Mållaget krev at nynorsken blir sikra i digitale læremiddel
Noregs Mållag krev at regjeringa sikrar nynorsken og sårbare nynorskelevar i den nye opplæringslova. Mellom anna meiner det digitale læremiddel på nynorsk må sikrast.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det var eitt av dei viktigaste punkta på agendaen då Noregs Mållag i helga var samla til andre del av det digitale landsmøtet sitt i 2020. Første del av landsmøtet blei gjennomført i vår. Då blei det mellom anna gjennomført val av tillitsvalde og Peder Lofnes Hauge blei vald som ny leiar i organisasjonen.
– Møtet gjekk overraskande bra. Eg er både glad og letta no når vi er ferdige. Det er klart det var nokre digitale utfordringar ute i heimane til delegatane, men vi greidde å løyse dei aller fleste. Alt av voteringar og liknande fungerte så godt som det lèt seg gjere, fortel leiar Peder Lofnes Hauge i Noregs Mållag til Nynorsk pressekontor.
Regjering og Storting må på bana
Til våren kjem regjeringa med forslag til ny opplæringslov. Mållaget og Lofnes Hauge er klare på kva ønskjer dei har for den nye opplæringslova.
– Dei viktigaste sakene for oss i den nye opplæringslova er å lovfeste retten til å gå i eigen nynorskklasse på ungdomsskulen og sørgje for at den digitale læremiddelsituasjonen også blir bra for nynorskelevar, seier mållagsleiaren.
Han meiner situasjon ute i nynorske klasserom i dag er heilt uhaldbar.
– Dei aller fleste digitale læremidla finst berre på bokmål eller engelsk. Det går utover lese- og skriveopplæringa til nynorskelevane. Det håpar vi regjering og Storting vil ta ansvar for å gjere noko med. Dei bør både stille krav til dei som utviklar læremiddel, men òg lovfeste at digitale læremiddel skal omfattast av parallellitetskravet, som allereie eksisterer for trykte læremiddel, seier Lofnes Hauge.
I ei pressemelding trekker òg Mållaget fram at ein i ny opplæringslov må halde på retten til skulemålsrøystingar og få på plass ei reell tilsynsordning som passar på at språkrettane i skulen ikkje blir brotne.
LES OGSÅ: Vestland krev lærebøker på nynorsk
Jobbar inn mot alle parti
Mållaget vil både jobbe inn mot regjeringa, men og mot dei ulike partigruppene for å få gjennomslag for krava sine.
– Regjeringa kjem med forslaget til ny opplæringslov i vår. Akkurat no har vi størst trykk inn mot Kunnskapsdepartementet og Guri Melby, og vi har store forventingar til at i alle fall dei to hovudsakene våre blir ein del av lovforslaget, seier Lofnes Hauge.
I tillegg vil målorganisasjonen drive ordinært arbeid opp mot partigruppene.
– Vi skal ha eit stortingsval før ny opplæringslov skal behandlast i Stortinget. Så vi jobbar for å få flest mogleg av partia til å ta dette inn i valprogramma sine.
Diskuterte språklova
Under landsmøtet blei òg språklova diskutert.
– Språklova skal behandlast i Stortinget i haust. Vi var litt skuffa i mai då regjeringa kom med framlegget sitt. Vi hadde håpa at den skulle vere enno meir offensiv på vegner av nynorsken, seier Lofnes Hauge.
– Dei viktigaste endringane vi håpar å få til i stortingsbehandlinga, er at ein skal halde på kravet om at statstilsette må kunne skrive nynorsk. I tillegg ønskjer vi strengare språkreglar i dei nye fylkeskommunane. Vi meiner òg at denne lova bør ha sanksjonar slik at det skal straffe seg å bryte språkreglar som staten vedtar, avsluttar mållagsleiaren. (©NPK)
LES OGSÅ: Stine (21) fekk ikkje heimeeksamen på nynorsk: – Ein føler seg jo litt liten oppi det heile