Tiltak for permitterte lærlingar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Målet er at flest mogleg kan ta fag- eller svenneprøven utan vesentlege forseinkingar.

– Det er mange lærlingar som har det tøft, fordi dei har vorte permitterte frå jobben i lærebedrifta si. Difor arbeider regjeringa med å finne praktiske løysingar, slik at flest mogleg får teke fag- eller svenneprøven sin, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby i ei pressemelding.

Gjer unntak frå krava

Det er fleire krav til gjennomføring av fag- og svenneprøver. For å sikre at flest mogleg får avlagt prøven sin, føreslår regjeringa å gjere endringar i forskrftene om dispensasjon frå krava til fag- og svenneprøver for dei som blir ramma av koronasituasjonen.

– Det eine unntaket dreier seg om at fylkeskommunane kan fråvike kravet om at heile prøvenemnda må vere tilstades ved oppstart og avslutning av prøven. Eit anna unntak er at læretida kan kortast ned, etter at lærlingen har bestått fagprøven, dersom lærlingen har vore permittert på grunn av koronasituasjonen, seier Melby.

Alternativ opplæring i skulen

Dersom lærlingane blir permitterte kan fylkeskommunane tilby lærlingane ei alternativ opplæring i skulen, så lenge smittevernstilsynet tilseier det.

Melbys mål er at fylkeskommunane skal kunne gjennomføre fag- og svenneprøver for flest mogleg lærlingar våren 2020. Det same gjeld avsluttande prøvar for lærekandidater og praksisbrevkandidatar.

Fakta

  • 4029 læringar/lærekandidatar er permittert eller sagt opp etter første mars.
  • Det er flest permitterte lærlingar innan utdanningsprogramma restaurant- og matfag, design og håndverk (frisørfaget), begge med over 900 permitterte.
  • Det er færrast som er permittert innan helse og oppvekst, og naturbruk.
  • Mange lærlingar er også permittert i service og samferdsle (576), teknikk og industriell produksjon (561), elektrofag (522) og bygg- og anleggsteknikk (422).