Melby ber elevar og lærarar førebu seg på eksamen til sommaren

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er viktig at både elevar og lærarar førebur seg på at det blir eksamen, for det er avgjerda foreløpig, understrekar kunnskapsminister Guri Melby (V) til NRK Kveldsnytt.

Kunnskapsministeren forklarar vidare at dei har bede Utdanningsdirektoratet om å gjere ei vurdering både av korleis eksamen kan gjennomførast og om han bør gjennomførast, men kan ikkje svara på kva tid denne er ferdig.

Elevorganisasjonen: – Avlys eksamen

Denne veka gjekk landets ungdoms- og vidaregåande skular ned frå raudt til gult nivå, noko som inneber at elevane kan koma på skulen som vanleg – med éin meters avstand.

Høgare lokalt smittenivå og utbrot kan likevel føra til at nokre skular må driva på raudt nivå, der elevar må vere i mindre grupper og det kan vere aktuelt med ulike oppmøtetider.

Kristin Schultz, leiar av Elevorganisasjonen
Foto: Elevorganisasjonen

Allereie før jul tok Elevorganisasjonen til orde for å avlysa eksamen i vidaregåande skule til sommaren. Dei har samla inn over 66.000 underskrifter i eit opprop til Guri Melby, Kunnskapsdepartementet, regjeringa og Utdanningsdirektoratet.

I Kveldsnytt viser leiar i Elevorganisasjonen Kristin Schultz til at elevar i kommunar med raudt smittenivå har veksla mellom heimeundervisning og skuleundervisning, noko ho meiner har ført til store faglege hol i undervisninga.

– Me meiner det einaste ansvarlege å gjere på dette tidspunktet er å avlyse eksamen, understrekar ho.

Unge Høgre og FpU vil ha eksamen

Elevorganisasjonen får støtte av fleire ungdomsparti. Både AUF, Sosialistisk Ungdom og Raud Ungdom tok til orde for å avlysa sommarens eksamen allereie før jul, medan FpU og Unge Høgre meinte det motsette.

– Eksamen er ei viktig førebuing for livet etter vidaregåande. Vi bør derfor gjere det vi kan for at eksamen blir gjennomført, sa Unge Høgre-leiar Ola Svenneby.


Arina Aamir er nestleiar i Aker Unge Høgre, og saknar elevane si stemme i debatten om eksamen. Foto: Privat