Rapport om helsesjukepleiarar i skulehelsetenesta og helsestasjonar
- 29 % er litt eller heilt einige i at dei opplever å ha tilstrekkeleg tid til å få gjort dei oppgåvene som må gjerast.
- 84 % er litt eller heilt einige i at dei må la vera å gjera oppgåver i løpet av ei veke fordi dei ikkje har tid
- 43 % er litt eller heilt einige i at dei har tid til å gjennomføra alle lovpålagde oppgåver
- 291 helsesjukepleiarar svara på undersøkinga til SINTEF Digital. Les rapporten her!
– Det er fleire kommunar som manglar forståing for korleis me jobbar, seier leiar i Landsgruppa for helsesjukepleiarar, Ann Karin Swang.
I ein ny rapport frå SINTEF, kjem det fram at eit stort fleirtal av helsesjukepleiarane slit med for dårleg tid til oppgåvene sine. Rapporten tilrår staten å laga nye normtal for skulehelsetenesta som tar omsyn til at skulehelsetenesta har fått fleire nye lovpålagde oppgåver.
Landsgruppa for helsesjukepleiarar representerer 4000 helsesjukepleiarar i Noreg.
- Les også: Auka bekymring for einsemd blant unge
– Vond sirkel
Leiaren meiner skulehelsetenesta har hamna i ein vond sirkel som skuldast at det blir utdanna for få helsesjukepleiarar.
– Kommunane får ikkje tak i nok helsesjukepleiarar. Særleg i nord og i distrikta slit ein med å få tak i folk, seier ho.
Ifølgje ei undersøking der Framtida.no har spurt elevrådsleiarane på vidaregåande skular, er flest misnøgde med tilgjengelegheita til skulehelsetenesta i nord.
Landsgruppa for helsesjukepleiarar meiner regjeringa må sørgja for at det blir utdanna fleire helsesjukepleiarar og at det blir laga til ei masterutdanning for å utdanna fleire helsesjukepleiarar.
Redda fleire liv – på fritida
Ann Karin Swang fortel òg at fleire kommunar har omdisponert helsesjukepleiarane sine til andre oppgåver i koronatida.
Ho fortel at fleire helsesjukepleiarar har blitt nekta å vera på skulen under nedstengingane og åtvarar mot omdisponera ressursane til skulehelsetenesta under korona.
– Det veldig mange dedikerte helsesjukepleiarar som gjer det dei kan i denne tida, og eg veit om fleire som har brukt fritida si til å følgja opp sårbare elevar som slit. Eg tenkjer at det har berga ein del liv, seier ho.
- Les også om undersøkinga: – Dagens tilbod frå kommunane, er ei mager trøyst. Det er rett og slett skammeleg, seier fylkesleiar for Elevorganisasjonen i Troms og Finnmark.
