Politikk og samfunn

«Nav manglar juristar – ein trussel mot rettstryggleik og kvinners helse»

Innbyggjarane sin rettstryggleik blir trua av manglande juridisk kompetanse og kapasitet i Nav, meiner Juristforbundet.

Nestleiar Marcel Stray i studentseksjonen og president Sverre Bromander
Norges Juristforbund
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nav som etat må ha nødvendig juridisk kompetanse tilgjengeleg når enkeltpersonar søker om trygdeytingar. Dei må også evne å formulere seg på ein klar og tydeleg måte slik at innbyggjarane forstår kva dei meiner og kvifor vedtak blir som dei blir.

Det er ikkje situasjonen i dag og mange opplever å få tilsendt uforståelege standardsvar i posten.

Dette skuldast at Nav i dag manglar nok juristar og fokus på formuleringsevne. Kostnadseffektivitet blir dessverre ofte prioritert over tilstrekkeleg kapasitet, kunnskap og kompetanse, ikkje minst juridisk kompetanse.

I Noreg er det totalt 264 Nav-kontor. Cirka 80 juristar er fordelt på i underkant av 60 av desse. Det betyr at over 200 Nav-kontor manglar juridisk kompetanse. Dette er ein trussel mot innbyggjaranes rettstryggleik, og ikkje minst kvinners helse. 

quote-left

Over 200 Nav-kontor manglar juridisk kompetanse

quote-right

Dagpengar

Sareedo Adam Roble Ali i Juridisk Rådgivning for Kvinner (JURK) uttalar i Framtida at Nav legg ulovlege dokumentasjonskrav til grunn ved innvilging av trygdeytingar. Dette rammar ifølge ho spesielt kvinner.

Slik vi les ho, er kritikken hennar generell, men vi antek at det er dokumentasjonskrava til å få innvilga dagpengar det først og fremst handlar om.

Viss Nav opererer med eit ulovleg dokumentasjonskrav ved behandling av søknader om dagpengar som spesielt rammar kvinner, så bør styresmaktene gripe inn, ved å sikre nok juristar med god juridisk kompetanse og evne til å kommunisere godt med brukarane. Det er derfor vi også blei svært skuffa då regjeringa ikkje lenger var villig til å satse på juridisk klarspråk i årets statsbudsjett. 

quote-left

Kvinnehelse har i mange år vore underprioritert

quote-right

Rammar kvinner

Nav får regelmessig kritikk for å gi dårlege grunngjevingar for vedtaka sine. Frå befolkninga. Frå pressa. Frå politikarar. Og kva gjer ein då? Jo, då blir det utarbeidd fleire malar og standardsvar, for å vise «handlekraft». I staden for å gi individuelle grunngjevingar slik dei er plikta til etter forvaltningslova.

Alle forstår at malar og standardsvar aldri kan erstatte ein trygg og fagleg kompetent jurist som forstår både juss og menneske. Dessverre rammar dette ofte kvinner. Kvinnehelse har i mange år vore underprioritert. Jussen rundt det heile er kompleks og har vore prega av at regelverket har vore skapt av og for menn.

For å gjere noko med dette har vi tre krav til styresmaktene:

For det første må framtidas juristar sikrast ei utdanning som gir mangfaldsforståing. Dette ved å styrke utdanninga ved dei ulike juridiske fakulteta i Noreg. Styrke studiestadane sine fag- og forskingsmiljø. Også på kvinnerettens område.

For det andre å sikre nødvendig juridisk kompetanse i Nav. 

For det tredje må regjeringa ved den vidare behandlinga av kvinnehelseutvalets rapport, behandle kvinners helse som det det er; eit rettsspørsmål.

Med likskap for lova.