Auke for yrkesfag: Her er dei mest populære linjene

Søkartala til vidaregåande er klare. Litt fleire jenter vel gutedominerte utdanningsprogram.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1. mars gjekk søknadsfristen til vidaregåande skule ut og no er søkjartala klare. I alt 205 800 elevar har søkt om skuleplass til hausten.

Yrkesfaga har fått ein oppsving. 650 fleire ungdommar søker yrkesfag på Vg1, samanlikna med i fjor. For studieførebuande har talet gått ned med 250 elevar. Det viser tala frå Utdanningsdirektoratet.

Media med størst nedgang

Hausten 2016 vart medier og kommunikasjon endra frå yrkesfag til studieførebande. I år er første gongen sidan endringa vart gjort at eit fleirtal av elevar søker på yrkesfag.

Medier og kommunikasjon har størst nedgang i talet på søkarar på Vg1, med 350 færre søkarar enn i 2019-20. Sidan utdanningsprogrammet blei oppretta i 2016, har det vore ein nedgang i talet på søkarar på 38 prosent.

Kunst, design og arkitektur er det utdanningsprogrammet med størst auke i søkartal med 150 fleire søkarar på Vg1 samanlikna med i 2019. Dette svarer til ein auke på 12 prosent.

Elektrofag har hatt ein svak, men fast nedgang i søkartalet sidan 2015. Teknikk og industriell produksjon held fram oppgangen.

LES OGSÅ: To ting er viktigare enn karakterar når du søker lærekontrakt

Søkarar til yrkesfag fordelt på utdanningsprogram:

LES OGSÅ: I år kan du velja fire nye yrkesfag

Vel utradisjonelt

Som før er det store forskjellar i søkemønsteret til gutar og jenter. Gutar dominerer i svært stor grad blant søkarar til bygg- og anleggsteknikk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon.

Men det har aldri vore fleire jenter som søker seg til desse utdanningsprogramma enn for skuleåret 2020-21, ifølgje tala frå Utdanningsdirektoratet.

Det nye utdanningsprogrammet informasjonsteknologi og medieproduksjon er òg gutedominert, med 87 prosent mannlege søkarar.

Det er størst overvekt av jenter som søkar helse- og oppvekstfag og kunst, design og handverk. Utdanningsprogrammet med størst overvekt av kvinnelege søkarar er det nye utdanningsprogrammet frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign. Her er det berre 9 prosent mannlege søkarar.

Rhine Storetvedt vil bli elektrikar om bord på ubåt. Les portrettintervju av ho her!

– Det er nok mange som ikkje vel yrkesfag fordi dei ikkje vil skilja seg ut, seier Rhine Storetvedt (17), elektroelev ved Stord vidaregåande. Foto: Svein Olav B. Langåker

Her er det flest søkarar på Vg1:

  1. Studiespesialisering: 25487
  2. Helse- og oppvekstfag: 10684
  3. Teknikk og industriell produksjon: 6365
  4. Elektrofag: 5894
  5. Idrettsfag: 5477
  6. Bygg- og anleggsteknikk: 4289
  7. Musikk, dans og drama: 2763
  8. Sal, service og reiseliv: 2564