Mia Landsem hjelpte Nora Mørk med nakenbileta: – Det tok knekken på meg

– Men at alt gjekk til helvete viste seg å vere ein god ting, seier Mia Landsem om den tøffe tida etter at ho oppdaga nakenbileta av handballstjerna Nora Mørk.

Helene Hovden Hareide
Publisert
Oppdatert 24.08.2020 08:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det starta med at ei veninne opplevde at nakenbilete av henne vart spreidd på nettet, fortel Mia Landsem (23).

Sidan ho var tenåring har Landsem vore oppteken av gaming, og var mellom anna med i VGTV-serien Gamer. Då veninna hennar kom i knipe bestemte ho seg for å bruke det ho hadde tileigna seg av datakunnskap til å prøve å hjelpe henne.

Mia Landsem har drive med gaming heile oppveksten, og plukka opp mykje IT-kunnskap gjennom denne interessen. Her er ho som 18-åring, då ho var med i e-sport organisasjonen Celestial Gaming. Foto: Celestial Gaming.

Jaktar på dei som deler ulovleg

Slik oppdaga den då 17 år gamle Landsem ei rekke skjulte forum der nudes, nakenbilete, av norske kvinner og jenter vert delt ulovleg, gjerne saman med fullt namn og telefonnummer. Ho spora opp IP-adressene til dei som delte bileta, og leverte informasjonen ho hadde funne til politiet.

Sidan då har større og større delar av fritida til den aktive unge kvinna, som også er noregsmeister og nordisk meister i taekwondo, gått til å jakte på personar som vel å spre stjålne nakenbilete vidare.

– Eg har alltid blitt provosert over det som er urettferdig, og ønskt å gjere noko med det!

Nakenbileta av Mørk

Men for to år sidan skjedde det eit vendepunkt, både for Landsem personleg og og for den offentlege merksemda rundt denne problemstillinga.

Inne på eitt av foruma ho overvåka dukka det opp nakenbilete av den kjende handballstjerna Nora Mørk.

– Etter at eg hadde fått gitt henne beskjed brukte ho ein del tid på å finne ut kva ho skulle gjere med det. Ho var knust. Men til slutt bestemte ho seg for å stå fram.

Det vart eit mediekøyr utan like for både Landsem og Mørk. Men når ho ser tilbake på det i dag er Landsem sikker på at det var verdt det.

– Nora ofra seg sjølv for å hjelpe andre. Medvitet om nakenbilete på nettet, og kva som er ulovleg, hadde ikkje vore så stort i dag om det ikkje var for henne. Det har skjedd ei tydeleg forbedring.

Framstilling av Mia Landsem som datadetektiv i den nye boka Trygg på nett. Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen.

Droppa ut av skulen

Men også for Mia Landsem sjølv, som dei siste åra har heldt over hundre foredrag i året om temaet, blei saka ei påkjenning.

– Det tok på å vere så mykje i media. Og trykket i etterkant frå folk som ville eg skulle hjelpe dei var enormt – framleis får eg meldingar kvar einaste dag, fortel ho.

Landsem, som den gongen sikta mot OL i taekwondo, endte med å droppe ut frå det tredje året på Idrettshøgskulen. Ho hadde slite med skadar i eit halvt år, samt vore gjennom eit samlivsbrot, og saman med mediedekninga vart det for mykje.

– Det tok knekken på meg, seier ho.

Gir ut bok

Den nye boka til Mia Landsem som kjem ut 20. august. Boka er illustrert av Linn Isabel Eielsen.

Når vi snakkar med Landsem har ho akkurat hatt den fyrste dagen sin i ny jobb, som etisk hackar for Orange Cyberdefense. Ho omtalar det som ein draumejobb.

Men aller mest forventningsfull er 23-åringen til å skulle gje ut boka Trygg på nett, som tek opp digitale problemstillingar på ein lettfatteleg måte for barn og unge.

– At alt gjekk til helvete viste seg å vere ein bra ting, kommenterer ho.

– Alt som kjendest håplaust har snudd, særleg etter at eg lærte meg å be om hjelp. No har eg ny jobb, eiga leilegheit og skal attpåtil gje ut bok.

Seksuell trakassering i gamingmiljø

Etter å ha levd som ein toppidrettsutøvar sidan ho var 13 år kan Landsem no tillate seg å slappe meir av. Ho prøver framleis å hjelpe dei som ber henne om det, men tek meir omsyn til seg sjølv enn før.

– Det er deilig å gå tur utan å telje stega, og å ha meir tid til vener, fortel ho.

Mellom aktivitetane Landsem har fått tid til å ta opp igjen er gaming. Ho speler spel som League of Legends, Counter Strike og World of Warcraft, og nokre av veninnene ho speler saman med er dei same som ho hadde den gongen ho starta med gaming som tenåring.

– Då vi starta med gaming som unge jenter var det ikkje berre lett. Fleire av oss opplevde seksuell trakassering, fortel ho.

Fleire unge kvinner i IT

Det gler henne å sjå at det er fleire jenter som har denne interessen i dag, og som tek den vidare i ein yrkesveg innan IT-bransjen.

Seks år gamle Mia Landsem i sofaen med Nintendo Switch. Foto: Privat

– At fleire kvinner vel å jobbe med IT er viktig av same grunn som det er viktig at fleire menn vel å jobbe i barnehage. Ein har ulike ressursar og perspektiv å tilføre, seier ho, og trekk fram dømet med bilbelte som fungerer dårlegare for kvinner, fordi det berre er testa på menn.

– Ein av tinga eg synest er kult med boka Trygg på nett er at det nesten kun er kvinner som har vore involvert i å lage den. Både redaktørane, illustratøren og eg sjølv er kvinner. Det er ikkje typisk for ein slik tematikk!