Identitet

«Då eg skulle finna meg sumarjobb, var det ingenting her som freista»

Då ho var yngre, syntest Gjøa at dette med sumarjobb høyrdest veldig stas ut. Men det viste seg å vere eit slit.

Gjøa Holmefjord
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Å bli eldre betyr ikkje berre at du blir meir sjølvstendig. Det betyr også at du får eit økonomisk ansvar og ikkje lenger alltid kan støtta deg på foreldra dine. 

For dei fleste av oss som framleis går på skule betyr dette ein ting. Me må skaffa oss sumarjobb.

Då eg var yngre syntest eg at sumarjobb høyrdest veldig stas ut. Å få seg sumarjobb var eit teikn på at du var blitt vaksen.

No, når eg er eit par år inn i sumarjobbkarrieren min, har det vist seg å vera eit slit. Ikkje nødvendigvis fordi eg må jobba om sumrane, men mest fordi det her på bygda er lite å velja mellom.

quote-left

«Du har ikkje vurdert å jobba på gamleheimen då?»

quote-right

Her eg bur, har eg erfart at sumarjobbane som er tilgjengelege kan delast i fire kategoriar. Når eg tidlegare har snakka om sumarjobb med vaksne i bygda får eg som oftast høyra: «Du har ikkje vurdert å jobba på gamleheimen då?». Dette er den fyrste kategorien, helsesektoren. Og når eg seier at, «Nei eg trur ikkje det passar meg so bra», fortel dei om nokon som hadde høyrt frå nokon andre igjen at kanskje det var bruk for hjelp på butikken. Mine damer og herrar, kategori to: butikkmedarbeidar.

No er det ikkje alle som ynskjer å ha jobbar der du alltid må forhalda deg til andre menneske. Frykt ikkje, me har løysinga for deg! Har du lyst å klyppa plen og måla husveggar dag inn og dag ut i seks veker? Då finn du kanskje ein jobb som passar deg godt i kategori tre: driftsmedarbeidar.

Her i kommunen har me også eit spesialtilbod for dei særs interesserte, nemleg kategori fire: jobb på fiskeoppdrettsanlegg.

Det er også verdt å nemna at desse jobbane er tilgjengelege for dei som bur i nærleiken, eller dei som er over atten og har sertifikatet. Bur du i ei av dei meir avsidesliggande bygdene eller er utan sertifikat, blir jobbjakta med eitt mykje meir komplisert og alternativa færre.

Om me ikkje reknar med dette med avsidesliggande bygder og går ut i frå at du har sertifikat og bur sentralt, har du jo fire flotte alternativ her, vil du ikkje seia deg einig? Ein kan jo ikkje protestera på det.

Men då eg skulle finna meg sumarjobb, var det ingenting her som freista. Eg kunne ikkje sjå for meg at eg kom til å gleda meg til jobb om eg skulle jobba med noko innan dei fire kategoriane.

No tenkjer du kanskje at det ikkje er meininga å gleda seg over sumarjobben sin. Den har du berre for å tena pengar so du har litt på sparekontoen når skuleåret startar opp att. Og kanskje har du rett. Men eg synest det er litt trist å bruka heile sumaren på ein jobb du ikkje likar. Jo, du tener pengar, men trivsel er også viktig.

Heldigvis for meg var det eit val eg gjorde som fjortenåring som redda meg då eg blei sytten. Her i kommunen har me arbeidsveka på slutten av niande klasse. Det er litt med den som med sumarjobben, du vel noko som er ok å halda på med i ei veke, som å jobba på fiskeoppdrettsanlegg eller i barnehage. Då eg sette meg ned for å finna ut kva eg ville i arbeidsveka, såg eg fyrst på interessene mine og på kva eg kunne likt å prøva. Til slutt enda eg opp med arbeidsveke i lokalavisa her heime. Eg likte å skriva og tenkte at det var ei spanande erfaring å ha med seg.

Det hende at eg fekk eit par helgeoppdrag i ny og ne dei følgande åra. Og då eg tre år seinare følte meg stor nok til å skaffa ein sumarjobb, tok eg kontakt med lokalavisa og spurde om jobb der.

For meg vart arbeidsveka i niande løysinga på sumarjobbproblemet som dukka opp seinare. Eg fekk ein sumarjobb som eg syntest var kjekk å halda på med, og det gav meg erfaringar innan eit fagfelt eg syntest var spanande.

Og hadde den store draumen min vore å jobba innan helsesektoren, so hadde nok ikkje ei arbeidsveke og påfølgjande sumrar på sjukeheimen vore so dumt.

Det treng heller ikkje vera ein samanheng mellom arbeidsveka, sumarjobb og seinare yrkesval. Men eg vil oppmoda dei som kan om å tenkja litt over kva jobbar du leitar etter no medan du går på skulen. Kanskje finst det ein sumarjobb der ute som gjer at du får ein fot innanfor det feltet du ynskjer å arbeida i seinare.

Det skadar i alle fall ikkje å skaffa seg litt kontaktar.