Styreleiar i LNU: «Vi treng eit enda yngre Storting!»

Isa Maline Isene
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

I desse dagar held dei politiske partia nominasjonsmøte. Her bestemmer dei kven som skal stå på stortingslister, og dermed ha moglegheita til å bli valt inn i Noregs riksforsamling.

For oss på sidelinja er det spennande å følgje med på det som er sjølve hovudinngangen til demokratiet vårt. Og sjølv om mange av debattane knytt til kven som skal stå på listene i stor grad er partiinterne, er det nokre tendensar vi andre òg får ta del i.

Plassane til «ungdomskandidatane» har vore hyppig diskutert i partia. Dette er etterlengta debattar, for sjølv om vi har tidenes yngste Storting i denne perioden (2017-2021), er unge underrepresentert i avgjerdsprosessar – både i verda og i Noreg.

Det burde ha vore meir enn dobbelt så mange unge politikarar i Noreg som det vi har i dag

Til dømes er meir enn halvparten av verdas befolkning under 30 år, men berre 2 % av dei folkevalde i nasjonale forsamlingar verda over er like unge. I Noreg er rundt 10 % av dei folkevalde under 30 – samtidig som vi unge under 30 som har stemmerett utgjer 20 % av befolkninga. 

Dette betyr at det burde ha vore meir enn dobbelt så mange unge politikarar i Noreg som det vi har i dag.

Då er det kanskje ikkje så rart at ein del unge ikkje føler at politikken er for dei, når dei har så få førebilete og så sjeldan blir inkludert? 

I eit idealsamfunn kunne ein kanskje òg tenkt at vi må passe på at det ikkje er for mange unge på listene våre – at det å bli plassert på ei liste berre fordi ein er ung, ikkje held.

Men vi lever ikkje i eit idealsamfunn. Vi lever i eit samfunn der folk med makt stort sett er kvite, middelaldrande menn. I det samfunnet har vi alle saman ein jobb å gjere med å få meir mangfald inn i maktposisjonar.

Og nokre gonger handlar det òg om å gi frå seg plassen sin til ein annan kandidat.

Dersom partia ikkje prioriterer unge kandidatar på listene, har vi heller ikkje moglegheita til å stemme fram eit mangfaldig storting.

Vi meinige veljarar har ikkje moglegheit til å bestemme kven partia sjølv plasserer på lista. Dersom partia ikkje prioriterer unge kandidatar på listene, har vi heller ikkje moglegheita til å stemme fram eit mangfaldig storting.

Ungdom er ei mangfaldig gruppe. Det finst ikkje berre ein type ungdom; snarare tvert imot finst unge frå alle politiske ståstader, funksjonsvariantar, legningar, utdanningsnivå, kjønnsidentitetar, hudfarger og religionar. 

Men ein ting har vi unge til felles: det er berre vi som veit korleis det er å vere ung i dag.

Då nyttar det ikkje å komme med argumenter som at ein må «ha erfaring» eller at «di tid kjem».

Det er ein verdi i seg sjølv at vi som kjenner på kroppen korleis det er å vere ung – og vi som skal leve lengst med dei konsekvensane av politikken som førast i dag – er med på å bestemme.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Det har vore protestar i Cape Town, Sør-Afrika, mot korrupsjon, sviktande økonomi, kjønnsbasert vald og at styresmaktene ikkje har innført det vedtekne lønnshoppet for offentleg tilsette. Foto: AP Photo/Nardus Engelbrecht