Senterungdommen har teke 25 ferjer rundt i heile Møre og Romsdal i mars

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me fekk ideen i november/desember, men byrja ikkje å planleggje før i januar. Då tenkte me at situasjonen kanskje kom til å vere litt betre i mars.

Det seier leiar i Møre og Romsdal Senterungdom, Dordi Boksasp Lerum (18), på telefon til Framtida.no.

– Heldigvis har me veldig lågt smittetal i Møre og Romsdal, men ein veit aldri. Difor er det viktig å ta alle forholdsreglar, sa Lerum på telefon til Framtida.no fredag.

I løpet av helga har talet på smittetilfelle i Ålesund-regionen skote i vêret og det er difor innført strengare tiltak.

I tillegg til fysisk valkamp har 18-åringen teke i bruk TikTok for å få ut bodskapen:

@dordiiiSlår i hjel tid på Hennset ferjekai⛴?♬ Ski Mask The Slump God – Foot Fungus – Kiersten

Sidan 10. mars i år har Dordi Boksasp Lerum reist rundt i heimfylket saman med to partifellar og møtt ferjepassasjerar og lokale senterungdommar for å snakke om ferjeprisar.

Målet er å setje fokus på seks konkrete krav til ferjepolitikken, som er:

  • Ha gratis ferjer til øysamfunn og andre samband med liten trafikk
  • Halvere ferje- og hurtigbåtprisane for dei andre sambanda
  • Innføre maksimalpris for pendlarar som er avhengige av ferje- og hurtigbåttilbodet
  • Setje forskotsbetalinga på Autopass til 200 kroner, same som for bompengebrikke
  • Styrke ferje– og hurtigbåttilbodet der det trengst
  • At kostnaden med nullutslepp skal dekkjast av staten, ikkje ferjebrukarane

Les også: MDG-politikar Oda Sofie Pettersen (21) les ikkje kommentarfelt om ho kan unngå det

Viktig distriktspolitikk

I perioden 10. mars til 19. mars har dei brukt om lag 4000 kroner på ferjebillettar på 25 samband. Måndag gjekk siste turen på sambandet Standal-Trandal.

Ferjeprisar har vore ei stor sak den siste tida og Arbeidarpartiet fekk førre månad med seg Framstegspartiet, Senterpartiet, SV og Raudt på eit forslag om å halvere ferjeprisane.

Boksasp Lerum viser til berekningar om at forslaget deira vil koste 1,5 til 2 milliardar årleg, noko ho meiner er lite samanlikna med storleiken på statsbudsjettet.

– Det å skulle setje ned ferjeprisane er utruleg viktig politikk for distrikta. Det er verd å bruka pengar, understrekar ho.

Leiar i Møre og Romsdal Senterungdom, Dordi Boksasp Lerum (t.v) har fått med seg leiar i Tingvoll Senterungdom Hege Einset og nestleiar i Møre og Romsdal Senterungdom Mads Heggen for å drive valkamp på ferjer i heimfylket. Foto: Privat

– Tek alle forholdsreglar

Senterpartipolitikaren fortel om gode møte med ferjepassasjerar på trygg avstand med handsprit og munnbind lett tilgjengeleg.

– Har de vurdert om dette er uforsvarleg å gjere i desse pandemitider?

– Ja, ja, ja, sjølvsagt! Det er ei løpande vurdering. Me er veldig klare på at om nokon berre er litt sjuke, så er det heilt uaktuelt. Men det er låge smittetal i Møre og Romsdal, me er friske og tek alle forholdsreglar, forsikrar leiaren i Møre og Romsdal Senterungdom.

Foto: MR Senterungdom

Svela over alle sveler

Trass i pandemi har dei fått servert sveler på fleire av ferjestrekningane, og Boksasp Lerum er ikkje i tvil om kor dei beste svelene er å finne:

– Eg må jo seie Halsa-Kanestraum, men der er det lov å vere ueinig. Det er ein kombinasjon av at dei har veldig gode sveler og ei god utsikt og stemning på ferja, seier Boksasp Lerum, som sjølv er oppvaksen på Kanestraum.

– Eg kjem frå ein ferjekai og er oppvaksen med å sjå ferja gå att og fram heile dagen. Skal du nordover så må du ta ferja. Ferja er jo vegen vår i Møre og Romsdal, avsluttar ferjeentusiasten.


20 år gamle Camilla Maria Brekke frå Holmestrand er 3. kandidat for Arbeidarpartiet i Vestfold og kan verta tidenes yngste stortingsrepresentant. Foto: Arbeidarpartiet