Ida Johanne Aadland
Publisert
Oppdatert 11.04.2020 12:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Koding er eit eige språk for kommunisering med PC. Du kan for eksempel bruke det til å få figurer på PC-en til å gjere forskjellige ting, forklarar Amanda Marie Grimseid.

Sjuandeklassingen er hjelpelærar på kodeklubben til foreininga «Lær Kidsa Koding» i Grimstad i Aust-Agder.

Det er ein av foreininga sine 160 kodeklubbar, som er spreidde over heile landet, opne for alle og drivne av frivillige.

Som Lego og algebra

I Grimstad samlast mellom ti og femten unge kvar måndag for å lære seg å gje kommandoar til PC-en. På biblioteket får dei opplæring i Scratch, eit visuelt programmeringsspråk som skal gjere koding forståeleg for barn.

– Det er som Lego. Ein set klossar oppå kvarandre som blir til eit skript, altså oppgåva til figurane, seier Amanda som har vore med på kurset fleire gongar allereie.

Ein kalkulator og eit eventyrspel er blant tinga Amanda har programmert på eiga hand, men sistnemnde mista ho dessverre i eit lagringsuhell.

Klarar katten å treffe mål?

Slik ser programmet «Scratch» ut. Illustrasjonsbilde: Skjermdump frå kidsakoder.no

I dag er ho hjelpelærar, men for nokre veker sidan var det ho som stod fremst i klasserommet og forklarte kvar dei ulike boksane skulle leggjast og kva beskjedar ein skulle plotte inn.

Målet for denne kvelden er at den lille, gule katten i spelet «Straffespark» skal score mål, utan at den hoppande, blå blekkspruten står i vegen. Amanda går rundt og spør dei ti-tolv oppmøtte korleis det går, men akkurat i dag er det ikkje så mange som lurar på sjølve kodinga.

– Dei fleste problema er at Internett koblar seg av eller at musa sluttar å fungere, seier Amanda og flirer.

Les også: Bør kidsa kode på skulen?

Lett! Når du kan det..

Når du først har skjønt koding er det lett, skal ein tru Amanda. Ho forklarar at det er litt som matematikk, og at Excel er ein simpel form for programmering. Men akkurat som i algebra-timen ikkje er store feilen som skal til før alt går i stå.

– Manglar du ei blokk, sluttar heile spelet å fungerer. Om katten plutseleg snurrar i staden for å sparke ballen, veit du at du har gjort feil. Det er ikkje berre barnemat, seier ho.

Sjølv om koding kan vere litt kranglete av og til, forsikrar ho om at alle som har ein PC og litt interesse kan få det til. Ho skulle ønske fleire jamaldra tok turen, men er nøgd med at ein åttandedel av klassen har vore med på kurs.

Les også om finske Artem Kuosti (23): – Eg trur at i vår tid, så finst det ikkje noko som heiter personvern

Amanda (t.h.) står sjølv for undervisninga på Kodeklubben i Grimstad nokre kveldar, men denne gongen er ho med som hjelpelærar. Foto: Ida Johanne Aadland

Heimelaga heimeside

Klubben arrangerer også kodekurs spesielt for unge jenter, sjølvsagt leia av andre unge jenter. Amanda var innom og lærte å lage ei eiga heimeside frå «botnen av», men synest likevel det kjekkaste er når ho får lære vekk til andre.

– Eg har alltid vore veldig glad i å prate, seier ho.

– Trur du at du kjem til å jobbe med koding når du vert vaksen?

– Det kjem litt an på, eg må jo prøve andre ting også. Men eg trur på at programmering er framtida!

Les også: Koding er ikkje «gøy», det er teknisk og etisk komplekst