Den unge politikaren har hatt ein turbulent haust. Då Kristeleg Folkeparti valde retning, laut også 18-åringen tenkje seg om: Er KrF framleis partiet for meg?

– Eg har aldri før følt den same reelle usikkerheita på om KrF var partiet for meg som i haust, fortel Simen Bondevik.

Som 18-åringar flest er Simen Bondevik no i innspurten på vidaregåande skule og midt i eksamenstida, men i ein hektisk timeplan har han teke seg tid til å møte Framtida.no på ein kafé i Oslo sentrum. Han lyt uansett opp på Kristeleg Folkeparti sitt kontor i St. Olavs gate i løpet av dagen.

Slik er livet til Bondevik. I motsetnad til mange jamaldra brukar han det meste av fritida si på politikk.

Han er leiar i Viken KrFU, står på liste for KrF i Nordre Follo ved det komande lokalvalet, og er tilsett i ei 20 prosent stilling som kommunikasjonsrådgjevar hjå Lillestrøm KrF.

Han torer knapt rekne på kor mange timar det vert i veka:

– Off, seier han berre før han ler.

– Eg tel ikkje timar, men det er stort sett det eg driv med kvar dag, fortel 18-åringen.

Les også: KrFs skjebnelandsmøte set avtrykk i språket

Sov to timar før landsmøtet

Det siste halvåret har det likevel vore ekstra mykje politikk i tankane.

I slutten av september oppfordra dåverande partileiar Knut Arild Hareide KrF om å søkje regjeringsmakt i eit raudgrønt samarbeid. Det vart startsskotet på eit partipolitisk drama som skulle setje dagsorden i heile landet store delar av hausten.

– Det var halvannan månad i ei boble, kor det var alt som opptok heile dagen min. Det var å ta telefonsamtaler, kaffikoppar med andre KrF-arar og å prate med folk, seier Simen Bondevik.

Det heile kulminerte i det sokalla «skjebnelandsmøtet» til KrF, der partiet, splitta på midten, bestemte at dei skulle gå inn i regjering med Venstre, Høgre og Framstegspartiet.

– Det var rare veker der eg gjekk heilt inn i ein modus, og plutseleg var det slutt. Eg vart veldig sliten: Heile veka før landsmøtet sov eg kanskje to timar, fortel 18-åringen, og legg til:

– Men det var veldig gjevande. Den gnisten eg hadde då eg melde meg inn i KrF kom litt attende etter tala til Knut Arild.

Les også om Maria (15) som skal verte fiskar: – Her ute er det status å vere fiskar for gutane – dei kallar seg ekte menn – så dei var litt slik: «Nei, du kjem aldri til å greie det»

Sperra inne det politiske engasjementet

Simen Bondevik har alltid brent for politikk og vore oppteken av verda rundt seg.

Då han var seks år gammal skreiv han ei liste over sine politiske kampsaker. Øvst på ønskjelista stod dyrare Mercedes og billegare Ford, men han ville også innføre høgare skatt for å byggje gamleheimar og barnehagar, og for å kjøpe kvitmåling til fleire gangfelt.

Skjermdump frå Simen Bondevik sin Twitter-konto

I 2009 gjekk då ni år gamle Simen Bondevik opp og ned Karl Johan og samla inn valbrosjyrer frå alle partia til årets stortingsval.

– Eg var ganske nerd, ganske tidleg, forklarar han og humrar.

Sjølv trur han engasjementet stammar frå at han tidleg vart merksam på at ikkje alle var like heldige som han:

– Å sjå den urettferdige måten born i verda vert behandla på og forholda folk i fattige land lever i. Verda er urettferdig, og eg trur eg kan bidra til å gjere noko med det problemet.

Bondevik vil ikkje skryte på seg at han som niåring forstod alt som stod skrive i valprogramma – økonomisk politikk var vanskeleg å fatte. Men nokre ting resonnerte i ungguten, som bistand og fattigdomsnedkjemping.

Endå Bondevik hadde sansen for noverande regjeringspartnar Høgre, fann han fort ut at det berre var eitt parti for han: Kristeleg Folkeparti. Det same partiet der bestefar hans har brukt sitt politiske liv.

– Men det er 13-årsgrense for å melde seg inn i eit politisk parti, så då måtte eg vente og sperre inne det politiske engasjementet til dess. Så eg melde meg inn på 13-årsdagen min, fortel han.

Det er ein ting som provoserer Simen Bondevik grenselaust, og det er når journalistar referer til han som «barnebarnet til Kjell Magne Bondevik»: – For meg er han bestefar min, og ikkje ein politikar.

KrF-striden

Sidan dess har KrF vore partiet som står hjartet nærmast, og heile ungdomstida har gått med til det og ungdomspartiet. Han har brukt endelaust med tid, krefter og pengar.

– Det er ein stor del av identiteten min, og det er litt det som var vanskeleg i november. At eg plutseleg var usikker på om eg kunne kjenne meg heime i noko som har vore ein så stor del av livet mitt, fortel 18-åringen.

Bondevik seier at både i politikken og livet har han eit mantra om å vere ærleg, og understrekar kor viktig det er med ein god kultur for å vere ueinige. Han har difor heile tida vore open om kva veg han meinte var rett for KrF – sentrumspartiet burde søkje raudgrønt samarbeid.

Då det vart klart at partiet heller valde regjeringssamarbeid med dei borgarlege partia, la ikkje 18-åringen skjul på at skuffelsen var stor.

«Kan jeg fortsette i partiet selv om vi begår et av de største politiske løftebruddene vi noen gang har sett, og nå sannsynligvis går inn i regjering med Frp? Er jeg fortsatt velkommen i KrF? Jeg er oppriktig usikker på begge deler,» skreiv han hjå Aftenposten Si;D to dagar etter landsmøtet.

Eit personleg vegskilje

Simen Bondevik stod overfor eit personleg vegval: Skulle han halde fram i Kristeleg Folkeparti? Partiet han var via fleire år av livet sitt til.

Han lurte på å melde seg ut.

Då skulle 18-åringen brukt tida på å dyrke dei andre interessene sine. Han skulle sett meir på fotball, følgt ivrigare med på korleis det går med Molde og Manchester United no når Solskjær forlét den eine, men kanskje ikkje er moden for den andre.

Han skulle trent meir, vore meir ilag med vennane sine, og jobba meir med skulearbeidet – som mest har vorte ofra på politikkens alter.

Bondevik tvilar ikkje på at han hadde fått fylt dagane.

Simen Bondevik har vennar både frå politikken og utanfrå: – Eg trur det er viktig, og fint å ha litt andre perspektiv på ting, så ikkje alle er i same bobla.

Les også om Guro Helene (22), som kjem til å verte blind innan ho er 40 år: – Før kunne eg sjå stjerner. No kikar eg hardt, leitar, men dei dukkar aldri opp

Det stoltaste augeblikket og den største skuffelsen

– Men eg synest politkken er så meiningsfull og viktig, og eg synest det er så mykje som framleis er urettferdig i verda. Vi lever framleis i ei urettferdig verd der folk lever i fattigdom og nokre prosent av befolkninga sit på alle ressursane.

Det var også grunnen til at Bondevik valde å halde fram. Partiprogrammet er framleis det same, og KrF-politikarane han sjølv er mest einig med har halde fram i partiet.

KrF i si kjerne er framleis det same, meiner 18-åringen.

Trass i at dei vedtok ei regjeringsplattform med ein innvandringspolitikk som ikkje ber preg av KrF, trass i at partiet no sit i ei regjering der Listhaug er minister.

Sunnmørspolitikaren sitt regjeringscomeback er det som har skuffa Bondevik mest etter vegvalet til KrF. I førekant åtvara han partikollegaane sine om at det kom til å hende – sjølvsagt vil ein populær nestleiar av eit regjeringsparti vere minister.

– All den tida eg har vore i Krf, så er det det stoltaste augeblikket eg har hatt, då vi turte å seie at vi kom til å støtte mistillitforslaget mot Sylvi Listhaug. Det handlar ikkje om ein Facebook-post, det handlar om den heilskaplege retorikken. Korleis ein set ulike grupper mot kvarandre og nører opp under framandfrykt og hat, seier Bondevik og legg til:

– Det var det stoltaste augeblikket i partihistoria og det eg har vore mest skuffa over etter vegvalet.

Slik reagerte KrFU-kollega Edel-Marie Haukland då Listhaug vart minister. Simen Bondevik svara med retweet:

Heime i KrF – for no

For no har Bondevik forsona seg med vegvalet: Han føler seg igjen heime i KrF. Timane og kreftene er framleis verdt det.

Han har framleis snev av uro i kroppen.

– Politikken endrar seg ikkje over natta, men det er den utviklinga over tid når vi sit i same regjering som Frp som eg er bekymra for.

Dersom partiet tek ytterlegare steg i det Bondevik meiner er feil retning, vil han på ny måtte tenkje over framtida si i partiet.

– Om KrF endrar seg på punkt som fattigdomsnedkjemping og innvandring, og viss politikken endrar seg, då lyt eg ta ei ny vurdering.

Det er særleg i to saker 18-åringen meiner KrF lyt endre politikken sin: Dei må tore å seie at oljenæringa skal fasast ut, og seie tydeleg frå at partiet anerkjenner dagens ekteskapslov: – Det er ikkje ein politikar si oppgåve å rangere ein type kjærleik som betre enn ein annan.
Oppdatert: fredag 5. juli 2019 13.43

Kommentarar

ANNONSE