Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 05.02.2021 11:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg skal eitt år i Forsvaret først. Planen er å søkje studium no, og så fryse plassen til etter militæret, seier Frøya Karlsen Dallago (18) på telefon til Framtida.no.

Ho er elevrådsleiar ved Thor Heyerdahl vidaregåande skule i Larvik, der ho går sisteåret på studiespesialiserande program med realfag. No sit ho med det vanskelege valet av studium.

Sjølv om vi framleis er i januar, er det ikkje lenge til ein kan byrje å søkje høgare utdanning. 1. februar opnar søknadsportalen, og allereie 1. mars er det frist for nokre søkjarar, medan den ordinære søknadsfristen er 15. april.

Du kan lese meir om viktige søknadsfristar her.

– Litt skummelt

I forkant av søknadsprosessen plar det bli arrangert utdanningsmesser rundt om i landet. Der kan ein få informasjon om ulike studium, og snakke med representantar frå utdanningsinstitusjonane og studia.

I år har derimot koronapandemien sett ein stoppar for slike store arrangement. I staden blir utdanningsmessene haldne digitalt.

– Det er jo litt skummelt å søkje studium no. Det er litt vanskeleg når vi ikkje har fått så mykje informasjon. Vi må delta på digitale utdanningsmesser, og får ikkje møtt personane som snakkar om dei forskjellige retningane vi kan gå vidare, seier Frøya.

Frøya Karlsen Dallago (18) førebur seg til digital utdanningsmesse. Foto: privat

Ho ser for seg å studere noko innan data, matte eller fysikk, men har ikkje heilt bestemt seg for eit konkret studium. Då Framtida.no snakka med Frøya før ho skulle vere med på ei digital utdanningsmesse, trudde ho difor at ho ville ha stor nytte av å delta.

I forkant av messa måtte ho førebu seg ved å sjå på videoar om messa, og registrere interessene sine. Sånn sett trur ho at ho kanskje får enda meir ut av den digitale messa enn om ho berre skulle gått rundt i ein sal.

– Eg får kanskje litt meir informasjon rundt kva eg kan gå til, og blir kanskje meir guida inn på ei retning som passar meg.

Synest du det er vanskelegare å velje utdanning under koronapandemien?

Synest du det er vanskelegare å velje utdanning under koronapandemien?

Ja, eg føretrekker å snakke med skulane ansikt til ansikt11
Ja, eg veit ikkje kva yrke som er lure å velje slik arbeidsmarknaden er no3
Nei, eg veit kva eg skal bli, og har visst det lenge2
Nei, eg likar betre å finne ut av slikt på nett uansett2
Svar totalt: 18

Elevorganisasjonen: – Litt halvvegs

– Vi merkar at når det kjem til utdanningsmesser så har tilbodet til no vore litt halvvegs, seier leiar i Elevorganisasjonen Kristin Schultz på telefon til Framtida.no

Kristin Schultz, leiar av Elevorganisasjonen, seier dei har fått tilbakemeldingar om at informasjonen på dei digitale utdanningsmessene blir for generell.
Foto: Elevorganisasjonen

Dei tilbakemeldingane Elevorganisasjonen har fått frå elevar, går på at universitet og høgskular har spelt inn ein generell video, der det ikkje er så mykje spesifikt om sjølve studiestaden eller tilbodet.

– Så det er mange som opplever å få veldig lite ut av den digitale utdanningsmessa som det er lagt til rette for no, seier ho.

Elevorganisasjonen meiner det burde bli lagt til rette for meir interaktive opplegg, slik at fleire elevar kan stille spørsmål og snakke meir spesifikt om moglegheitene ved kvar einskild studiestad.

Kan chatte med skulane

Dagleg leiar i utdanningsmessa «Utdanning & Karriere» Bernt Roarsen svarar på kritikken frå Elevorganisasjonen.

– Messa er lagt opp slik at filmar og presentasjonar gir generell informasjon. Elevane kan i tillegg besøke dei digitale standane til kvart skuletilbod, skriv Roarsen i ein e-post til Framtida.no.

Slik ser startsida på den digitale utdanningsmessa «Utdanning & Karriere» ut. Skjermdump tautdanning.no

Han fortel at elevane kan følge opp med å stille spørsmål via chat eller videosamtalar, og be om meir informasjon om det einskilde tilbodet når messa er “live”.

På den digitale utdanningsmessa kan ein møte utstillarar frå norske og internasjonale universitet, høgskular, fagskular og private skular, samt folkehøgskular, vidaregåande skular, opplæringskontor, ulike organisasjonar og verksemder.

På nettsida tautdanning.no står det at dei ventar om lag 80 000 førehandspåmelde deltakarar.

– Det er fleire førehandspåmelde besøkande enn nokon gong. Det heng nok saman med at ein kan delta utan å reise, og at ein kan delta både om ein er heime eller på skulen.

Sikrare no

– Først var det mest generell informasjon, men i samtalar med dei ulike personane kunne ein gå meir i djupna, fortel Frøya Dallago etter å vore med på den digitale utdanningsmessa.

Ho føler seg sikrare på kva ho vil studere etter messa, og seier ho i videosamtalar fekk svar på ting ho ikke hadde funne ut på nett.

– Eg kunne tenkje meg å søkje vidare i Forsvaret, NTNU eller Noroff.

Sjølv om ho synest det var eit bra alternativt opplegg, er ho likevel litt kritisk til at det er opp til kvar einskild elev å vise interesse.

– Det er ikkje alle som tør å ta kontakt på chat eller videosamtale. Det kan være litt vanskeleg og utanfor komfortsona, det merkar eg òg sjølv.

På den andre sida synest ho det er postitivt at ein kan ha samtalar éin-til-éin, i staden for å gå rundt i grupper på den fysiske messa.

Ser koronaeffekt

Framtida.no har i ei undersøking spurt elevrådsleiarar over heile landet om pandemien har påverka tilgangen til informasjon om yrkesval- og utdanning i skulen. 340 elevrådsleiarar blei spurde, og 185 har svara på undersøkinga.

Ifølgje undersøkinga meiner eit fleirtal av elevrådsleiarane at korona har påverka informasjonstilgangen.

 


Fulltidsstudent Mina Edvardsen kunne fint ha kome seg til Universitetet i Stavanger, men taklar studiane mykje betre frå heimekontor. Foto: Privat

Utdanningsmessa «Utdanning & Karriere»

  • «Utdanning & Karriere» er ei av dei største utdanningsmessene, og er i år digital
  • Landet er delt inn i seks ulike regionar:
    • Austlandet 1 (Viken) veke 2
    • Sør-Noreg (Agder, Vestfold og Telemark) veke 3
    • Vest-Noreg (Vestland, Rogaland) veke 4
    • Midt-Noreg (Trøndelag, Møre og Romsdal, Innlandet) veke 5
    • Nord-Noreg (Troms og Finnmark, Nordland) veke 6
    • Austlandet 2 (Oslo) veke 7
  • Den digitale messa er berre bemanna i skuletida
  • Den digitale messa har to delar:
    • I del 1 gjer du deg kjend med plattforma og planlegg besøket ved å registrere opplysingar og interesser.
    • Del 2 er sjølve messebesøket, der du får chatte med utstillarar, innhente informasjon, sjå informasjonsvideoar og få med deg nyttige webinar.