Oppmodar til meir gjenbruk i cosplay: – Det har vorte mykje fast fashion

Fleire og fleire fattar interesse for cosplay. Det fører også med seg eit større forbruk.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Solveig Heigre (19) frå Stavanger var på Spillexpo i Lillestrøm i november, saman med cosplay-klassen frå Hardanger folkehøgskule.

– Eg har vore på Spillexpo kvart år sidan 2022. Eg får vere med dei gode venene mine, og eg får vore meg sjølv ei helg, seier ho.

På Hardanger folkehøgskule lærer elevane å lage eit kostyme frå botnen av: alt frå saum til treverk og lêrarbeid, parykk og sminke.

Cosplay

• Cosplay er ein hobby som handlar om å kle seg ut som ein karakter frå ein tv-serie, film, teikneserie, eit dataspel eller liknande.

• Ordet «cosplay» er sett saman av costume og play.

• Cosplay er del av ein subkultur som inneber å vere kledd i kostymet saman med andre.

• I cosplay-konkurransar ser juryen gjerne både på handverket i kostymet og innleving i karakteren.

– Eg trur veldig mange har godt av eit kreativt avbrekk frå det akademiske. Og det er frigjerande å komme på skulen der nesten alle rundt meg er i same miljø. Det er ikkje eit like stort cosplay-miljø der eg kjem frå som i til dømes Oslo, seier ho.

Viktig del av messa

Cosplay som fenomen har dei siste åra, særleg gjennom sosiale medium, hatt ein stor auke i popularitet.

Det merkar dei også på spel- og cosplaymesser i Noreg. Sunniva Rose Jensen, som er ansvarleg for cosplay-konkurransane på Spillexpo, fortel at konkurransane pleidde å vere opne for påmelding fram til same dag. No vert dei gjerne fylte opp på ein dag eller to.

– Cosplay har vorte ein større og større del av Spillexpo dei siste ti åra, og særleg etter covid. Det er tydeleg at publikum synest det er gøy. Tribunane fyller seg fort opp, seier ho.

Ved sida av at populariteten til cosplay har auka, har det også vore ein eksplosjon i kor lett det er å kjøpe kostyme, parykkar og rekvisittar, slår Jensen fast.

– Ting blir litt meir kommersielt med ein større marknad, seier ho.

Sunniva Rose Jensen har ansvar for cosplay-konkurransane på Spillexpo. | Foto: Gressloek

Hoppar på trendar

At cosplay har vorte meir kommersielt, har også Solveig på Hardanger folkehøgskule merka seg.

– Det har vorte mykje fast fashion, der nettstader kastar seg på populære filmar og tv-seriar. Dei pumpar ut så mykje dei klarar så fort som mogleg, og bryr seg ikkje om kvaliteten eller tilhøva til arbeidarane, seier ho.

– Eg legg merke til at folk bestiller eit cosplay frå ei nettside, brukar det éin gong, sel det vidare når trenden er over, og kjøper eit nytt.

Ho meiner det er viktig å oppmode til meir gjenbruk, anten ved å kjøpe brukte kostyme eller å lage sjølv med brukte materiale. Ofte kan ein også bruke klede ein har i skapet.

Solveig Heigre (19) går cosplay-lina på Hardanger folkehøgskule. | Foto: Privat

Trygg arena

På Spillexpo kan både nybegynnarar og meir erfarne delta i cosplay-konkurransane. Sunniva Rose Jensen understrekar at det skal vere ein trygg arena der alle kan kjenne seg velkomne.

– Nokon går kanskje sin første catwalk. Ein skal ha høve til å komme opp og vise seg fram utan at det er så mykje press. Å få gjere det i trygge rammer, kan vere med på å ufarleggjere det å gå på ei scene, og kanskje torer dei å vere med på ein større konkurranse seinare, seier ho.

Medan dei som deltek i master-konkurransen vert vurderte etter både sceneprestasjon og handverket dei har lagt ned i kostymet, vert folkehøgskuleelevane og casual-deltakarane berre vurderte etter kva dei presterer på scena.

Jensen seier det er eit poeng at det skal vere mogleg å konkurrere uavhengig av kor mykje pengar og ressursar du har.

– Folk kjem i kostyme laga av papp dei har heime, eller klede dei har sydd om. Det er inga avgrensing på kor kreativiteten kan gå. Alle skal kjenne seg velkomne, og det skal ikkje vere noko kjøpepress, seier ho.

– Det er mange ting som gjer at ein kan kjenne seg utanfor, men dette miljøet jobbar hardt for at ingen skal kjenne seg utanfor eller demotivert på grunn av at andre har nye kostyme kvar månad.

Større spelerom

Solveig understrekar tydinga av det sosiale i cosplay-miljøet.

– Det er så gøy å møte andre som har dei same interessene som eg har, som ikkje ser skeivt på meg viss eg går i andre typar klede eller har farga håret, seier ho.

Ho fortel at det å kle seg ut som og leve seg inn i andre karakterar, gir henne større spelerom til å vere seg sjølv.

– Når eg er i cosplay, er eg meg sjølv på ein veldig ekte måte, og ein måte som er annleis enn frå dag til dag når eg går i vanlege klede, seier ho.

Heigre deltok ikkje i konkurranse på årets Spillexpo, men målet er å konkurrere på messa Kawaiicon i april. På folkehøgskulen jobbar ho med eit cosplay som karakteren Link frå spelet The Legend of Zelda: Breath of the Wild.

Ho er glad for at ho får høve til å utvikle seg sjølv i ordna former på folkehøgskulen.

– Eg vil lære meir innanfor kunsten og hobbyen eg har valt, som eg held kjært. Eg fekk lina anbefalt frå tidlegare elevar første gong eg var på Spillexpo, fortel ho.