Ingvild Eide Leirfall
Publisert
Oppdatert 09.05.2021 18:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er jo litt tabu for gutar å snakke om følelsar, seier Oskar Fjørtoft på telefon til Framtida.no. 

25-åringen er programleiar for Youtube-serien Føler’n, der dei inviterer førebilete til å snakka om både vanskelege og hyggelege følelsar.

Mental Helse Ungdom testar nye kanalar for å nå ut til unge. Med Youtuber Malin Nesvoll som initiativtakar, har dei no starta Youtube-kanalen Psykt normalt.

I oktober slapp dei første episode i serien Føler’n.

– Me håpar at filmane kan bidra til openheit om følelsar, og at det kan bli «kult» å snakke om korleis ein har det, fortel programleiar Fjørtoft.

Fifa og følelsar

Det var programleiaren sine eigne erfaringar som gjorde at dei landa på settingen for episodane: to gode stolar, ei kjellarstove, Playstation-kontrollen i hendene og FIFA på skjermen.

– Eg har sjølv mange erfaringar med gode samtalar med mine vener i den settingen. Det er fint å ha noko å gjere samstundes som ein pratar, seier Fjørtoft.

Gjestene i programmet så langt, har vore Youtubar og programleiar Victor Sotberg, influencar Joakim Kleven og komikar Herman Flesvig, som alle deler ærleg og ope.

– Eg trur at ved å sjå førebilete snakke om følelsar og legge ut og vere ærlege, er det mange som kan kjenne seg att og forhåpentligvis bli inspirert til å snakke om det sjølv, om det er noko som gjer deg trist. Eller glad.

Frykt for å skilje seg ut

Sjølv har Fjørtoft også erfart at det har vore vanskelegare å ta opp slike tema med sine kompisar, og oftare vendt seg til veninner når han trengte slike samtalar.

– Det er nok noko med machokulturen og frykta for å skilje seg ut. Eg kjem frå eit fotball-miljø og det er ikkje til å legge skjul på at det ikkje er der ein snakkar om følelsar. På vidaregåande tenkte eg aldri at eg kunne snakka med kompisar om følelsar.

Han fortel at då bestefaren døydde fall det han ikkje inn å snakka med venene om det, og at det var lettare å snakka med jentene.

– Eg trur jo kompisane fint hadde takla det, lytta og vore gode å snakka med, men eg var nok redd for å virke som ei pingle. Redd for at det var flaut. Då ville eg heller kødde og vere kul.

Ikkje før etter eit år på folkehøgskule vart han meir open og fekk vener han følte han kunne ha desse djupare samtalane med.

Flesvig trur det er meir tabu blant gutar

Programleiaren fortel at det har vore lett å få med gjestene, fordi dei sjølv også har opplevd at det har vore vanskeleg å snakke om følelsar, særleg som ung gut.

– Dei stiller jo opp fordi dei synest det er ei viktig sak å framsnakke og vil vere med å vere eit ansikt for det, seier han og legg til at dei er svært takknemlege for at folk stiller opp.

I episoden om ting som er flautt, er komikar Herman Flesvig gjest. På spørsmål om han synest det er flautt å snakka om følelsar, får programleiaren eit kontant nei tilbake.

– Det synest eg ikkje er flautt i det heile. Eg er ein som snakkar mykje om ting, og er ikkje redd for å gråte eller vise følelsar. Det trur eg berre er kjempebra.

– Men eg trur at det spesielt blant gutar er litt meir tabu. Gutar skal liksom ikkje snakka så mykje, diverre, men eg meiner ein skal ventilere følelsar. Om eg har det skikkeleg kjipt kan eg setje av 20 minutt til å grine, høyre på triste songar og få det ut. Så har eg det betre etterpå.

Underhaldande undervising

Etter dei tre første episodane har kanalen fått mykje god respons, og Fjørtoft fortel at fleire har teke kontakt og takka dei for å dele og vera så opne.

Prosjektet er støtta av Stiftelsen Damm, og er ein del av E-læreverket til Cappelen Damm dette skuleåret. Der bli filmane brukt som utgongspunkt i eit undervisingsopplegg om følelsar, laga for ungdomsskuleelevar.

– Det er foreløpig omlag 500 klassar som har brukt opplegget, og me er veldig glade for samarbeidet som får ut stoffet til målgruppa vår.

Sjølv om målgruppa først og fremst er unge gutar, fortel programleiaren at også jenter kan synast det er vanskeleg å snakka om følelsar.

– Ønsket vårt er at dette skal vera underhaldande og gi ein lett inngang til temaet, både for jenter og gutar.

Fjørtoft ynskjer å senke lista for å snakke om ting, og tipsar om chatte-tenesta deira om ein vil snakka meir.

– Der kan ein snakke om kva som helst, og ein treng ikkje ha det kjipt for å ta kontakt. Det kan vere godt å berre snakka med nokon.

Etter kvart vil Youtube-kanalen også rulle ut ein ny serie: Spør mer, som vil handle meir generelt om psykisk helse.

Samlivsbrot, tv-seriar og bryllaup er noko av det som får menn anno 2018 til å ta til tårene.