Yrket mitt: Halldis (36) er lokførar

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det beste med jobben er nok dei fine naturopplevingane og stoltheita ein får av å køyre tunge og lange tog. Ingenting slår det å sitje der åleine i førarrommet, kanskje med god musikk på høgtalarane og suse gjennom vakre landskap. 

Det fortel lokførar Halldis Folkedal på e-post til Framtida.no. Ho og tvillingsystera Gudrun har skapt seg eit namn som «Lokførartvillingane».

Til dagleg går Folkedal til arbeid iført ein grøn uniform og køyrer eit tog med Vy-logoen klistra på sida, men ein av draumane hennar er at ho igjen skal få arbeide i NSB, og at politikarane lyttar til dei som arbeider på jernbana.

I mellomtida drøymer 36-åringen frå Hardanger om at ho og systera kan få sin eigen fjernsynsserie, og at Songar frå nyheitene lagar ein hit om dei to!

Halldis og Gudrun Folkedal er begge lokførarar på same strekningane. Foto: Halldis Folkedal/Flickr

Inspirert av tvillingsystera

Men det var ikkje lokføraryrket som vart første stopp i yrkeslivet til 36-åringen.

Halldis Folkedal har studert og arbeidd innanfor kulturlivet i fleire år, og mellom anna vore kulturrådgjevar for folkedans i Noregs Ungdomslag. Men etter kvart ville ho flytte frå hovudstaden og heim til Vestlandet, og ho sakna eit meir praktisk og trygt yrke.

– Eg ville vekk frå all e-postskrivinga, fortel Folkedal.

– Sidan systra mi var lokførar inspirerte ho meg til å velje same yrkesveg som ho.

Fristar det med ei slik utsikt i arbeidskvardagen? 

Folkedal fortel at lokførarar berre har 100 prosent stillingar, og vert utdanna etter kor stort behovet er i togselskapa.

– Det gjer at du på mange måtar er sikra jobb etter enda utdanning.

Sjølv er ho ein kreativ person, men synest samstundes det er veldig godt å arbeide i eit rutineprega yrke.

– I tillegg må eg berre seie at tanken på å køyre tog verka forlokkande. Eg har alltid elska å reise med tog, og det er endå betre å sitje i førarsetet enn baki toget. 

 Svarte det til forventningane? 

– Ja, absolutt. Har ikkje angra eitt sekund. 

200 km/t på første togtur med passasjerar

Foto: Halldis Folkedal/Flickr

Førebudde utdanninga deg på yrket?

– Ja, på alle måtar eigentleg. Utdanninga er ein blanding av teori og praksis. Det går ikkje lang tid før du er ute og køyrer tog med køyrelærar. Fyrste gongen eg køyrde tog var det rett opp i 200 km/t på Gardermobana med passasjerar baki, fortel ho. 

Det sjølvsagt også med ein køyrelæraren som hadde ansvar for at alt gjekk godt føre seg, sjølv om Folkedal køyrde.

Ho fortel at etter kvar praksisperiode er det tunge teoriperiodar, der ein fokuserer på trafikkreglar for jernbana og tekniske fag der bremsar er den største fagretninga.

– Det er mykje nytt i starten og mykje å halde seg til, men kunnskapen sig inn etterkvart.

Lokførarutdanninga har også endra seg sidan Halldis Folkedal sjølv gjekk der. Då ho var student hadde ho 18 eksamenar i løpet av 1,5 år på fagskule, noko ho skildrar som eit heftig skuleløp. No er utdanninga 1 år og med færre eksamenar.

Samstundes får ein også opplæring i togselskapet ein startar i etter skulegangen er over.

Den gamle jernbanekulturen

– Vi arbeider turnus, så nokre gongar står vi opp klokka 4, andre dagar byrjar vi litt utpå dagen eller arbeider nattevakt. 

Lokføraren fortel at ein vanleg arbeidsdag går til mykje togkøyring, nokre pausar og ein del tekniske kontrollar.

– Du startar gjerne med noko som heiter uttak. Då gjer ein toget klart til avgang og kontrollerer toget teknisk. Bremsar er viktig på tog så vi har mange prosedyrar for testing av dei. Etter uttaket køyrer eg tog.

Flåmbana er ei av dei brattaste toglinjene i verda på normalspor. Foto: Halldis Folkedal/Flickr

Halldis Folkedal fortel at der er ikkje så mange togstrekningar å køyre i vest, så dei køyrer anten på Bergensbana til Ål, på Vossebana mellom Voss og Bergen eller på Flåmsbana.

I løpet av arbeidsdagen har dei gjerne byte av fleire togsett, og skøyter saman togsett, deler dei og parkerer togsetta.

– Vi arbeider gjerne 10 timars arbeidsdagar, men dagane på arbeid går stort sett veldig fort. Det er eit godt teikn. 

– Kva er det mest utfordrande?

– Viss eg skal vere heilt ærleg så er det ikkje alt ved den gamle jernbanekulturen som er like bra med tanke på arbeidsmiljø, fortel 36-åringen og forklarar:

– Det er mykje baksnakking, rykte og jantelov som eg ikkje er vane med, og menn over ein viss alder er dei verste. Det kan vere ganske slitsamt. Heldigvis har vi mange gode kollegaer òg. 

Lyt kunne handtere stress

– Yrket passar for deg som er sjølvstendig, ansvarsfull og nøye. I tillegg må du like å arbeide turnus med varierte arbeidstider. Det hjelper å ha litt teknisk innsikt og godt humør!

Folkedal fortel også at dersom du veit at du har lyst til å verte lokførar, er det greitt å ta ei utdanning som gjer at du kjem inn på fagskulen.

– Då kan du anten ta fagbrev i ei rekkje fag eller ha generell studiekompetanse med fysikk og nok matematikk.

Ein lyt òg ha godkjend helse- og psykologisk test om ein skal køyre tog. 

– Mykje av den psykologiske testinga handlar om å kunne handtere stress. 

Tog i snøstorm

Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det mest utrulege er kanskje kjensla når ein køyrer tog i snøstorm og ser absolutt ingenting framfor seg.

Halldis Folkedal fortel at vinteren 2020 var ein hard vinter for lokførarar med mange snøstormar på fjellet.

– Eller å køyre nattog i måneskin og observere mange harar som spring på snøen. Eller reinsdyr då eg var student og køyrde på Nordlandsbana. Ein gong hadde eg ein hare framfor meg i sporet gjennom ein heil tunell. 

Kven vil vel ikkje reise med nattog i sommar, og sjekke inn på «Vondskapens lokomotell»? Foto: Halldis Folkedal/Flickr

Halldis Folkedal

Alder: 36

Frå: Granvin i Hardanger

Yrke: Lokomotivførar

Utdanning: Fagskuleutdanning som lokomotivførar. I tillegg har eg ei seksåring utdanning innanfor dans og har lektorkompetanse i dansefaget.