Når bussete blir burka: – Facebook gjer oss dummare

Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 26.08.2020 12:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nina Bahar har markert seg i samfunnsdebatten og har tidlegare vore assisterande generalsekretær i Skeiv Verden. Foto: Skeiv Verden

– Særleg i tabloide nyheitssaker inviterer media nærmast til kloakkfest i kommentarfeltet. Dei modererer vekk det som er eksplisitt hat, men lar ein del grums og rasistiske myter bli ståande uimotsagt, seier samfunnsdebattant Nina Bahar.

Bahar har vore aktiv i debatten rundt ekkokammer, kommentarfelt, og hatytringar.

– Vi veit at det er relativt få personar som skriv i kommentarfelta, men dei tar mykje plass, og det dei skriv har sjeldan til hensikt å føre til reell meiningsutveksling.

– Dessutan har kommentarfelt ei såpass negativ slagside, all den tid så mange av kommentarane reproduserer fiendtlege haldningar overfor rasifiserte, muslimar, skeive, funksjonshemma og andre som bryt med samfunnet sine normer, meiner Bahar.

Ei rekke norske medium har i seinare tid fjerna kommentarfelt frå eigne sider. Skjer det noko med vårt demokratiske sinnelag når kommunikasjonen går føre seg på nett?

Innvikla(nde) algoritmar

– Vi ønskjer jo å få stadfesta eksisterande fordommar. Det er ei djupt menneskeleg åtferd. Det er derfor filterbobler appellerer veldig til oss, fortel Petter Bae Brandtzæg, professor ved Universitetet i Oslo.

Petter Bae Brandtzæg er professor ved Universitetet i Oslo, der han har arbeidd mykje med sosiale medium. Foto: UiO

Ideen om såkalla filterbobler går ut på at algoritmane gradvis byrjar å kjenne deg som menneske, veit kva du trykker på og ikkje, kva for nettsider du er inne på, og deretter gir deg ei rekke anbefalingar basert på dette. Du får med andre ord servert ein innhaldsmeny basert på dine eksisterande preferansar.

– Derimot får du ikkje servert det som ikkje passar preferansane dine, og ein er såleis redd for at menyen blir veldig einsidig. Algoritmane viklar deg inn i innhald du allereie liker.

– Når det gjeld ekkokammer er du i større grad pådrivar sjølv. Du melder deg inn i ei Facebook-gruppe, du føretrekk å vere ein stad der du berre høyrer ekkoet av di eiga røyst. Dette kan bli ytterlegare forsterka av filterbobler: Når du fyrst blir trekt mot ei internett-gruppering som stør opp om haldningane dine, så vil algoritmane forstå dette, og forsterka ekkokammer-effekten, seier Brandtzæg.

Les også: Politikarar unngår å ytra seg av frykt for netthat

Illustrasjonsfoto: Unsplash

– Facebook gjer oss dumme

Studier viser at når likesinna diskuterer, kan dei enda opp med ein meir ytterleggåande posisjon enn nokon av dei hadde i utgangspunktet, fortel Brandtzæg.

— Konsekvensen av ekkokammer og filterbobler er ei polarisering og fragmentering som kan føre til oppløysing av fellesskapet som gir ei heilskapleg offentlegheit, seier UiO-professoren.

Ekkokammer verkar altså å vera resultat av vår natur: Sosiale medium legg berre til rette for at vi kan uttrykka våre psykologiske behov på nye måtar. Men kan sosiale medium også vri og venda på denne psykologien, og gjere oss til vrengebilde av oss sjølve?

– Når ein diskuterer ansikt til ansikt vil ein vera høflegare, og ein ser reaksjonen til den andre betre. I sosiale medium ytrar ein seg meir på refleks, seier Brandtzæg.

I psykologien snakkar ein gjerne om system 1 og system 2, der førstnemnde er våre automatiske og hurtige reaksjonar, medan sistnemnde er vår resonnerande, viljestyrte respons.

Foto: Emojipedia

– Facebook, med latterfjes, sinnafjes og likarklikk, appellerer til system 1. Eit døme er biletet av tomme busseter i Oslo som blei tatt for å illustrere at i denne bussen sat berre kvinner i burka. Dette er ein typisk psykologisk effekt: Ein ser det ein vil sjå. På toppen av dette kjem gruppedynamikken, som gjer oss endå mindre reflekterande. Facebook gjer oss på mange måtar dumme, fordi vi reagerer på system 1, fortel Brandtzæg.

Fanga i maskinen

Og i denne dumme transen blir vi verande. I det somme har kalla «flyt», blir vi dirigert frå det eine innlegget til det neste, frå video til artikkel. Sams for innlegga vi får sjå er at dei skal halda oss på plattformen, og såleis er akkurat passe krevjande – verken meir eller mindre.

Andre har kalla dette «maskinsona»: ein tilstand der ein blir dytta vidare av eit uimotståeleg momentum – ein blir så og seia tvinga vidare, ein gløymer seg sjølv.

Det er ingen behageleg tilstand, men heller ikkje ubehageleg.

– Plutseleg har ein brukt tre timar. Denne typen nettbruk er totaloppslukande. Det er alltid litt meir fristande å ty til telefonen enn å opne ei bok og byrje å lese.

Illustrasjonsfoto: Pixabay

Facebook og Google har informasjonsmonopol

Bruken av internett slik det funger no, går utover vår frie vilje og handlingskraft, fordi vi blir styrt, seier Brandtzæg.

– Særleg to aktørar, Facebook og Google, har informasjonsmonopol. At desse gigantane har fått så enormt med makt gjer jo at dei kan påverke vår frie vilje og tankane våre i stor grad. Ikkje berre veit dei alt om oss, dei kan også styre åtferda vår og kva vi skal bli eksponert for.

Brandtzæg er uroa over at desse selskapa, som det norske demokratiet langt på veg er prisgitt, til sjuande og sist er ute etter profitt:

– Desse selskapa er opptekne av éin ting: pengar, annonseinntekter. Så kan dei dytte åtferda vår i den retningen som til ei kvar tid er mest lønnsam, fortel han. Brandtzæg meiner det kom tydeleg fram i debatten om faktasjekking av Trump at Facebook først og fremst er økonomisk motivert.

Donald Trump. Foto: Shealah Craighead – White House

– For to veker sidan såg ein at Twitter faktasjekka Trump sine innlegg, mens Facebook ikkje gjorde det same. Twitter fall enormt på børsen i etterkant, medan Facebook ikkje blei råka av same fall.

Les også: Framtida vår er til sals: – Absolutt ein trussel mot demokratiet

Framleis mange som held hovudet kaldt

Men Brandtzæg ser også lyspunkt.

Studier viser at folk som bruker sosiale medium faktisk blir eksponert for meir variert innhald enn dei som ikkje gjer det, fortel Brandtzæg. Og trass i at ideen verkar intuitivt riktig, er det diskusjon blant forskarar om fenomenet filterbobler faktisk eksisterer, eller om det tvert imot berre dreier seg om ein fiks idé.

– Vi gjorde ein omfattande studie i samband med valet i 2019. Då gjorde vi innhaldsanalysar av debatten rundt spesielt polariserande tema: bompengar, ulv, vindkraft og innvandring. Ein av konklusjonane var at mykje av debatten var god, sjølv i sosiale medium.

Illustrasjonsfoto: Pixabay

– Mange av oss greier framleis å halde hovudet kaldt og diskutere på ein sakleg måte. Men så har du nokre debattar som går av skaftet, seier UiO-forskaren.

Er ekkokammer problemet eller symptomet?

Medan ekkokammer og filterbobler kan vera verd å retta fokus mot, åtvarar Brandtzæg mot at debatten om korleis ordskiftet går føre seg kan stå i vegen for viktigare tema.

– Vi har ein tendens til å skulda sosiale medium for å skape splid og polarisering, men vi skal ikkje gløyme at det er dei store samfunnsforskjellane som er dei verkeleg store motorane bak polarisering. Ønskjer ein seg eit ordskifte utan polarisering og splid, må ein begynne med dei store samfunnsproblema, med økonomisk ulikskap og rasisme, understrekar Brandtzæg.

Dette er eit syn Nina Bahar langt på veg stiller seg bak.

– Det som kjem til uttrykk digitalt kjem frå det analoge. Så lenge desse strukturane eksisterer i samfunnet, vil det ha som effekt at fleire av oss med minoritetsbakgrunn trekk oss vekk frå offentlegheita.

Artikkelen er ein del av ein artikkelserie om korleis demokratiet kan utvidast og utviklast vidare. Har demokratiet nådd toppen av utviklinga si no, eller kan det opnast for endå meir deltaking? Artikkelserien er støtta av Fritt Ord.

Les også: Skal vi svare på rasisme i kommentarfelta?

Illustrasjon: Linn Isabel Eielesn