Forskarar: Koronavaksinen kan gi dårleg vern mot mutasjonar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den siste tida har ulike forskingsgrupper testa kor immune folk som anten har hatt covid-19 eller vorte vaksinerte, er mot dei nye virusvariantane.

Sigrid Bratlie har ein PhD i molekylærbiologi frå Institutt for kreftforskning ved Radiumhospitalet i Oslo. Ho har jobba i Bioteknologirådet og er no spesialrådgjevar i Kreftforeningen og i Norsk Landbrukssamvirke. Foto: Kagge Forlag

Vaksinane ser ut til å verke nokså godt mot den britiske varianten, seier molekylærbiolog og spesialrådgivar i Kreftforeningen Sigrid Bratlie til NTB.

– Men for mutasjonane frå Sør-Afrika og Brasil ser ein ein betydeleg svekt effekt av vaksinen og immuniteten. Resultata er bekymringsfulle, seier Bratlie, som viser til to studiar frå høvesvis Rockefellar University i USA og Africa Health Research Institute i Sør-Afrika.

Omgår immuniteten

Studiane tyder mellom anna på at både den sørafrikanske og brasilianske virusvarianten fullstendig slepper unna antistoff frå blodet til folk som tidlegare har vore smitta. I tillegg er personar både i Brasil og Sør-Afrika som har gjennomgått koronasjukdom, vorte smitta på nytt med dei nye virusvariantane.

– Og særleg urovekkjande er det at dei to vaksinane frå Pfizer/Biontech og Moderna som til no er godkjent, ser ut til å bite dårlegare på virus som har desse mutasjonane, seier Bratlie.

Ho understrekar likevel at det førebels er uvisse rundt resultata, og at det dreier seg om laboratoriestudiar som ikkje er fagfellevurdert.

– Vi har ikkje fasiten enno. Det står att å sjå korleis dette verkar på menneske. Immunforsvaret er eit kompleks system, påpeikar ho.

Ny bølgje

Resultata kan bety at sjølv om heile den norske befolkninga blir fullvaksinert, kan vi få ei ny koronabølgje med ein ny virusvariant.

– Det er ikkje usannsynleg at vi får ei blomstring og ei ny bølgje. Virus med dei nye mutasjonane får veldig gode vekstvilkår når det opphavlege viruset er sett ut av spel, seier Bratlie.

– Spørsmålet er på kva tidspunkt det vil skje. Men vi må vere førebudde på dette. Smittesituasjonen vil vere utfordrande ei god stund til, påpeikar ho.

Torsdag bad EUs smittevernbyrå ECDC landa i Europa om å førebu strengare tiltak og auke vaksinasjonstempoet for å trappe opp kampen mot meir smittsame koronavariantar. Mutasjonane som er oppdaga i Storbritannia, Brasil og Sør-Afrika, aukar faren for ei ny smittebølgje.

– Vi ser ei forverring i område der meir smittsame variantar av virus har etablert seg, åtvara ECDC-direktør Andrea Ammon.

Ny vaksine

Om vaksinane ikkje bit på mutasjonane, kan det bli nødvendig for allereie vaksinerte å få ein ny dose med tilpassa vaksine.

Med den nye teknologien som er teken i bruk for å utvikle fleire av koronavaksinane, kan det gå raskt å tilpasse vaksinen til nye virusvariantar.

– Det er ikkje teknologien det står på. Spørsmålet er kor raskt ein er villig til å godkjenne nye vaksinar, seier Bratlie.