2 av 5 veit lite eller ingenting om FNs berekraftsmål

Det viser nye tal frå Ipsos Global.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Kor kjent er du med FN sine berekraftsmål?»

Det er spørsmålet Ipsos Global har spurt eit representativt utval personar frå 28 ulike land. Tala viser at globalt er det heile 42 prosent som anten «veit ingenting» eller «ikkje har høyrt om» berekraftsmåla:

Kjelde: Ipsos

I Sverige, eit av landa der flest har høyrt gjete måla, er det framleis berre rett over 30 prosent av befolkninga som er anten veldig eller litt kjent med berekraftsmåla til FN.

Av dei framheva landa, er det Canada, Italia og Frankrike som har lågast grad av kjennskap til dei 17 måla.

Ambisiøs berekraftsplan

Dei 17 berekraftsmåla vart vedtekne i 2015, og FN har sett seg som mål å oppfylle dei innan 2030.

Hovudmåla rommar også 169 delmål som går nærare inn på korleis ein skal utrydde fattigdom og svolt, og samstundes sikre meir likskap og god utdanning for alle.

Les om måla her! 

Dette er FN sine 17. berekraftsmål. Kjelde: FN

Bezzerwizzer-nordmenn

I oktober i fjor lanserte informasjonskampanjen Verdens Beste Nyheter eit nytt berekraftig Bezzerwizzer-spel, i håp om at fleire nordmenn skal kjenne til berekraftsmåla.

Spelet består av 60 spørsmål og tek føre seg fleire sider hjå alle dei 17 berekraftsmåla:

– Slik håpar vi at Noreg si befolkning ynskjer å få auka kunnskap om og kjennskap til globale prosessar, utviklingssamarbeid og kva vi saman kan gjere for å nå berekraftmåla innan 2030, skreiv kampanjen i ei pressemelding.

Er du ein av dei som treng friske opp kunnskapane sine? Sjekk her:

Resultat:  

Vurdering:  

 

– Mest av alt gjer eg dette for min eigen del. Eg får ein bismak i munnen om eg har for mange nye klede. Det skal ikkje så mykje til, fortel Hilde Selvikvåg (t.h.) Saman med Ingrid Bergtun (t.v.) vil artisten vise at berekraftig mote er kult. Foto: Victoria Bergort