Elevar reagerer på at munnleg eksamen skal gjennomførast

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me meiner kunnskapsgrunnlaget ikkje er tilstrekkeleg for å kunna gjennomføra munnleg eksamen.

Det skriv elevrådsleiar ved Hersleb videregående skole, Leander Shanti Fjeldstad, i ei pressemelding til Framtida.no.

Elevorganisasjonen fryktar store forskjellar

Leander Shanti Fjeldstad gler seg over nyheita om at kunnskapsminister Guri Melby (V) avlysar dei skriftlege eksamenane for 10.klasse og vidaregåande skule våren 2021, men meiner statsråden òg burde avlysa dei munnlege eksamenane for 10. Klasse og VG3-elevar.

– Tida burde verte brukt på å tetta kunnskapshol ikkje førebu oss til eksamen, skriv elevrådsleiaren.

Kristin Schultz, leiar av Elevorganisasjonen
Foto: Elevorganisasjonen

Her er han på bølgjelengd med Elevorganisasjonen.

Leiar Kristin Schultz fryktar at lokalt gjevne eksamenar, som vert gjennomført ulikt, vil auka forskjellen mellom elevane.

– Det er stor forskjell på måten Sunndalsøra og Bergen vil gjennomføra munnleg eksamen, og lærarar vil vektleggje kompetansemåla annerleis. Me fryktar dette kan gje oss ein situasjon der talkarakteren du endar opp med vil variera stort på bakgrunn av kor du er frå, seier Schultz til TV 2.

Fryktar koronakulla

Trass i at både skuleeigarar, Utdanningsforbundet og Elevorganisasjonen har teke til orde for å avlysa eksamen, er det ikkje alle som gler seg.

Nesten halvparten av norske vgs-elevar får lågare eksamenskarakter enn standpunkt, noko som betyr at dei kan ha eit stort fortrinn i kampen om studieplassane.

20 år gamle Thea Sund Jacobsen seier til VG at avgjersla får konsekvensar for langt fleire enn elevane.

– Eg meiner at det er ekstremt urettferdig om det ikkje kjem nokre tiltak for å kompensera for dette for oss som skal konkurrera om dei same studieplassane, seier Jacobsen til avisa.

Raud Ungdom tvilar på digital munnleg eksamen

Raud Ungdom Alberte T. Bekkhus

Opposisjonen har vore oppteken av å få avlyst eksamen, som Raud Ungdom i utgangspunktet synest er ei avleggs vurderingsform.

Raud Ungdom-leiar Alberte Bekkhus meiner regjeringa har brukt for lang tid på å avlysa eksamen, og er òg spent på avviklinga av munnlege eksamenar.

– Om det er ein situasjon i eksamensperioden der det framleis er høgt smittetrykk ser eg ikkje føre meg at digital munnleg eksamen vil fungera så godt.


Les også innlegget frå Arina (15): «Eg ser på eksamen som ei moglegheit for meg til å vise kva eg får til»

Arina Aamir er nestleiar i Aker Unge Høgre, og saknar elevane si stemme i debatten om eksamen. Foto: Privat