I forslag til nytt arbeidsprogram føreslår Raudt ei ny ordning som skal gjere det enklare for personar med studiespesialisering å ta yrkesfag.
mm

– Politikarar likar å seie at meisterbrev er like viktig som mastergrad, og då må ein ha politikk som speglar det, seier Raud Ungdom-leiar Alberte T. Bekkhus til Framtida.no.

Bekkhus har vore ungdomspartiet sin representant i komiteen som har arbeidd fram Raudt sitt forslag til nytt arbeidsprogram. I forslaget går partiet inn for omvendt påbygg.

I dag kan elevar som vel yrkesfag på vidaregåande ta eit år med påbygg, og såleis få studiekompetanse. Raudt ynskjer ei tilsvarande ordning for dei som har gått på studiespesialiserande linje, men som så vil ha yrkesfagkompetanse.

Samstundes går partiet inn for at tilskotet bedrifter får for å ta inn lærlingar skal vere like høgt anten ein har ungdomsrett eller ikkje.

Framtida har behov for fagarbeidarar. Då bør det vere enklare å verte det, slår Bekkhus fast.

Angrar på studievalet

– I dag er det utruleg mange som går til rådgjevar i ungdomsskulen, og får beskjed om at dersom du ikkje veit kva du skal bli, gå studiespesialiserande for då har du alle mogelegheiter opne. Men det er ikkje tilfelle, seier Bekkhus.

Ho peikar på si eiga erfaring som eit døme. Ho var skuleflink og hadde gode karakterar, men då ho lufta for rådgjevaren at ho kanskje kunne gå yrkesfag vart det avfeia. No sit ho att med studiekompetanse, men angrar: 

– Eg ville heller hatt mogelegheita til å få yrkesfagkompetanse og eit fagbrev. 

Bekkhus påpeikar at endå det finst tilbod for dei som vil gå i yrkesfagleg retning seinare i livet, så er vegen dit kronglete og tek meir tid.

Dersom du har brukt opp ungdomsretten din, stiller du bakerst i køen på vidaregåande-opptak og per i dag får ikkje bedrifter like høgt tilskot for å ta deg inn som lærling.

Ein kan ta fagbrev som praksiskandidat, men lyt då ha arbeidd i faget i fem år.

– Mange seier dei vil gjere det lettare å gå frå studiespesialiserande til yrkesfag, men vi treng konkrete retningar, seier Raud Ungdom-leiaren og trur det kan vere brei semje kring Raudt sitt forslag.

Læreplassmangel

Framskrivingar frå SSB syner at Noreg i 2035 kan mangle nærare 100 000 fagarbeidarar. Samstundes er det i dag ikkje tilstrekkeleg med lærekontraktar til yrkesfagelevane, slik at dei får fullført fag- og sveinebrevet sitt.

Endå 78 prosent av søkarane i 2019 fekk læreplass, stod likevel kring 15 prosent igjen utan noko tilbod.

– Korleis skal det vere læreplassar nok til alle dersom ein utdannar fleire innan yrkesfag?

– For det første må retten til læreplass verte lovfesta. Staten må ta eit større aktivt ansvar for at folk har ein arbeidsplass å gå til, og at ein har fagarbeidarane som trengst for framtida, seier Raud Ungdom-leiaren. 

Ho peikar på tiltak som Oslo-modellen, der selskap som gjer ting på vegner av kommunen er plikta til å ta imot lærlingar.

– Det er eit samfunnsansvar å ta imot fleire lærlingar. Vi har nok av folk med master i statsvitskap, slår Alberte T. Bekkhus fast.


Les mellom anna om Joakim (27) som er frisør: – Mitt tips til deg som ønskjer å bli frisør er at ein aldri skal vere redd for å gjere feil, det er då ein verkeleg lærer

Her er Joakim Sumstad i sving under NM i frisørfag 2019, der han henta heim to gullmedaljar. Foto: Privat
Oppdatert: tysdag 22. september 2020 08.56

LES OGSÅ

ANNONSE