Berekraftsmåla – no også på nynorsk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup har òg ansvar for berekraft. Foto: Stortinget

– Vi veit at fleire har sakna ei nynorsk utgåve av berekraftsmåla. Eg er glad for at dette no er på plass. Den nye omsetjinga vil sikre lik ordlyd på begge målformer. Det er viktig for det vidare arbeidet med å oppnå måla, seier berekraftsminister Nikolai Astrup i ei pressemelding.

Dei 17 berekraftsmåla blei vedteke av FNs medlemsland i 2015. Same år vart berekraftsmåla omsett til bokmål, men no er dei for første gong omsett til nynorsk.

Senterpartipolitikar etterlyste nynorsk

Marit Knutsdatter Strand (Sp) er sjølv frå nynorskkommunen Øystre Slidre, men møter ikkje ein flaum av nynorsk i kvardagen som stortingspolitikar. Foto: Stortinget.

Omsettinga kjem etter at Senterpartipolitikar Marit Knutsdatter Strand sende eit skriftleg spørsmål til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup, der ho etterlyste ein nynorsk versjon på vegner av skular og kommunar i Vestland fylke.

I ein e-post til Framtida.no skriv Strand at det er kjempebra at berekraftsmåla no óg kjem på nynorsk.

– Det er på høg tid når dei har gjort eit så stort innpass i politikk og offentleg ordskifte som dei har. I tillegg ser eg jo kor mykje dei blir brukt i skulen. I alle høve må dei vere tilgjengelege på båe målformar vi nyttar i Noreg, skriv Strand, som lovar å følgja opp fleire liknande problemstillingar.

FN-sambandet har tidlegare fått midlar frå UNESCO-kommisjonen for å omsette berekraftmåla til nordsamisk. Den nordsamiske versjonen var ferdig hausten 2019, men no er både den og bokmålsversjonen også oppdatert.

– Vi håper at dei nye omsetjingane skapar engasjement hos alle dei som arbeider for at vi skal nå måla. I samband med det pågåande arbeidet med å få på plass dei nasjonale måla våre, er det særleg viktig med ei god og klar omsetjing av alle måla, seier Astrup i pressemeldinga.

2 av 5 kjenner ikkje til berekraftsmåla til FN. Foto: Colourbox/ Logoar: FN/ Collage: Framtida.no