Oda (21) sat heime og venta på koronasvar – fekk ikkje digital undervisning

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– NTNU er veldig på at me skal følgje smittevernreglane, men om ein gjer det får ein ikkje noko att for det. Me går glipp av førelesingar, seier Oda Mo Eikefet.

Tysdag for to veker sidan måtte trondheimsstudenten i karantene då ho hadde koronasymptom.

Andreårsstudenten fekk raskt test, som viste seg å vere negativ, men i mellomtida måtte ho halde seg heime og gjekk glipp av undervisning.

– Kvifor ikkje her?

Då 21-åringen frå Modalen, som er på andre året i ein bachelor i statsvitskap, fann ut at ho gjekk glipp av eit samfunnsøkonomifag med fysisk oppmøte kontakta ho førelesaren for å høyre om det var mogleg å få opptak.

Det var ikkje mogleg å følgje undervisninga verken live eller i ettertid digitalt, noko Fet reagerer på.

– Eg trur det er ein tendens ved NTNU at dei ikkje brukar opptak. Dei gjer det på UiB og UiO, så kvifor ikkje her? spør studenten.

– Ingen som les betre heime

Ho har ein teori om at universitetet kanskje er redde for at studentane skal slutte å dukke opp om undervisninga vert tilbydd digitalt, noko ho ikkje trur er tilfellet.

– Eg kjenner ingen studentar som påstår at dei les betre heime, understrekar ho.

21-åringen understrekar at dei faga som har lagt opp til heildigital undervisning funkar bra, sjølv om ho saknar å vere på lesesal og ha vanleg undervisning. Problemet oppstår i dei faga der det er lagt opp til fysisk oppmøte, men studentane må stå over på grunn av symptom.

Leiar for Studenttinget ved NTNU, Åste Hagerup, får fleire klager på manglande digitalt tilbod og mangel på fysisk unervisning. Foto: NSO

Studentleiar fortel om fleire klager

Leiar for Studenttinget ved NTNU, Åste Hagerup, kan stadfeste at opplevinga til Oda Mo Eikefet ikkje er unik.

– Me får ein jamn strøm inn i kanalane våre, der me høyrer om studentar som ikkje har fått eit tilstrekkeleg digitalt tilbod, fortel Hagerup på telefon til Framtida.no.

Ho fortel at nokre institutt er tvungne til å kjøpe inn eige utstyr og understrekar at NTNU har eit ansvar for å skaffe inn nok teknisk utstyr, som trengs til undervisninga.

– Me oppmodar NTNU til å gå i dialog med faglærarane, for å leggje til rette for eit digital undervisningsalternativ. Det er kjempeviktig, for me ser ikkje føre oss at dette vert ein midlertidig situasjon, seier Hagerup, som meiner det er på tide å anerkjenna den nye kvardagen.

– Det skal ikkje vere NTNU sin mangel på teknisk utstyr som påverkar studentane sin moglegheit til å delta i undervisning.

Hagerup meiner situasjonen er kritikkverdig og fryktar det kan føra til dårlegare studieprogresjon og fråfall.

Ho fryktar den ekstraordinære situasjonen kan gå ut over både det faglege og det psykososiale miljøet for studentane.

Prorektor for utdanning ved NTNU, Marit Reitan, medgjev at nokre situasjonar ikkje er optimale. Foto: Elin Iversen / NTNU

NTNU: – Nokre situasjonar som ikkje er optimale

Prorektor for utdanning ved NTNU, Marit Reitan, skriv i ein epost til Framtida.no at ho ikkje kan kommentera på einskilde saker.

– På generelt grunnlag kan eg seie at koronapandemien har skapt nokre situasjonar som ikkje er optimale for undervisninga. Vi rådar alle studentar som treng tilrettelegging om å kontakte sin studierettleiar for ein samtale om kva slags rettleiing som trengst og er mogleg, svarar Reitan via ein pressekontakt.

Prorektoren for utdanning ved NTNU skildrar den digitale overgongen som veldig brå, og medgjev at delar av vårsemesteret nok vart prega av å finne raske løysingar for å kunne halde fram med å gi studentane undervisning.

– No har mykje falle på plass, og vi har gjort mange grep for å auke kompetansen på digital undervisning hos dei tilsette og for å styrke digital infrastruktur og brukarstøtte. Vi ser no at kompetansen om digital undervisning har heva seg mykje i månadene sida vi stengte ned i mars. Eg er imponert over kor raskt folk heiv seg rundt, og kor dyktige mange har blitt til å bruke dei nettbaserte undervisningsressursane og metodane på kort tid.

Beredskapsgruppe for digital undervisning

Reitan forklarar at NTNU i etterkant av nedstenginga 12. mars oppretta ei eiga beredskapsgruppe for digital undervisning.

Sidan den gong har dei jobba kontinuerleg med å oppgradera infrastrukturen i undervisningsromma, lære opp tilsette til å bruke utstyret riktig og lage rettleiingar og forslag til beste praksis for digital undervisning.

– Om det er nok, er eit et opent spørsmål. Vi arbeider framleis med å oppgradera fleire av undervisningsromma, kurse tilsette og studentar i å bruke teknologien, og vi utvidar brukarstøtta. Dette vil vi halde fram med i det kommande undervisningsåret, skriv ho.

Reitan fortel at NTNU i likheit med Studenttinget har NTNU ei målsetjing om at studentane skal få best mogleg undervisning i haust, og at så mykje undervisningsaktivitetar som mogleg skal skje på campus.

NSO-leiar Andreas Trohjell. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO

Vårens hurtigdigitalisering

Leiar i Norsk Studentorganisasjon, Andreas Trohjell, ynskjer også at studentane skal vere mest mogleg fysisk tilstade – sjølvsagt med tilstrekkeleg smittevernomsyn.

– Det er fordi me veit det fører til betre læring, samt betre utfall på ting som psykisk helse, einsemd, fagleg og sosial tilhøyregheit til institusjonen, seier Trohjell.

Han peikar på at studentar er ei samansett gruppe og er oppteken av at også dei som er i risikogruppa, som har barn eller av andre årsaker ikkje kan vere tilstade, får tilstrekkeleg tilrettelegging.

– Har de eit inntrykk av korleis institusjonane har takla den digitale overgangen?

– Det er både òg. I vår opplevde me det som ei naudløysing, ei hurtigdigitalisering. Dette semesteret håpar med ei har litt meir kontroll, at dei tek med seg dei gode erfaringane og legg frå seg noko av det andre. Me får vente og sjå – og håpe dei landar godt.

Les også om utlandssemester med koronakarantene: – Mange har spurt meg om eg angra på at eg vart igjen

Emilie Hansen vart verande i Barcelona, sjølv etter all undervisning vart digital og alle vart sette i karantene. Foto: Privat