Solveig (23): «Pappa og eg pleidde å gå på skøyter kvar julaftan, men eg får gå åleine no» 

Debatt
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Adventstid, julehandel, bakst, gløgg og glede – alle ting eg pleidde å forbinde med jul, ting som no følest som fjerne minner og bisarre tidsfordriv. For dei fleste byrjar juleførebuingane i november ein gong. Slik pleidde det å vere også for meg, før ein kald novemberkveld i fjor, då livet mitt vart snudd på hovudet.

I ei tid der familie og samvær står i fokus fekk vi vete at pappa var teminal etter å ha vorte diagnostisert med blindtarmskreft året før, og han ville ikkje leve til jul.

Søstera mi og eg la frå oss eksamenar og jobb for å reise heim til pappa og vere den siste tida med han. Rolege adventskveldar vart bytta ut med vakenetter, turer på julemarknad med hyppige turar fram og tilbake til sjukehuset, og høgtidsplanlegging vart bytta ut med gravferdsplanlegging.

Ein dag vi hadde fått til eit lite avbrekk i sjukehuskantina møtte vi på ein kjenning, som sa til oss «der det er liv, er det håp». Nokre gongar stemmer ikkje det.

Rolege adventskveldar vart bytta ut med vakenetter

Dei siste vekene til pappa var faktisk fylt av mange fine augeblikk vi fekk dele med han: Vi mimra over gamle historier, vi koste oss med film og naut kvarandre sitt nærvær.

Innimellom kjendest ting nesten vanleg. 

Systera mi hadde pynta til jul sidan midten av november, for ho ville gjere ting så gledelege dei kunne vere i vår situasjon. Ho ville at jula skulle kome, også til oss. Samstundes var dagane fylde med krevjande og utenkelege oppgåver – å planlegge døden, og kva som skal skje etter.

Éin dag kalla pappa familien inn i stova for å fortelje: «Eg har funne den gravsteinen eg vil ha!» Mykje av gravferda planla han sjølv, for han ønska ikkje å «byrde oss med det ansvaret». Han valde kiste og blomar, og skreiv eit dikt som han ville ha med både i dødsannonsen og på gravsteinen.

«Kista skal vere ubehandla furu, for då føler eg meg meir i eitt med naturen».

Seremonien var han ikkje like interessert i å planlegge, for han var ikkje overtydd om at nokon kom til å stille opp. Eg skulle ynskje han kunne sett heile Asker kyrkje, full av familie, naboar og vennar frå nært og fjernt som kom for å ta farvel.

Pappa var ein mann som sette sine spor hjå mange menneske. Ofte veit ein ikkje kor mykje ein betyr for andre.

Pappa døydde i armane våre 3. desember 2019. 

Vi hadde venta heile dagen på transport til hospits, men grunna isdekke på vegen nådde ambulansen aldri fram til oss. Han ville ikkje døy heime, men det var sånn det vart.

Ingen fortel at døden ikkje alltid kjem fredeleg. Vi hadde høyrt om «å sovne inn», men det var ikkje slik vi mista pappa. Han kjempa, han sa han «aldri før hadde vore så sliten», og etter kvart svann han hen framfor auga våre. Før ambulansen rakk å kome. Ingen meir respons. Eg orka ikkje tru på det eg såg.

Du vart eit skal. Det er ikkje deg. Det kan ikkje vere deg. Du er ein annan stad.

Tidleg i desember, og systera mi og eg satt igjen i eit digert, einsamt hus. Kva no? Korleis kjem ein seg vidare? Sakte, men sikkert, byrja det å verte jul rundt oss.

Medan sorga omtrent står stille, går verda merkeleg nok vidare

Juleønske tikka inn og bilete av julebord, store glis og skiferie fylde Instagram-feeden. I mellomtida hadde vi vore oppslukte i ei verd av legar og sjukepleiarar med dårlege nyheiter og strenge beskjedar, morfin-pumper, injeksjonar, velmeinte støtteerklæringar, oppkastbytter, ernæringstilskot, panikk og passivitet. Vi hadde også vore opptekne med å halde hender og ha fine «dette-kan-vere-siste-gang»-samtalar.

Vekene som gjekk med til å planlegge resten av gravferda, informere kjenningar, møte med presten og gravferdsbyrået. For å vere ærleg, vert heile perioden hugsa berre som ei smørje.

Ei lamming greip oss, ikkje-eksisterande appetitt, eg gjekk ned nesten 10 kilo, søvnlause netter fulle av vakne mareritt. Vi var åleine, ja, men vi var saman om det.

Utan systera mi hadde eg ikkje klart meg gjennom denne tida. Det var ei ekstrem kjærleikserklæring å få så mykje styrke av ein som også hadde nådd botnen.

Medan sorga omtrent står stille, går verda merkeleg nok vidare.

Tradisjonar er ein viktig del av alle høgtider. No er det snart jul igjen – men denne jula vert uvanleg for dei fleste av oss.

Sjølv skal eg ta vare på dei fine tradisjonane eg kan ta vare på, innanfor koronapandemien sine rammer.

Pappa og eg pleidde å gå på skøyter kvar julaftan, men eg får gå åleine no.


Les også intervjuet om det alternative juleheftet, som vart sett saman på berre ein månad: – Eg tenkte at jula er ikkje for meg, fortel Samir Madad

Samir Madad (25) og Solveig Halvorsen (23) er to av bidragsytarane i det nye juleheftet Tid for jul. Foto: Privat. Kollasj: Framtida.no