Auka bekymring for einsemd blant unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei koordineringsgruppe for sårbare barn og unge har jamleg rapportert til barne- og familieministeren under pandemien.

I deira 11. statusrapport uttrykker gruppa auka bekymring for einsemd blant unge, spesielt dei som bur i område med høgt smittetrykk.

Fryktar dårlegare psykisk helse

Barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad (KrF) deler bekymringa for einsame unge.

– Vi veit at redusert sosial kontakt og einsemd er risikofaktorar som kan føre til dårlegare psykisk helse. Det er ei av årsakene til at vi no har letta opp på dei nasjonale smitteverntiltaka for barn og unge. Gjennom skule og fritidsaktivitetar er det enklare å fange opp barn og unge som slit og gi dei den hjelpa dei treng, seier han i ei pressemelding.

Barnevernet melder om at det no er færre fysiske møte med barn. Samstundes melder fleire barnevernstenester at dei tek imot fleire bekymringsmeldingar enn for eitt år sidan.

Seks tilrådingar for at unge skal få det betre

Med utgangspunkt i erfaringar frå pandemien, statusrapportering og innspel frå brukar- og interesseorganisasjonar, har koordineringsgruppa seks tilrådingar:

1. Kommunar må ikkje leggje unødig strenge tiltak til grunn utover dei nasjonale føringane

2. Utsette barn og unge må oppleve fysisk tilgjengelege tenester

4. Sårbare barn og unge må få eit særskilt tilbod

5. Kunnskapsinnhenting om konsekvensar for tilbodet til barn og unge med funksjonsnedsetjingar

6. Vurdere langsiktige samfunnskonsekvensar av pandemien for barn og unge


Steffen Tvedt Brekke (18) er elevrådsleiar ved Varafjell videregående skole i Haugesund, og meiner lærarane kan leggja meir opp til munnlege samtalar for å kompensera for at det sosiale livet til unge er sett på pause. Arkivfoto: Svein Olav B. Langåker