...for å overtyde ho om å stille som presidentkandidat. Bli betre kjend med den nyvalde leiaren i det nye partiet Unge Sentrum.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I november vart det kjend at Simen Bondevik melde seg ut av KrF, partiet han hadde vore medlem i sidan han var 13 år. Partiet som bestefaren Kjell Magne Bondevik representerte i sine åtte år som statsminister.
I løpet av sju år i partiet har Simen Bondevik starta lokallaget Follo KrFU, vore leiar for Viken KrFU, sete i sentralstyre til KrFU, og vore gruppemedlem i KrF Nordre Follo.
Ved KrF sitt vegvalg i 2018 trekte Knut Arild Hareide fram Bondevik som ein mogleg leiarfigur for partiet i framtida.
I staden er Simen Bondevik no blitt vald til leiar for det nye partiet Unge Sentrum.
Ungdomspartiet til det nydanna Partiet Sentrum vart stifta digitalt 30. november, og Bondevik er såleis deira første leiar noko sinne.
Elizabeth Warren er førebilete
– Etter at KrF valde høgresida tenkte eg at eg var ferdig med nasjonal politikk, men når fleirtalet på Stortinget gjer så lite for å stoppe klimakrisa, kjempe mot fattigdom og hjelpe barna i Moria, så klarar eg ikkje sitje stille å sjå på, skriv den nye leiaren for Unge Sentrum i ein e-post til Framtida.no.
Urettferda i verda er det som gjer at han engasjerer seg for politikken:
– Når éin prosent av verdas befolking eig over halvparten av verdas verdiar og over ein milliard menneske lever i ekstrem fattigdom, er det openbert at noko er galt.
Som leiar håpar han å vere ein som lyttar til innspel, gir alle gode høve til å bruke engasjementet sitt og som tør å utfordre andre.
– Mitt mål er at Unge Sentrum blir ein ungdomsorganisasjon med ein låg terskel for å engasjere seg. Elizabeth Warren er eit stort førebilete, både som leiar og som politikar.
- Les også intervjuet i etterkant av KrF-vegvalet: – Plutseleg var eg usikker på om eg kunne kjenne meg heime i noko som har vore ein så stor del av livet mitt
Vil kjempe for betre klima- og miljøpolitikk
– Kva er dei tre viktigaste sakene for Unge Sentrum 2020/2021?
– Vi byggjer vår politikk på FNs berekraftsmål og menneskerettane. Om eg skal trekke fram tre konkrete saksfelt som står sentralt for Unge Sentrum, må det vere: klima og miljø, asyl og innvandring, og kampen mot alle former for utanforskap, diskriminering og rasisme i samfunnet vårt.
For han personleg har hjartesakene vore klima- og miljøpolitikk, human asyl- og innvandringspolitikk og kraftfulle tiltak for å kjempe mot fattigdom i Noreg og internasjonalt.
– Dei siste åra har også kampen mot rasisme, diskriminering og utanforskap, og for mangfald, inkludering og ein anstendig samfunnsdebatt blitt stadig meir viktig for meg.
- Ta quizen: Kor mykje kan du om berekraftsmåla?
Var digital frivillig for Joe Biden
Som leiar for eit nystarta ungdomsparti må jobben gjerast på dugnad. Med fulltidsjobb og studiar i tillegg, går det meste av fritida dimed til politikken.
– Når eg ikkje driv med politikk, trivst eg best ute saman med vener, i sofaen for å sjå på Netflix eller framfor PC-en for å spele. Om døgnet hadde hatt fleire timar skulle eg vore flinkare til å trene, sove og kanskje spelt litt meir sjakk.
– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?
– Amerikansk politikk. Det er ingenting eg synest er så spanande i verda som å følgje med på amerikansk politikk. Eg kan godt bruke heile helga på sjå Youtube-videoar med analysar om amerikansk politikk.
Før presidentvalet tidlegare i haust brukte han nesten kvar einaste kveld på å vere frivillig digitalt for Joe Biden sin presidentkampanje i Arizona. Tidlegare har han også vore frivillig for kandidatar som Elizabeth Warren, Ilhan Omar, Jamaal Bowman og Kimberly Graham.
– Det har teke ganske mange timar og kveldar som eg eigentleg burde brukt på studia eller andre ting.
Pinnekjøt og AOC
Om han kunne invitert kven som helst, levande eller daud, på middag – hadde valet falt på Alexandria Ocasio-Cortez, den amerikanske demokratiske politikaren kjend som AOC.
– Først og fremst for å overtyde ho om at ho må stille som presidentkandidat i 2024, men også for å lære om korleis det har vore å utfordre det etablerte politiske systemet og kor ho fann energi og motivasjon då ho hadde alle odds mot seg.
– Eg hadde servert pinnekjøtt fordi det er den beste maten som finst, og kanskje det ville vore godt nok til at ho ville kome på middagsbesøk ein gong til, skriv Bondevik.
- Les også: Sju kule ting om politikarfenomenet AOC
Fox News vart for provoserande
– Kva for ei bok burde alle lesa? Kvifor?
– Eg er diverre alt for dårleg til å lese bøker. Stort sett les eg berre politiske sjølvbiografiar, bøker om amerikansk politikk og pensumbøker. Men eg vil anbefale Min Instastory av Mads Hansen. Ikkje fordi den er spesielt viktig eller meiningsfull, men fordi den er veldig morsom – og eg trur folk flest treng å ha det litt meir gøy i kvardagen, særleg i desse tider.
For å halda seg oppdatert i kvardagen har han push-varsel frå dei store norske mediehusa.
– I tillegg les eg Vårt Land, Framtida, Utrop og følgjer med på ei rekke amerikanske nyheitskanalar. Ei god stund prøvde eg å sjå litt på Fox News kvar dag for å utvide perspektiva mine litt, men all feilinformasjon, hat og konspirasjonsteoriar som vart sendt der vart for provoserande til slutt.
Drøymer om nobelpris til Thunberg
– Du vaknar opp i morgon til din draumenyheit: Kva er overskrifta?
«Greta Thunberg får Nobels fredspris»
– Det hadde vore ei viktig og rett anarkjenning av at klimakamp også er ein fredskamp. Det å stanse klimakrisa ville vore eit av vår tids viktigste bidrag for å ta vare på verdsfreden. Klimahandling og fredsarbeid går nemleg hand i hand. Klimakrisa vil få stadig meir fatale konsekvensar dersom vi ikkje får stoppa den, og det vil føre til alvorlege konfliktar og kanskje til og med krigar i berørte områder.
For han er idealsamfunnet eit samfunn der alle har like moglegheiter til å lukkast, samstundes som vi stiller opp for dei som treng det.
– Mange politikarar er gode til å snakke om eín av desse tinga, men vi treng begge deler for å lukkast som samfunn. Og så må vi få slutt på rasisme, diskriminering og utanforskap.
Fem kjappe:
Simen Bondevik
Frå: Nordre Follo
Alder: 20 år
Yrke/utdanning: Kommunikasjonsrådgivar i Press, og student
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag
Ulike verv: Leiar i Unge Sentrum
Medlem i: Unge Sentrum, Press og Natur & Ungdom