Slik vil regjeringa sikra vgs-elevar og lærlingar

Regjeringa vil bruka 850 millionar kroner til tiltak i vidaregåande skule og lærebedrifter.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag er nesten 360.000 nordmenn heilt eller delvis arbeidsledige, mange på grunn av koronakrisa.

Krisetiltaka har òg gått hardt ut over lærlingane. Sjølv om fleire er tilbake på jobb er framleis 2800 lærlingar permitterte, flest av desse innan restaurant- og matfag, ifølgje Utdanningsdirektoratet.

I dag kjem regjeringa med ein ny tiltakspakke for fase 3, som tek sikte på å få samfunnet i gang igjen.

«Utdanningsløftet 2020»

I går skreiv VG at regjeringa gjennom «Utdanningsløftet 2020» føreslår å gje nærare 850 millionar kroner til tiltak i vidaregåande opplæring retta mot både vaksne, ungdom og lærebedrifter.

– Det som uroar oss mest no, er dei som ikkje fullfører vidaregåande utdanning, og ikkje får lærlingplass. Difor kjem vi no med ei kraftig satsing, seier statsminister Erna Solberg til avisa.

Regjeringa vil mellom anna sette av 170 millionar til å auke lærlingtilskotet til bedriftene.

Dei vil òg gje fylkeskommunane 175 millionar kroner til rekruttering av lærebedrifter og andre målretta tiltak for lærefag som er hardt råka.

14 lærlingar oppsagde

14 lærlingar er oppsagde under koronakrisa.

Krisa har gått hardast ut over kokkelærlingar, frisørlærlingar og elektrikarlærlingar.

– Sjølv om det er krise over heile landet, ser det ulikt ut rundt omkring. Akkurat no er hotell- og restaurantbransjen hardast raåka. På lang sikt kan andre bransjar bli hardare råka, seier kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) til VG.

Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) og forsking- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) er begge urolege for at krisa vil føra til høgare ledigheit og utanforskap blant 18-28-åringane.

Regjeringa har allereie oppretta 5000 nye studieplassar til hausten. 

I tillegg vil dei bruka 300 millionar på at permitterte og ledige utan fullført utdanning kan få fullføra.

Les også: VGS elevar tilbake på skulen: – Folk har blitt late her no. Folk har gitt opp håpet

Frå venstre: Hamza Hussain (18) og Hanouk Tewelde (17) er uroa for om dei får læreplassar til hausten. Suleiman Mohammad (17) har på si side bestemt seg for påbygg, slik at han kan studere vidare.