Oljeinvesteringane i Noreg auka i pandemiåret

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Investeringane auka dermed med rundt 2 prosent frå året før, sa oljedirektør Ingrid Sølvberg i den årlege oppsummeringa si av aktiviteten på norsk sokkel.

– Investeringane i fjor var framleis på det same høge nivået som dei førre åra, trass i oljeprisfall og ein pandemi. Og medan investeringane i petroleum elles i verda vart betydeleg redusert i fjor, så ser vi eit heilt anna bilete på norsk sokkel, sa Sølvberg.

– Det fortel oss at norsk sokkel har greidd seg bra gjennom annleisåret 2020.

I år blir det venta investeringar på rundt 140 milliardar kroner. I 2022 blir dei venta å falle vidare, for så å stige igjen i 2023.

Justerte opp prognosar

Det høge investeringsnivået i 2020 blir mellom anna forklart med at fleire nye felt er under utbygging.

Samtidig får Stortingets krisepakke for oljenæringa ein stor del av æra, og Oljedirektoratet har no justert opp prognosen for investeringar dei kommande fem åra.

– Vi ser effekten av den mellombelse endringa i petroleumsskattlegginga, som fører til fleire nye prosjekt i planleggingsfasen, sa Sølvberg.

Tina Bru, Høgre. Foto: Høgre

Olje- og energiminister Tina Bru (H) er tilfreds.

– Oljeskattepakken har bidrege til å halde optimismen oppe i industrien og gir ein jamnare investeringstakt i år og dei neste åra enn vi elles ville ha hatt, seier ho.

Også Framstegspartiets energipolitiske talsperson Jon Georg Dale jublar.

– Dette bør vere ein vekkjar for alle partia på venstresida som kritiserte tiltakspakken med påstandar om økonomisk sjansespel, seier han.

Oljeinvesteringane auka i 2020. Biletet viser Oseberg-plattforma. Foto: Helge Hansen / NTB / NPK

Politisk bodskap

I presentasjonen av sokkelåret kom òg oljedirektøren med ei politisk åtvaring.

Ho trekte fram utsegner frå sjefen i oljefondet, Nicolai Tangen, som tidlegare i januar påpeika at oljefondet dekte 25 prosent av statsbudsjettet i 2020, og at det under koronapandemien vart brukt 7.000 kroner per nordmann per månad frå fondet.

Ifølgje Sølvberg viser dette kor sentral petroleumsnæringa er for å sikre framleis høge inntekter til fellesskapet.

– Petroleumsnæringa har ei stor og viktig oppgåve i å kommunisere energirealitetane til omverda, inkludert den viktige rolla til olje og gass i energimiksen i mange tiår framover, sa ho.

I januar 2020 ville Kristoffer Gjerstad (15) og Daniel Hagen (15) frå Tysnes satsa på ein jobb i olja. Foto: Svein Olav B. Langåker

Store ressursar står att

Dei næraste åra er det venta aukande oljeproduksjon.

I 2020 bidrog spesielt oppstarten på Johan Sverdrup-feltet til dette, og i åra fram mot 2024 er det venta at produksjonen vil halde fram med å auke, både på grunn av Johan Sverdrup og fordi det er venta oppstart på fleire mindre felt, mellom dei Johan Castberg.

Det var det planlagt rundt 50 leitebrønnar i 2020, men berre 31 vart påbyrja. I desse vart det gjort 14 funn – sju i Nordsjøen og sju i Norskehavet. Andre er skovne ut i tid, hovudsakleg på grunn av koronapandemien.

Oljedirektoratet ventar at 40 leitebrønnar vil bli bora i år.

Ved årsskiftet var 90 felt i produksjon på norsk sokkel. Fire nye vart sette i drift i fjor: Tor, Skogul, Ærfugl og Dvalin.


Les også: Miljøorganisasjonane tapte klimasøksmålet i Høgsterett

Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU