Desse veljarane er mest skeptiske til koronavaksinen

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei undersøking som Helsedirektoratet gjorde i første veke av januar viste at 83 prosent er positive til å ta koronavaksinen.

Dette er 10 prosentpoeng meir enn det tal frå Institutt for samfunnsforsking (ISF) viser. Der svarer 73 prosent at dei er positive, skriv Vårt Land.

Dag Wollebæk ved Institutt for samfunnsforskning (ISF). Foto: ISF

Politisk protest

I ISF-undersøkinga kjem det òg fram at veljarane til spesielt Frp og KrF er skeptisk til å ta vaksinen.

– Det er ein større del som totalt avviser vaksine i Frp og KrF. Dei ønskjer ikkje å ta vaksinen, og for nokre kan det verke som det er ein politisk protest. Mange av dei som ikkje vil ta vaksine er òg imot smitteverntiltaka, seier Dag Wollebæk, ein av forskarane bak rapporten frå ISF.

I Frp er det 26 prosent som svarer at det er «nokså usannsynleg» eller «svært usannsynleg» at dei vil ta vaksinen. I KrF er det 36 prosent som svarer det same.

Til samanlikning er det 20 prosent i Raudt og Sp som svarer det same, og 14 prosent i MDG. I Ap er delen 12 prosent, i Høgre 11, i SV 8 og i Venstre berre 2 prosent.

Vil du ta koronavaksinen?

Vil du ta koronavaksinen?

Ja, sjølvsagt!95
Nokså sannsynleg12
Lite sannsynleg13
Nei, det er uaktuelt6
Svar totalt: 126

 

ISF gjer merksam på at delen KrF-veljarar som har svart i undersøkinga er veldig låg.

Samla sett er det berre 8 prosent som seier det er «svært usannsynleg» at dei vil ta vaksinen. Mange av desse har det til felles at dei har liten tillit til styresmaktene, at dei meiner situasjonen rundt viruset er overdriven og at dei held seg til alternative medium.