Kulturkjendisar til Erna Solberg: – Evakuer barna frå Moria no

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me ser det beste og verste av menneske når me no står i ei krise. Kanskje kan vår eiga uro auke medkjensla med menneske på flukt, og kanskje kan me lettare kjenne på kva som blir viktig når verda rundt raknar.

Det skriv artist og sjukepleiar Marthe Valle i eit Facebook-innlegg som er delt over 3000 gongar.

Innlegget er skrive saman med anestesilegane Anne Cecilie Tvedten og Hanne Edøy Heszlein-Lossius, samt barnepsykolog Katrin Glatz Brubakk.

Artist og sjukepleiar Marthe Valle har engasjert seg sterkt i flyktningsaka. Foto: Asamaria.com

Uroa frivillige helsearbeidarar

Som helsearbeidarar er dei svært uroa for menneska som sit i flyktningleiren Moria på den greske øya Lesvos.

– Som mangeårige frivillige i leirar og på strendene ved Europas yttergrenser, er me også livredde for kva som ventar menneska i flyktningleirane på dei greske øyene når koronaviruset når tusenvis av dårleg ernærte, kalde og internerte menneske utan sanitære forhold, skriv dei i innlegget.

Vidare skriv dei at organisasjonane som framleis er i leiren fortel at greske myndigheiter ikkje har ein plan for kva som skal gjerast når viruset når flyktningleirane.

– Det kan verke skummelt og komplisert å skulle evakuere ein flyktningleir samstundes som det pågår ein pandemi. Dei mest sårbare må evakuerast til stader med betre helseberedskap. Det å flytte resten av befolkninga i Moria til andre lokalisasjonar med tilgang på såpe, vatn og større plass vil vere kritiske smitteverntiltak for å hindre vidare spreiing, skriv dei vidare.

Flyktninghjelpen uroa

Dei er ikkje åleine om å vere uroa for dei kring 13.000 vaksne og 7000 barna som sit fast i Moria. (Tala på kor mange som bur der varierer noko frå kjelde til kjelde, men held seg rundt 20.000, der kring 7000 av dei er barn.)

Generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland, åtvarar om at koronaviruset vil føra til massedød i overfylte flyktningleirar og oppmodar til handling.

– Medan verdas statsleiarar jobbar med å unngå eit skrekkscenario innanfor eigne landegrenser, må dei ikkje snu ryggen til dei som bur utanfor grensene. Me må stå i internasjonal solidaritet med folk på flukt gjennom denne veldig usikre perioden, seier han til VG.

11. mars var det planlagt ei markering med bodskapen Evakuer barna fra Moria nå framfor Stortinget, men denne vart avlyst på grunn av koronaviruset.

På sosiale medium deler no både privatpersonar og kjendisar ei klar oppmoding til Erna Solberg og regjeringa:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#evakuerbarnaframorianå @erna_solberg @regjeringen

Et innlegg delt av Helene Bergsholm (@helenebergsholm)

Både skodespelar Helene Bergsholm og kjærasten Alva Brosten, som er designar har delt bodskapen – på nynorsk:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#evakuerbarnaframorianå @erna_solberg @regjeringen

Et innlegg delt av Alva Brosten, Costume Designer (@alvabrosten)

Det same har redesigndronning Jenny Skavlan:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#evakuerbarnaframorianå @erna_solberg @regjeringen

Et innlegg delt av Jenny Skavlan (@jennyskavlan)

Instagram-poet Trygve Skaug:

Og skodespelar Frank Kjosås:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#evakuerbarnaframorianå #humans #solidarity

Et innlegg delt av Frank Kjosås (@thefrankable)

Bandmedlemmane i No. 4 har delt songen sin Vi blir hjemme dei siste dagane, og oppmodar regjeringa til handling:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#evakuerbarnaframorianå @erna_solberg @regjeringen

Et innlegg delt av No. 4 (@no4band)

Exit-skodespelar Tobias Santelmann har fått med seg dottera si for å kreve handling:

 

Se dette innlegget på Instagram

 

#evakuerbarnaframorianå @erna_solberg

Et innlegg delt av Tobias Santelmann (@santelmann)