Nesten åtte av ti søkarar fekk læreplass i 2019
Nesten åtte av ti søkarar fekk læreplass i fjor. Totalt ønskte 28.600 seg læreplass.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Av 28.600 personar som søkte om læreplass i fjor, byrja om lag 22.300 i lære på ein arbeidsplass, opplyser Kunnskapsdepartementet. Det svarer til 78 prosent.
Kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande vil auka talet ytterlegare.
– 8 av 10 er gode tal, men vi er ikkje i mål. Det er framleis fleire tusen ungdommar som vil ta fag- og svennebrev, som ikkje får draumen sin oppfylt, fordi det er mangel på læreplassar. Det blir gjort mykje rett i fylke og bedrifter som vi skal bygge vidare på, men det er heilt avgjerande for ungdommane at yrkesfagtilbodet blir betre, seier kunnskaps- og integreringsminister Trine Skei Grande (V) i ei fråsegn.
I tillegg til at 78 prosent fekk lærekontrakt, fekk 3 prosent opplæringskontrakt med ei bedrift. I tillegg starta 4 prosent fagopplæring i skulen. Om lag 15 prosent av søkarane stod utan noko tilbod.
Møre og Romsdal, Oslo og Rogaland hadde den høgaste delen av søkarar som fekk lærekontrakt i fjor.
Grunna nye tal etter regionreforma kan tala for 2019 ikkje samanliknast med tidlegare år.
- Les også innlegget: No må vi ta ungdom på alvor, og gje dei læreplass!