Thomas (25) fekk ros av finansministeren: – Ein blir litt audmjuk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– For nokre veke sidan traff eg 25 år gamle Thomas. Han droppa ut av vidaregåande opplæring og vart sitjande umotivert heime i tre lange år, før han fekk hjelp av Ressurs Tromsø til å finna att gleda og interessa for kokkefaget.

Det sa finansminister Jan Tore Sanner då han presenterte forslaget til statsbudsjett for 2021 for Stortinget.

– No er Thomas lærling med gode skussmål og meistringskjensle i kvardagen, fortsette ministeren.

– Vert litt audmjuk

Møtet med Thomas Harald Strand hadde gjort inntrykk på finansministeren, som vil skapa fleire slike historier.

Når Framtida.no kontaktar 25-åringen har han ikkje fått med seg merksemda frå landets viktigaste talarstol, men han set pris på merksemda.

– Ein blir litt glad av å bli sett pris på, samstundes som ein vert litt audmjuk, seier Strand.

Han tykte det var koseleg då finansministeren vitja han på læreplassen i Rådhuskantina i Tromsø kommune.

Droppa ut av læretida

Som 15-16-åring synest Thomas Harald Strand at det var vanskeleg å velja kva han skulle bli og prøvde både elektrofag og medier og kommunikasjon, før han enda opp på kokkelinja.

– Eg følte ikkje eg var heilt klar for det valet og synest framleis det er tidleg for ungdom å velja kva dei skal bli når dei er 16 år, seier Strand, som understrekar at det ikkje er slik for alle.

Etter to år skule byrja han i lære på eit hotell i Tromsø i 2016. Det vart eit hardt møte med arbeidslivet og etter ein månad slutta han.

– Det var veldig mykje press, så var det arbeidstida og oppgåver eg ikkje følte meg klar for. Det er eit heilt anna miljø på eit hotellkjøkken, enn eit kantinekjøkken der eg er no, fortel Strand på telefon.

Han har nettopp avslutta arbeidsdagen i Rådhuskantina hjå Tromsø kommune, der han starta på ny som lærling i august i år.

Sjølv om det er hektiske dagar og mykje å gjere, føler Strand at han passar mykje betre inn.

– Eg har greie kollegaar, som er flinke å læra bort, difor har det så langt vore ei koseleg opplæring, skryt kokkelærlingen.

Frå NAV til Ressurs

I dag fullfører nesten åtte av ti vidaregåande opplæring, medan regjeringa har eit mål om å få ni av ti gjennom.

På budsjettet for 2021 har dei sett av 150 millionar kroner for at avgangselevar som går med hol i vitnemålet kan få høve til å fullføre og like mykje til å utvida tilbodet om å fulføra på skulen dersom ein ikkje får lærlingplass.

Etter fleire år utanfor arbeidslivet, der dagane gjekk med til å spele spel, gå på biblioteket og sjå seriar, medan han lurte på kva han skulle bli, tok Strand kontakt med NAV.

– Ein saknar å føla at ein oppnår noko i livet og at ein kjem ein plass, seier Strand.

Han skildrar åra han var utanfor skule og jobb som ein slags limbotilstand, som han er glad for at han har lagt bak seg.

Thomas Harald Strand vart sett i kontakt med Ressurs Tromsø, som leverer tenester for NAV. Der fekk han hjelp kurs i å skriva CV, spara til bustad og hjelp til å få ein to månader lang arbeidspraksis i kantina til vatn- og avløp i kommunen.

Men etter berre ein månad vart praksisen avslutta på grunn av koronanedstenginga, noko som gjorde at Strand frykta å dette tilbake i grøfta han opprinneleg var i.

– Ein blir jo litt oppgitt når ting byrjar å sjå lysare ut, så plutseleg kom nedstenginga, fortel Strand.

25-åringen hadde likevel fått gode skussmål, som hjelpte han vidare til å få ta opp att læretida.

Bruk ressursane

Strand gjev Ressurs Tromsø mykje av æra for at han kom inn att i arbeidslivet.

– Har du nokre råd til andre i same situasjon?

– Eg er ikkje akkurat den beste guruen på dette, men om ein har noko tilsvarande som Ressurs Tromsø er det lurt å ta i bruk. Det er eigentleg berre det å ha ei hjelpande hand og nokon som kan visa korleis det gjerast og hjelpa deg framover, avsluttar han.