FN åtvarar mot vassmangel i ny rapport

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dette syner ein ny forskingsrapport, levert av FN sin organisasjon for ernæring og landbruk (FAO).

Rapporten syner også at kring 1,2 milliardar menneske bur i område som lir av alvorleg vassmangel eller tørke. 

Befolkningsauke er ein av hovudgrunnane til vassmangel, då etterspurnaden for denne kostbare naturressursen aukar. Som ein konsekvens er mengda ferskvatn kvar person har til rådigheit redusert med over 20 prosent dei siste to tiåra.

Rapporten peikar også på konkurranse om vatnet og klimaendringar som grunnar til spenning og konflikt, som igjen skapar skeivfordeling av ressursane.

Spesielt sårbare befolkningsgrupper, som fattige, kvinner og urfolk kjem dårleg ut.

Generaldirektør: – Må handle  

Qu Dongyu, generaldirektør i FAO, er klar på at no er tida for å adressere problema med både vassmangel og ubalansen i tilbod og etterspurnad.

– For dette er no realiteten vi alle lever i, skriv han i forordet til rapporten.

Rapporten syner mellom anna at:

  • 11 prosent av verdas regnavhengige dyrka mark er utsett for alvorleg og hyppig tørke
  • 14 prosent av verdas beiteområde er utsett for alvorleg og hyppig tørke
  • Meir enn 60 prosent av dyrka mark som vert vatna, er utsett for alvorleg vassmangel

Kart som syner «overall water risk». Dette er basert på eit utval variabler, mellom anna fare for tørke, etterspurnad og tilbod, sesongvariasjonar, og tilgang til reint vatn. Dess mørkare farge, dess større risiko. Dei grå felta i Afrika er stadar dei manglar data. 
Skjermdump: www.wri.org

Kan framleis nå berekraftsmåla

Qu Dongyu er generaldirektør i FAO.Foto: FNs organisasjon for ernæring og landbruk

I forordet peikar Qu Dongyu også på FN sine berekraftsmål, kor det å utrydda svolt, og å betre tilgangen til reint vatn er mellom dei uttalte måla.

Dongyu meiner måla framleis er innan rekkevidde, men at det må gjerast mykje meir for å effektivisera vassbruken i landbruket, og for å fordela ressursane meir rettvist, ifylgje UN News.

Landbruk er forøvrig verdas største forbrukar av vatn, og står for meir enn 70 prosent av det globale vassforbruket.

Kunstige vatningssystem i seg sjølv er ikkje ei løysing – då meir enn 60 prosent av verdas dyrka mark som har vatningssystem er i område kor det er stort press på vassressursane.

Feil type vatning kan føra til sløsing av vassressursar, og tømma ikkje-fornybare vassmagasin, noko generaldirektør Dongyu meiner ein må ta tak i, og det med det same.

Fleire av verdas land står overfor vassmangel

Tal frå World Resources Institute frå i fjor syner at 17 land brukar meir enn 80 prosent av sine tilgjengelege vassressursar, kvart år. Mellom anna India, Libanon og Israel. Dei 17 landa, utgjer ein fjerdedel av verdas befolkning.

Forskarar åtvarar mot at befolkningsauke eller redusert vassforsyning kan føra til kritisk vassmangel stadig fleire stadar, ifylgje Forskning.no.

Med 80 prosent forbruk kan små endringar og uforutsette hendingar utgjera ein stor risiko.

«Day zero»

Rutger Hofste, tidlegare dataanalytikar ved World Resources Institute.
Foto: World Resources Institute

– Så snart det vert tørke, eller noko uventa skjer, kan store byar befinna seg i veldig alvorlege situasjonar, sa Rutger Hofste, som då var dataanalytikar ved World Resources Institute til ScienceNews.

I verste fall kan byar og regionar nærma seg «day zero». Det var eit omgrep som vart mykje nytta i 2018, då Cape Town med nesten 4 millionar innbyggjarar var nære ved å gå tomme for vatn.

«Day zero» er dagen der byen stenger vassforsyninga, og innbyggarane berre kan få vatn frå kring 150 hentestadar i byen.

Då vert rasjonane stramma inn, og det kan til dømes vera ei øvre grense på 25 liter vatn per person, per dag i ein periode.

Til samanlikning brukar nordmenn i gjennomsnitt 180 liter per dag, per person, ifylgje SSB.

Denne typen rasjonering er noko ein vil sjå meir av i åra som kjem, ifylgje Hofste.

Mitzi Jonelle Tan er ein av dei fleire hundre unge klimaaktivistane som arrangerer eit eige klimatoppmøte, når FN utsette sitt. Foto: AC Dimatatac