Dette elevrådet går foran i kampen mot korona

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 16.01.2022 20:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gjennom komiteen har elevrådet vårt ein unik moglegheit til å gi faglege råd, samtidig som me frontar meiningane til elevane. Det kjem fort nye tiltak og då er det greitt å ha ei engasjert gruppe elevar som følgjer dei opp, seier Leander S. Fjeldstad, elevrådsleiar ved H20 Hersleb videregående skole.

Komiteen skal vera ekspertane i elevrådet på smittevern og skal følgja aktivt med på smittesituasjonen, samt nasjonale og lokale smitteverntiltak. Komiteen skal òg vera til støtte for leiinga i skulen under Covid-19-pandemien.

Svar i prosent

Fleirtal av elevråda har blitt rådført

I ei undersøking som Framtida.no har sendt ut til alle vidaregåande skular i landet, kjem det fram at eit fleirtal av elevrådsleiarane er nøgde med korleis dei har blitt rådført av skulen og rektor om koronatiltak som er innført.

Men éin av fire elevrådsleiarar svarar at rektor og skulen i for liten grad har rådført seg med elevane. 16 prosent av elevrådsleiarane seier at rektor og skulen ikkje har rådført seg med elevrådet når nye koronatiltak er gjennomført.

Undersøkinga vart sendt ut til 340 elevråd og 191 elevrådsleiarar har svart.

Bruker helsefagelevar

Fleire av medlemmane i koronakomiteen til H20 Hersleb videregående skole har bakgrunn som helsefagarbeidarar.

– Skulen har ein stor fordel. Me har mange tidlegare fagutdanna som går påbygg. Dette gjer at me til dømes har helsefagarbeidarar med god erfaring med smittevern, seier Leander S. Fjeldstad, elevrådsleiar ved H20 Hersleb videregående skole.

Eitt konkret tiltak komiteen har fått gjennom er at lærarane bruker antibac på dørhandtaka til klasserommet før og etter timen startar.

Sjølv tar 20-åringen no påbygg etter han har fått fagbrev som kontor- og administrasjonsmedarbeidar ved Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

I kontorfaget ligg det mykje forståing av lovverket og ein lærer mykje om korleis skriva gode saksdokument. Skulen har òg linje for Helse- og oppvekstfag.

– Dette gjer at me har fleire kloke hovud å velja frå, med mykje kunnskap om korona og smittevern. Det er denne kompetansen me nyttar oss av i elevrådet sitt arbeidd knytt til pandemien, seier Fjeldstad.

Les også: Datatilsynet om kamera i digital undervisning: – Må erkjenna at det er ei større belastning

Rozan Bamari og Eirin Opsata er utdanna helsefagarbeidarar og er med i koronakomiteen saman med elevrådsleiar Leander S. Fjeldstad nede til høgre i vindauget. Foto: Skjermdump frå møtet i koronakomiteen tysdag

Får skryt av rektor

Rektor ved skulen Astrid S. Grytte skryt av engasjementet til elevrådet.

– Det er heilt supert at dei har eit sterkt engasjement. Me jobbar veldig med elevengasjement. Det me veit er at dess meir engasjerte elevane er, dess meir trivest dei.

Ho har ikkje høyrt om andre skular der elevane har laga sin eigen koronakomite.

– Det er veldig viktig for oss i leiinga å høyra frå elevane, og ha den løpande dialogen med elevane, seier ho, og legg til at ho skjønar at elevane er sårbare og leie av koronatida.

Uroa over psykisk helse

Skulen er no heilt stengt, og koronakomiteen diskuterte på eit møte tysdag korleis dei kan møta situasjonen dersom skulen blir nedstengd i fleire veker.

Elevrådet er bekymra for den psykiske helsa til ungdom.

– Elevrådet si bekymring for den psykiske helsa til elevar er basert på at fleire ungdom har fått aukande stress i denne perioden, seier Leander S. Fjeldstad.

Skreiv brev til kunnskapsministeren

Elevrådsleiaren er òg bekymra for elevane sitt læringsutbytte av den digitale undervisninga. Elevrådet har laga spørsmål om undervisinga som alle tillitvalde på skulen har spurt klassane sine om.

– Mange lærarar gjer så godt som dei kan, men me vil hjelpa til med å spørja korleis me kan hjelpa dei å bli betre, seier Leander S. Fjeldstad.

Elevrådsleiaren er uroa for at det ser ut til at fleire elevar går ned i karakterar.

– Den digitale undervisninga er ikkje tilstrekkeleg om me skal ha eksamen til våren.

Elevrådet sende måndag eit brev til kunnskapsministeren der dei ber om at eksamen blir avlyst.

Elevrådsleiar ved Stord vidaregåande skule, Hannah Hillersøy Resser, og Tobias Eriksen, elevrådsleiar ved Båtsfjord private videregående skole, vil begge avlysa eksamen. Illustrasjonsfoto: Leif Harboe / Flickr / CC BY-NC-ND