Karpe gir bort inntektene – vil betre situasjonen for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar

Karpe held løftet sitt om å «gi bort alt». No lanserer de Patel og Abdelmaguid Foundation, som årleg skal dele ut middel til prosjekt som ønskjer å betre situasjonen for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det melder rapduoen på Facebook-sida si , der dei òg legg ut bilete av avtalen der begge overfører rettane til inntektene frå musikken sin til fondet, forkorta til PAF.

Første tildeling blir i oktober 2021.

– Det er arva vår

Chirag Rashmikant Patel og Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid fortel dette om løfta dei gav kvarandre for snart ni år sidan:

«Hvis vi en eller annen gang i livet, mot alle odds, eier masterrettighetene til alle utgivelsene våre … så gir vi bort alt. Hele katalogen. Alle inntektene. For resten av livet og en god stund til. Det er arven vår.»

«Hvis vi en eller annen gang i livet, mot alle odds, eier masterrettighetene til alle utgivelsene våre… så gir vi bort…

Posted by Karpe on Måndag 17. august 2020

– Dette vi har drøymt om lengst

– Av alle prosjekt vi har gjennomført til no er dette det vi har drøymt om lengst. Løftet har òg vore bensinen vår i møte med dei som har lurt oss, utnytta oss eller stole frå oss, skriv Magdi og Chirag, og siktar til den årelange konflikten sin med det gamle plateselskapet sitt, som ifølgje DN enda med at dei i fjor kjøpte tilbake rettane til dei første fire utgivingane sine.

– Vi er fødde i Noreg. Vi har ikkje jobba hardare, vi fortener det ikkje meir og vi har ikkje gått frå 0 til 100. Ingen av oss veit eingong kva 0 er. Foreldra våre kom hit og vi fekk ein sjanse. Å gi katalogen vår tilbake til menneske som er i same situasjon som dei var, eller med eit endå vanskelegare utgangspunkt, er full sirkel for Karpe. Så vi held løftet vårt, står det vidare i fråsegna på Facebook.

Vil gi pengar for å hjelpe flyktningar

Kvar gong nokon frå no av høyrer på Karpe-låter frå debuten «Glasskår» til «SAS PLUS / SAS PUSSY», går alle inntektene rett til Patel og Abdelmaguid Foundation.

Stiftinga skal éin gong i året dele ut pengar til både små og store prosjekt som ønskjer å betre situasjonen for flyktningar, asylsøkjarar og innvandrarar – i Noreg og resten av verda.