Vaksineorganisasjonar nominerte til Nobels fredspris

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortingspolitikar Carl-Erik Grimstad (V) meiner vaksineselskap fortener fredsprisen. Foto: Stortinget

Det er stortingspolitikar Carl-Erik Grimstad (V) som har nominert organisasjonane. Han ser på dei som representantar for forskarane som har utvikla koronavaksinar.

– Denne nominasjonen er det sterkaste freds- og fridomsprosjektet eg kan tenkje meg i den situasjonen verda har vore i det siste året. Pandemien har ført til eit tidlegare nærast utenkjeleg samarbeid mellom konkurrerande vitskaplege miljø om utvikling av legemiddel. CEPI og Gavi har koordinert denne innsatsen, bidrege til finansiering av ei rekkje vaksineprosjekt og til, så vidt vi kan sjå, ei fornuftig prissetjing, seier Grimstad i ei pressemelding.

Han meiner at samarbeida CEPI og Gavi har koordinert, har ført til raskare utvikling av teknologi og testregime.

– Det kjem til å ha stor betydning for legemiddelsamarbeidet i framtida, for vi veit alle at vi før eller seinare kan bli ramma av nye pandemiar.

Vaksinealliansen CEPI har hovudsete i Oslo og vart grunnlagt av Noreg i samarbeid med mellom anna The Bill & Melinda Gates Foundation.

Noreg og The Bill & Melinda Gates Foundation har òg vore blant dei viktigaste støttespelarane til Den globale vaksinealliansen Gavi, som vart oppretta i 2000. Gavi er ei samanslutning av partnarar som inkluderer land, FN-organisasjonar, Verdsbanken, forskingsinstitusjonar, frivillige organisasjonar og privat sektor.