Ber regjeringa avlyse eksamen: «Fleire elevar sit med ein klump av usikkerheit i magen»

Maja Cvetkovic (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Fjernundervisning kjem aldri til å kunne erstatte den klassiske undervisninga i klasserommet. Det er difor på tide at regjeringa og Guri Melby avlyser eksamen!

Det er ikkje rettferdig at elevar som har «pendla» mellom fjernundervisning og fysisk undervisning skal stille opp til skuleeksamen denne våren. Eksamen er inga rettferdig vurderingsordning, då det er mange studentar som ikkje har fått mogelegheita til å delta digitalt. Blant anna fordi det ikkje er mange som har gode nok ressursar heime, anten det gjeld utstyr, internettilgang eller hjelp.

Då regjeringa òg vel å kutte 10 millionar kroner i digital undervisning, ja, då veit ikkje eg korleis kunnskapsministeren meiner at vi skal stille til eksamen denne våren.

Sjå elevane

Det å avlyse eksamen no vil hjelpe lærarane med å hjelpe elevane forbetre standpunkt. Det vil òg senke presset på lærarane for å gjennomføre pensum ved hjelp av fjernundervisning. Det er viktig å gje lærarane den beste mogelegheita til å sjå elevane, og hjelpe dei. Ofte er det å stresse seg gjennom pensum for å stille til eksamen til våren, det som skjer.

Guri Melby og regjeringa, sjå elevane betre!

Guri Melby og regjeringa, sjå elevane betre! Skulekvardagen er ikkje lik som før Covid-19. Skulekvardagen har gjeve meir press og urettferdig gjennomføring av skulekvardagen som alle kjenner. Der dei elevane som slit vert pressa endå meir til å følgje meir med. Berre fordi Guri Melby meiner at eksamen skal verte gjennomført.

Det er rett og slett urettferdig.

Ikkje all undervisning kan skje digitalt

Fleire elevar over heile landet sit med ein klump av usikkerheit i magen, om eksamen vert gjennomført eller ikkje. Eg, som elev, må seie at dette er bekymringsfullt. Då eg og fleire elevar veit at vi ikkje har hatt gode nok undervisningstimar på Teams eller andre plattformar.

Det er ikkje fordi læraren er sløv, men fordi undervisninga ikkje kan skje digitalt.

Det vil seie at ikkje alle elevar kan verte underviste digitalt. Vi kan til dømes nemne eitt av faga eg har, som er økonomi. Det er eit av dei vanskelegaste faga som kan verte undervist i digitalt, når det vert teke i bruk fleire plattformar på ein gong. Læraren sjølv synest det er ein vanskeleg jobb, då dei ikkje får hjelpt kvar enkelt elev som dei får i klasserommet.

Fleire elevar over heile landet sit med ein klump av usikkerheit i magen

Når regjeringa vel å stenge skulane, vert fleire og fleire oppgåver lagde til lærarar, elevar og føresatte. Eg vil tru at alle elevar ville hatt godt av at kunnskapsministeren går ut og avlyser eksamen, av fleire grunnar. Ein av dei er at presset som lærarane allereie er pålagde av pandemien vert senka av avlysinga, og det vil då hjelpe læøraren med å hjelpe eleven med å få ein betre standpunktkarakter.

Det at Unge Høgre står på sitt og nektar å avlyse eksamen er berre dumt og meiningslaust. For det første så lyttar dei då ikkje til Elevorganisasjonen som er elevens talsperson, men dei lyttar heller ikkje til Skolens landsforbund. Der har dei ein stor jobb å gjere.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Ola Svenneby frå Våler i Hedmark vart ny leiar i Unge Høgre etter eit dramatisk landsmøte der Amalie Gunnufsen var innstilt som ny leiar på førehand.Foto: Unge Høyres Landsforbund / NTB