Politikk og samfunn

Risikoen med ei laus kanon i Det kvite huset

Uttalane til Donald Trump om Europa, Nato og krigen i Ukraina vekker bekymring, skriv Caroline Louise Wiig, sentralstyremedlem i Bergen FpU.

Caroline Louise Wiig (16 år)
Sentralstyremedlem Bergen FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Med den moglege returen til Trump i 2024 må vi vurdere nøye korleis uttalane og leiarstilen hans kan påverke den allereie svært spente verdssituasjonen. Dei oppsiktsvekkande kommentarane til Trump, spesielt om amerikansk involvering i europeisk tryggleik, sender bekymringsfulle signal om ei mogleg farlegare framtid. Å ha ei laus kanon på dekk som president er det siste USA treng i ei tid prega av aukande global uvisse.

Uttalane til Trump er ikkje akkurat overraskande, då vi har høyrt dette før. Men no, i ei tid prega av krig i Europa, blir det heile, om mogleg, meir alarmerande. Ifølge Trump sjølv meiner han at det ikkje hadde vorte krig i Ukraina viss han framleis var president. Etter invasjonen har han til og med hevda at om det var opp til han sjølv, kunne han ha stoppa krigen på eit blunk. Uansett bør desse påstandane vekke merksemda vår, då dei antydar ei fullstendig uansvarleg tilnærming til verdssituasjonen.

Caroline Louise Wiig. | Foto: Privat

Å erklære at USA ikkje ville hjelpe Europa i tilfelle ein angrepssituasjon, og erklære NATO som «daudt», skapar hos meg bekymring for det internasjonale samarbeidet, stabiliteten og tryggleiken i den no meir utrygge verdssituasjonen vi er i. Dette set jo store spørjeteikn ved den tradisjonelle støtta og solidariteten som vi kjenner og er så altfor godt vane med.

I ei tid kor samarbeid er nøkkelen til å handtere komplekse utfordringar som klimakrisa, demokratisk tilbakegang, flyktningar og kunstig intelligens, er Trump si tilnærming fullstendig øydeleggande.