Forfattarane sine litterære julegåvetips – svensk humor, Vonde blomar og rørande ungdomsromanar

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Forfattarane sine litterære julegåvetips

Forfattar og skodespelar Eili Harboe tipsar om forlagsfrende Laura Djupvik. Foto: Jonathan Vivaas Kise/Samlaget

Eili Harboe: No fær huset av Laura Djupvik

Skodespelar Eili Harboe (26) debuterte i 2020 som ungdomsbokforfattar med Tre meter med kniv. Ho bytte målform til nynorsk etter vidaregåande og nyttar høvet til å koma med ei nynorsk anbefaling.

– Mitt litterære julegåvetips er No fær huset av Laura Djupvik. Elles likte eg godt ungdomsromanen Under av Sturla Bang og Hilde Kvalvaag.

Bokhandlarfavoritt Tore Renberg tippar om Håvard Rem si mangslugne diktbok under treet. Foto: Marie von Krogh/Cappelen Damm

Tore Renberg: Almanakk av Håvard Rem

For si andre nynorskutgjeving, Tollak til Ingeborg, har Tore Renberg i år vorte første forfattar som får Bokhandlarprisen for ei nynorskbok. Han nyttar høvet til å løfta poesien:

– Eg velger meg den mangslungne diktboka til Håvard Rem, Almanakk.

– Her finn ein eit dikt for kvar av årets dagar, like variert og rikt utført som eit kalenderår er opplevd. Her er sonettar, frie vers, vitsar, skillingsviser og sørgedikt, her er dikt på nynorsk, bokmål og dialekt. Eg fryder meg over den samla arkitekturen i dette verket og eg fryder meg over enkeltdikta.

Ungdomsromanforfattar Neda Alaei les helst ungdomsbøker og tipsar om Helene Guåker si første nynorskutgjeving. Foto: Julie Pike/Gyldendal

Neda Alaei: Høgspenning livsfare av Helene Guåker

Debutant Neda Alaei (29) har i 2020 fått både Uprisen, Kulturdepartementets debutantpris og Bokbloggerprisen for ungdomsromanen Dette er ikke oss. Ho brenn for ungdomslitteratur, og nyttar høvet til å løfta denne.

– Mi litterære juleanbefaling er Høgspenning livsfare, av Helene Guåker. Ein ungdomsroman som fint kan treffa vaksne lesarar, med si autentiske og såre skildring av sorg og sakn. Anbefalast på det varmaste for alle som elskar å bli berørt av orda si kraft og magi.

Forfattar Mads Rage tipsar om Gunnhild Øyehaug si novellesamling. Foto: Marie Sjøvold

Mads Rage: Vonde blomar av Gunnhild Øyehaug

Forfattar Mads Rage har gitt ut tre bøker på to år og har eit heitt tips til årets julegåve.

– Mitt tips går til den som vil gi bort ei bok som både er gøyal og litterært sterk. Vonde blomar av Gunnhild Øyehaug er ei novellesamling som blømer av energi. Tekstane leikar med friske idear, er morosame og lett tilgjengelege. Denne trur eg kan treffa mange.

Ungdomsbokforfattar Helene Guåker tipsar om debutromanen til Sigrid Agnethe Hansen. Foto: Iris Engen Skadal, Samlaget

Helene Guåker: Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen

Ungdomsbokforfattar Helene Guåker tipsar om Ser du dette? av Sigrid Agnethe Hansen, som ho kallar «ei engasjerande bok om å stable seg sjølv på beina etter eit fall, og om å tillate seg å stole på nokon igjen».

– Den tek for seg eit tema som eg dessverre trur mange unge kan kjenne seg att i, nemleg nakenbilete spreidd på nett og på skulen. Hovudpersonen Anna og familien hennar flytter frå heimplassen for å kome unna skulen og ryktet. For ei som tek nakenbilete av seg sjølv og sender til ein gut må jo vere ei hore? Eller?

Hanna Stoltenberg har lete seg begeistra av svenske Tone Schunnesson sin andre roman. Foto: Julie Pike/ Gyldendal

Hanna Stoltenberg: Dagarnadagarnadagarna  av Tone Schunnesson

Hanna Stoltenberg fekk i år Tarjei Vesaas’ debutantpris for debuten Nada. Når ho skal tipsa om årets julegåve ser ho utanlands, til søta bror.

–  Dagarnadagarnadagarna er svenske Tone Schunnesson sin andre roman, og handlar om Bibbs, ein 39 år gammel bloggar og influencar, som blir dumpa av sambuaren sin, Baby, og har ei veke på seg til å skaffe 100 000 kroner, skal ho behalde leiligheita og verdigheita. Eg elska denne boka. Schunnesson klarar den sjeldne bragda det er å skrive veldig morosamt og samtidig veldig klokt om samfunnet vi lever i og kva relasjoner og følelsar det skapar. Boka finst foreløpig ikkje i norsk omsetting, men sjølv eg, som trudde eg ikkje kunne lesa svensk, kom fort inn i det.


Les også kva bøker Magnus (17) meiner passar under juletreet anten du vil ha den sjølv eller gi den til ein forelder som berre ynskjer seg snille barn til jul.

Fotokollasj av framtida.no. Bakgrunnsfoto: Mel Poole/Unsplash