«Vi lever i ei tid der det er dei unge som tek ansvaret»

Julie Rødje
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Klimastreik og skulestreik har blitt ord dei fleste kjenner.

Streik har vore eit viktig politisk verkemiddel sidan den industrielle revolusjonen. Det har gitt oss ei rekkje politiske gjennomslag vi i dag tek for gitt, og har vore eit viktig supplement til stemmeretten som politisk verktøy.

Ingen stemmerett, men ei stemme

Mange unge har ikkje stemmerett, og har på den måten færre moglegheiter til å delta i demokratiet. Dette trass i at vi må leve lengst med konsekvensane av politikken som vert ført.

Klimaendringane og naturøydeleggingar råkar unge hardest. Mange av dei fatale konsekvensane er også umogleg eller svært mykje dyrare å endre i ettertid. Ein heil generasjon kan ikkje lenger bli oversett.

20. august 2018 streika Greta Thunberg for første gong utanfor den svenske riksdagen.

Skulestreik for klima spreidde seg raskt over heile verda, og tusenvis byrja å følgje i hennar fotspor.

22. mars 2019 var den første ordentleg store streiken i Noreg. Vi høyrdest, men vart ikkje lytta til. Gjennom heile 2019 tok titusenvis av unge i Noreg og millionar i verda til gatene. Med oss hadde vi plakatar som kravde handling no, systemendring, ikkje klimaendring, og minna politikarar på at vi berre har ein klode og ingen planet B.

Arkivbilete frå skulestreiken for klimaet fredag 24. mai 2019. Foto: Mateo Jimenez Tilrem

Ei historisk tid

Tida vi lever i er historisk. Og ikkje berre på grunn av korona eller storming av kongressen i USA. Men fordi vi lever i ei tid der det er dei unge som tek ansvaret, og kor vi faktisk kan endre kurs.

Vi skulle sjølvsagt ønskje vi ikkje måtte ta dette ansvaret

Vi skulle sjølvsagt ønskje vi ikkje måtte ta dette ansvaret. At noko hadde blitt gjort for lenge sidan. For ja, jo lengre tid det går, jo vanskelegare blir jobben. Men når verdas leiarar trur at det ikkje er deira ansvar å sikra miljøet og med det vår tryggleik, så bør vi alle vere sjeleglade for at dagens unge har klart å skapa vår tids største mobilisering.

Det siste året har vi ikkje kunne ta til gatene. Men vi har likevel sagt tydeleg ifrå. For ei krise erstattar diverre ikkje ei anna.

På den positive sida gir det oss ei moglegheit til å omstrukturere samfunnet. Vi må byggje eit sosialt og miljømessig berekraftig samfunn, som ikkje prioriterar oljenæringa eller flyselskapa.

Feilslått og farleg politikk

Vi kan ikkje la så avgjerande politikk, som vår og framtidas generasjonar sin rett til liv, vere opp til verken enkeltindivid eller marknaden. Då vert lite løyst. Det krevst politisk styring og vilje til å sjå heilskap.

Som Greta, i filmen GRETA som ligg ute på NRK nett-tv, tydeleg påpeikar må vi endre kurs, og det må skje no.

Vi slepper stadig ut meir CO2, utryddar arter i rekordfart, forsøplar hav og land, og brukar opp verdas ressursar som om det ikkje var nokon morgondag.

16 år gamle Greta Thunberg på den 15 dagar lange seglturen frå Europa til New York, som er ei viktig ramme rundt filmen. Foto: HULU

Å overlata styringa til marknaden er å overlata styringa til dei som tener pengar på utslepp og forsøpling. Det er både feilslått og farleg politikk. Det er å spelle russisk rullett med våre liv.

Økonomisk vekst + miljøøydelegging = sant

Noreg har historisk, og bidreg også i dag, til ein uforholdsmessig stor del av overbruk av naturressursar og klimagassutslepp. Vi har tent oss rike på kostnad av andre menneske.

Vi lever i eit system som legg sine premiss i at vår verdi og naturens verdi berre er gyldig om den kan reknast om til kroner.

På fredag kom regjeringas Klimamelding som viser planen for å nå fastsette klimamål innan 2030.

Solberg og regjeringa påstår nemleg at økonomisk vekst er ein føresetnad for utvikling

Vi treng ein slik plan. Diverre byggjer den på eit vanskeleg premiss for å få til dei naudsynte tiltaka. Solberg og regjeringa påstår nemleg at økonomisk vekst er ein føresetnad for utvikling. Dette trass i at all empiri viser at økonomisk vekst og miljøøydelegging heng saman som erteris.

Det vanlege spørsmålet

Både Greta og vi andre unge miljøaktivistar blir ofte møtte med spørsmål om vi sjølv er villige til å gå ned i livskvalitet. Som om livskvalitet berre er synleg på kontoutskrifta.

Heldigvis veit vi at livskvalitet handlar om så mykje meir. Det handlar om solidaritet, med menneske over heile verda, og med framtidas generasjonar.

Diverre har ideen om evigvarande økonomisk vekst blitt sett nærmast som ein naturlov for det ultimate mål. Dette er eit farleg sidespor.

Vi er nøydde til å få ein heilskapleg politikk som set miljøet, og med det både klima og natur, i sentrum.

Berre då kan vi sikre menneske trygge, gode liv og det som er reell livskvalitet.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Solveig Halvorsen miste far sin, Tor Elling, i desember 2019. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no