Dette er Erna sine tre moglege koronascenario

Statsminister Erna Solberg vil tilpasse tiltaka framover etter utviklinga av pandemien. Det meste avheng av vaksinasjonen av befolkninga.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Då regjeringa presenterte den nye økonomiske krisepakken fredag, la statsminister Erna Solberg (H) fram tre ulike scenario for korleis koronapandemien kan utvikle seg vidare.

– Poenget med desse scenarioa er å vise at vi ikkje berre kan leggje éin strategi for korleis vi skal komme ut av denne krisa. Situasjonen endrar seg heile tida, og det gjer òg at behovet for økonomiske tiltak vil endre seg, seier Solberg.

1: Fleire vaksinar

I det mest optimistiske scenarioet vil det vere fleire vaksinar som blir godkjente, og tilbodet frå produsentane blir auka.

– Det vil igjen kunne føre til at alle i risikogruppene får tilbod om vaksine til påske, og resten av den vaksne befolkninga får tilbod om vaksine før sommaren, seier Solberg.

I dette scenarioet blir muterte variantar av viruset haldne under kontroll, og vaksinane verkar positivt på infeksjon og smittsamheit.

– Utviklinga er lovande i heile Europa, og i beste fall kan dei fleste smitteverntiltak avviklast før sommaren, seier Solberg.

2: Muterte variantar får fotfeste

I mellomscenarioet vil det vere vaksineleveransar som blir forseinka. Det medfører at risikogruppene får tilbod om vaksine før sommaren og resten av den vaksne befolkninga før årsskiftet.

Samtidig får muterte variantar av viruset fotfeste, men dei blir haldne under kontroll gjennom testing og smittesporing.

– Nokre av smitteverntiltaka kan avviklast frå i sommar, men mange må behaldast utover hausten. Alle smitteverntiltak kan avviklast ved årsskiftet, med nokre unntak, seier Solberg.

3: Oppslutninga om smitteverntiltaka går ned

I det mest pessimistiske scenarioet klarer ein ikkje å få vaksinert mange nok til at det er mogleg å avvikle smitteverntiltaka gjennom året. Det kan anten vere fordi produsentane ikkje klarer å levere nok vaksinar eller fordi nye virusvariantar gjer vaksinane ineffektive.

– Då kan vi oppleve at folks oppslutning om smitteverntiltaka minkar. Kommunar og sjukehus kjem under eit stort press, og det blir nødvendig med nye, omfattande tiltak regionalt eller nasjonalt, seier Solberg.

Ho seier at ho forstår at bransjar vil ha meir føreseielege vilkår i denne situasjonen.

– Men situasjonen er uføreseieleg, og derfor har vi utvikla fleksible verktøy som kan tilpassast utviklinga, seier statsministeren.


Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash