Foto: Natur og Ungdom

Feminist, javisst!

– Kva er dei viktigaste sakene for Raud Ungdom i 2020?

– Vi må omstille oss, den omstillinga må vere rettferdig og omfordelande. Kvinner tener framleis 87 kr for kvar hundrelapp ein mann tener, og seksuell trakassering og eteforstyrringar er framleis altfor vanleg. Difor er feminisme en av hovudsakene våre – ingen er fri før alle er fri!

Vidare løftar Bekkhus Noreg sin strenge flyktning- og asylpolitikk, som ho meiner ikkje står i stil med at Noreg er eit rikt land som har delteke i åtte angrepskrigar sidan 1990.

Ho løftar også lærlingplass, høgare utstyrsstipend for vidaregåandeelevar og sjølvsagt forskjellssamfunnet:

– Det er mykje som må bli betre. Store forskjellar er skadeleg for samfunn, så Raud Ungdom tek kampen mot Forskjells-Noreg. Likevel ser det ut til at det som vil bli den viktigaste saka for Raud Ungdom, og alle andre, i 2020 blir å handsame koronakrisa. Den må handsamast på ein solidarisk og rettferdig måte. Vi må ta lærdommar frå den. Vi må kjempe for at samfunnet etter koronakrisa blir betre enn samfunnet var før den, og for at krisetiltaka kjem folk flest til gode.

Ei tydeleg, radikal stemme

Bekkhus har vakse opp i en radikal familie, men fortel at ho ikkje diskuterte sin politiske ståstad med familien då ho var liten.

– Eg har likevel vakse opp med verdiar som rettferd, solidaritet og fred. Som barn hadde eg mykje klimaangst, og då eg var 12/13 melde eg meg inn i Natur og Ungdom. Då eg var 14 innsåg eg at at både klimakrisa og urettferda eg såg i verda var direkte konsekvensar av dagens økonomiske system. Då blei vegen til Raud Ungdom kort. 

Bekkhus meiner at ho har store sko å fylle, men at ungdomspartiet kjem til å merka nokre forskjellar med ho som leiar:

– Eg har ei tydeleg, radikal stemme, og er nok meir aktivistisk anlagd enn mange andre i det politiske landskapet. Eg er veldig lite glad i å gå rundt grauten, skriv ho, og utdjupar:

– Som skeiv jente har eg også erfaringar som har styrkt meg og gitt meg perspektiv eg trur er viktige. Det har også lært meg å lytte til og lære av andre, fordi eg veit at vi har ulike erfaringar av både livet, undertrykking og kamp. Så skal det seiast at eg har store sko å fylle, og at eg står på skuldrene til kjemper!

Mot kapitalismen

Den ferske ungdomspartileiaren tykkjer det er vanskeleg å plukke ut eit par hjartesaker, men set systemendring heilt på topp.

– Vi treng ein demokratisk økonomi, tilpassa klodens tolegrense og menneske sine behov. Kaptalismen flyttar både rikdom og makt over på færre og færre hender, samstundes som dama i gata opplever stadige angrep på arbeidsmiljølova, innskrenkningar i det sosiale sikkerheitsnettet (NAV) og at politikarane inngår avtalar som flytter makta vekk frå folket, og til store, internasjonale selskap og avtalar.

Vidare er feminisme, likeløn, ufrivillig deltid, kjønnsroller og skjønnheitstyranniet saker som står ho nær.

– Mi siste hjartesak må vere solidaritet. Vi lever i ei verd prega av konflikt, flyktningstraumar og klimaendringar. Då må vi vere solidariske, kjempe mot krig, klimaendrigar og undertrykking. Vi må støtte menneske sin rett til å kjempe for fridom, ha ein human asylpolitikk og ha null-toleranse for rasisme og fascisme.

Klimaangst og rettferd for dei unge

– Korleis kan ein sikra at barn og unge vert høyrde?

– For å sikre at barn og unge blir høyrt, må vi innføre stemmerett for 16-åringar! Det er oss unge som skal leve i samfunnet politikarane nå stakar ut, då må vi få vere med å planleggje det. Det hadde tvinga politikarane til å høyre på klimastreikarane, og dei som demonstrerte mot fråværsgrensa då den blei innført, skriv Bekkhus, og legg til:

– Vi må også jobbe for at både elevråd, Ungdommens Bystyre og tilsvarande ordningar får reell makt og innflytelse, og ikkje berre sit til pynt. Ikkje minst treng vi streikerett for elevar – unge må ha rett til å seie ifrå og å kjempe på lik linje med vaksne!

– Kva er idealsamfunnet?

– Idealsamfunnet er eit samfunn der ein gir etter evne og får etter behov. Der ressursane er fordelt rettvist mellom folk. Der økonomien er demokratisert og tilpassa kloden og folk sine behov. Der det er reelt demokrati og menneske har reell innverknad over samfunnsutviklinga. Idealsamfunnet er utan rasisme, sexisme, krig og klassar. I mitt idealsamfunn er det fridom for enkeltmennesket, ikkje berre fridom for enkelte menneske.

Alberte Bekkhus

Frå: Moss, Østfold! (likar ikkje Viken)

Alder: 20 og eit halvt

Yrke/utdanning: Har fullført vidaregåande, jobba eit år i barnehage gjennom Adecco og studert litt, men eg droppa ut etter eitt semester.

Favorittfag på skulen: Samfunnsfag, hehe

Ulike verv: Leiar i Raud Ungdom

Medlem i: RU, NU, Målungdommen, UmEU, Nei til Atomvåpen, Spire, Rødt, Palestinakomiteen, Solidaritet med Kurdistan. Mogleg eg har gløymd nokon, beklager for det!

Kva gjer du i fritida/hobby: Eg er veldig sosial, så akkurat no for tida er eg mest innesjuk. Neida. Eg likar å teikne, men bruker nok mesteparten av fritida mi på å ta det rooleg.