Arbeidarpartipolitikar Camilla (20) kan verte tidenes yngste stortingsrepresentant

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er dei unge sin tur. Me må prioritera den unge generasjonen, om me ikkje tek politiske grep får min generasjon færre moglegheiter enn foreldra våre.

Det seier arbeidarpartipolitikar Camilla Maria Brekke, som særleg er oppteken av arbeidsplassar og at unge skal få fullført vidaregåane skule og læretid.

20-åringen står på tredjeplass for Arbeidarpartiet si liste i Vestfold, og kan difor koma inn på Stortinget hausten 2021.

Yngre enn Hanekamhaug

Arbeidarpartiet har ingen listetoppar under 30 år, men fleire unge kandidatar har fått andre- og tredjeplassar.

Om Arbeidarpartiet gjer eit godt val og kjem i posisjon kan dei få inn tre kandidatar frå Vestfold, noko som inneber at Brekke vert den yngste stortingsrepresentanten gjennom tidene.

– Det er litt blanda når eg tenkjer på det. Det høyrest veldig skremmande ut når ein seier det slik, men grunnen til at eg stiller er at eg vil representere min generasjon,

I 2009 vart Mette Hanekamhaug (Frp) tidenes yngste stortingsrepresentant. Foto: Frp

førstegongsveljarane og dei i 20-åra, då er det veldig naturleg at eg er i 20-åra, seier Brekke på telefon til Framtida.no.

Ei knapp veke før valet 13. september fyller ho 21 år, og har difor sjansen til å verte endå yngre enn Frp-politikar Mette Hanekamhaug, som var 22 år gamal då ho vart vald i 2009.

Snittalderen på stortingsrepresentantane har krope nedover sidan første del av 1900-talet, då snittalderen var rundt 50 år. Etter valet i 2017 var snittalderen historisk låge 46,1, viser statistikk frå Stortinget.

I dag er 26 år gamle Freddy André Øvstegård yngstemann på Stortinget, der han representerer Sosialistisk Venstreparti og Østfold.

Freddy André Øvstegård, stortingsrepresentant for SV. Foto: Privat

Upopulær ungdomspolitikk

Camilla Maria Brekke synest det er både eit stort ansvar og ei stor ære at nominasjonskomiteen og medlemmane i partiet stilte seg einstemmig bak innstillinga av ho som tredjekandidat for Arbeidarpartiet i Vestfold.

20-åringen har allereie sete i kommunestyret i Holmestrand i eitt og eit halv år, og meiner at hennar erfaringar er viktige òg i rikspolitikken.

– Det er ikkje lenge sidan eg gjekk på skule sjølv. Eg er student og ser kor vanskeleg det er å få økonomien til å gå rundt når nesten heile stipendet går til husleige. Alderssnittet på Stortinget er høgt, men det er dei unge som skal leva med beslutningane som vert tekne, understrekar Brekke.

Ho peikar på at det berre er dei unge i Noreg som ikkje har stemmerett, noko som gjer det ekstra viktig å representera dei. 20-åringen ser difor at det kan vera nokre ungdomssaker som er upopulære, fordi dei det gjeld ikkje nødvendigvis skal stemma ved neste val. 

– Ein må snakka eit språk som alle skjønar, vera ute og møte dei unge, og ikkje berre lytte til det dei seier, men ta med seg innspela, understrekar Brekke.

1. kandidat for KrF i Telemark, Oddbjørn Nørstrud. Pressefoto

Overraska over topplassering

Kristeleg Folkeparti er partiet med den eldste veljargruppa, men før stortingsvalet er heile fire listetoppar yngre enn 30 år.

Yngst av desse er Oddbjørn Nørstrud, som fyller 22 år i sommar.

Då 21-åringen fekk vete at KrF i Telemark ville ha han som førstekandidat vart han veldig overraska.

– Eg tenkte i utgangspunktet at det var andre som hadde meir erfaring enn det eg har og som er meir kjent i fylket, seier Nørstrud på telefon til Framtida.no.

Heddølen sit i sentralstyret i KrFU, der han har engasjert seg meir enn i lokallaget sitt. Han vart difor glad då det viste seg at han hadde brei støtte heime.

– Etter eg blei førstekandidat har det berre vore positive reaksjonar og eg har fått meir merksemd enn eg kanskje hadde gjort om eg hadde vore litt eldre, seier Nørstrud.

Han meiner det seier mykje om Noreg at unge kandidatar vert så godt mottekne.

– Om ein ser på stortingslistene rundt om i landet er det berre Miljøpartiet Dei Grøne som har fleire unge på topp enn me, understrekar han.

Nørstrud synest det er fint at KrF satsar på unge, noko han ikkje nødvendigvis trur stemmer overeins med biletet dei fleste har av partiet hans.

Både Brekke og Nørstrud er opptekne av andregongsveljarane tidleg i 20-åra, og trur det er verdifullt at dei har kandidatar dei kan identifisera seg med.

– Det handlar om tillit og det at ein kan identifisera seg med dei som, i hermeteikn, styrer over deg. At ein har tillit til at det er folk som ikkje er så langt unna deg i livsstadiet, slik at det ikkje er så lenge sidan dei var i den situasjonen du er i, seier Nørstrud, som håpar saker som opptek barn og unge får prega valkampen.

Forskar ved Institutt for samfunnsforsking, Johannes Bergh, har sett på politisk deltaking blandt unge. Foto: ISFS

Valforskar: – Unge er underrepresenterte

– Unge er underrepresenterte både blandt kandidatane og dei som sit på Stortinget. Den underrepresentasjonen er ganske stor, særleg blant dei aller yngste i aldersgruppa 18-25 år, seier valforskar Johannes Bergh.

Sjølv om Noreg kjem godt ut i internasjonal samanheng er brorparten av dei folkevalde middelaldrande, medan både eldre og yngre veljarar er underrepresenterte.

– Ved å satse på unge kandidatar får partia ein moglegheit til å rekruttere unge veljarar, fordi me veit at unge veljarar er meir tilbøyelege til å stemme på kandidatar på same alder. Unge politikarar bidreg til å mobilisere unge veljarar, så det er absolutt noko å hente der, understerkar Bergh.

Valforskaren understrekar òg at dei unge er framtidas politikarar, og meiner den sterke posisjonen ungdomspartia har i norsk politikk er eit stort pluss når det kjem til å rekruttera unge.

Nicolai (18) kan bli andre vara

Senterpartiet kan skilta med ein toppkandidat under 30 år, Marit Knutsdatter Strand (28), som allereie sit på Stortinget for Oppland.

Regjeringspartiet Høgre har på si side to listetoppar under 30 år til stortingsvalet hausten 2021. Vetle Langedahl (24) er toppkandidat for Finnmark Høgre, medan Erlend Svardal Bøe (28) er førstekandidat i Troms.

I andre enden av landet er Nicolai Østby (18) fjerdekandidat for Høgre i Vest-Agder. Då han fekk plasseringa var han berre 17 år gamal, og om partiet hans gjer eit godt val kan han bli andre vara og få innkalling til Stortinget.

Fylkesleiar i Agder Unge Høgre, Nicolai Østeby, trur ungdomspolitikarar har mykje nyttig erfaring som kjem godt med i toppolitikken. Foto: Privat

– Eg føler på eit spesielt ansvar, ikkje berre for partiet, men òg barn og unge, som veldig lenge har vore sterkt underrepresenterte i folkevalde organ, spesielt på nasjonalt nivå.

Det seier Nicolai Østeby på telefon til Framtida.no.

18-åringen trur og håpar unge kandidatar kan hjelpa Høgre å nå ei veljargruppe som dei tradisjonelt har slite litt med å engasjera i valdistriktet hans.

Mykje av grunngjevinga for nominasjonen av den den gong 17 år gamle politikaren var at partiet ynskjer å satsa på unge talent.

– Det synest eg er eit veldig sterkt signal frå eit parti. Det sit ganske langt inne, ikkje berre det å gje den tilliten til så unge folk, men det står òg respekt av å tora å satsa på unge kandidatar, seier Østeby.

Fjerdekandidaten til Høgre i Vest-Agder, Nicolai Østeby, brukar mykje av fritida på politikk. Foto: Privat

Betent tema i nominasjonsprosessen

Den engasjerte 18-åringen er glad for tilliten frå partiet og brukar no all si fritid på politikk, men han har òg opplevd politisk motstand på bakgrunn av alderen.

– Absolutt. Det her var eit veldig betent tema i nominasjonsprosessen, men i partiet har me hatt såpass respekt for kvarandre at eg opplever at det viktigaste har vore kunnskapen og det eg kan bidra med, seier 18-åringen.

Østeby er i dag fylkesleiar for Agder Unge Høgre og har sete eit år som ungdommens ordførar i heimbyen Kristiansand, som betyr at han òg har sete i bystyret.

Om innkallinga til Stortinget kjem ein dag så trur Østeby at han hadde hatt litt problem med å fatte det.

– Det hadde vore utruleg gøy, men òg eit viktig signal til mange barn og unge at det er mogleg å få representasjon på eit såpass høgt nivå. Det er mogleg å få ungdomspolitikarar inn i maktposisjonar, utan å virke maktkåt, men det handlar om representasjon og å føle seg sett og høyrt, seier Østeby.

18-åringen meiner likevel at unge ikkje skal verte nominerte på bakgrunn av alder åleine, på same måte som alder ikkje skal vera ein ekskulderande faktor.

– Det å satsa på unge skal ein først og fremst gjera fordi dei har kunnskap og erfaringar som er nyttige, seier 18-åringen, som peikar på at mange unge har ei solid erfaring frå ungdomspolitikarar, som ein del eldre politikarar ikkje har.

21 år gamle Oda Sofie Pettersen er førstekandidat i MDG Agder, som stiller felles liste til stortingsvalet. Foto: Jonas Stefan

– Ironisk om me ikkje satsa på den generasjonen

Ein annan som knivast om tittelen yngste på Stortinget er 21 år gamle Oda Sofie Pettersen, som er førstekandidat for Miljøpartiet Dei Grøne i Agder.

Miljøpartiet Dei Grøne si stortingsgruppe består i dag av éin representant, Oslo-politikar Une Bastholm. Men, om dei grøne skulle gjera eit brakval i år, kan partiet få ei eksepsjonelt ung stortingsgruppe.

Miljøpartiet Dei Grøne har nemleg fire listetoppar under 30 år, som òg er yngre enn KrF sine kandidatar.

– Eg trur det handlar litt om kva politikk ein har. Når me i MDG har ein politikk der me satsar på å byggje ei framtid for min generasjon, så hadde det vore litt ironisk om me ikkje satsa på den generasjonen, seier Pettersen på telefon til Framtida.no.

Fleire perspektiv

Om partiet hennar kjem over sperregrensa, ser Pettersen på det som ein reell moglegheit å koma inn på Stortinget etter valet.

– Det er noko eg tenkjer mykje på. Det er jo målet. Det er jo draumen å få lov til å fremma norsk politikk og klimapoltikk.

Pettersen har nesten to års erfaring frå fylkestinget, men også ho kjenner på eit stort ansvar og ei ærefrykt over å skulle representera sin generasjon.

21-åringen er likevel ikkje i tvil om at unge kjem med viktige bidrag i politikken, i form av nye perspektiv.

– Om politiske parti berre satsar på menn på 50, vil dei tolke verda på ein måte som ikkje nødvendigvis er riktig for alle demografiske grupper. Unge har vore underrepresentert ekstremt lenge, difor er det på sin plass at dei får plass i fleire parti i fleire ulike valdistrikt, seier Pettersen, som trur det vil verte eit godt Storting etter årets val.


Aina Nilsen (24) er vald som ny ordførar i Hadsel kommune. Foto: Privat