«Eg orkar ikkje ei verd der døde ungar flyt i land»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Teksten stod først publisert på Facebook, men er gjengjeve med løyve frå forfattaren.

Alle hugsar Alan Kurdî, den tre år gamle guten med raud t-skjorte som vart funne drukna på ei tyrkisk strand. Og så gløymde me han igjen.

Det er fem år sidan han drukna. I forgårs flaut endå ein liten unge i land, denne gongen i Tunisia. Også hen med blaut shorts, livslaus kropp og nakne barneleggar, men utan kjent namn og utan familie til å gravleggje hen. Kor mange tusen andre ungar og vaksne som har har drukna på dei fem åra som har gått er det ingen som veit sikkert, berre at det er mange.

Det har ingenting å seie kva bakgrunn dei som kjem har eller kva framtid dei ser for seg. Om du flyktar frå krig og trugslar eller frå dårlege økonomiske kår betyr ikkje noko som helst. Ingen menneske skal måtte drukne på veg til Europa for å søkje asyl.

Ingen menneske skal måtte drukne på veg til Europa for å søkje asyl

Fordi det er ein menneskerett å søkje asyl. Men slik det er no er det umogleg å kome seg til Europa utan å samstundes måtte risikere livet. Om det ikkje finst trygge vegar til Europa, brukar folk drittbåtar, menneskesmuglarar og falske redningsvestar i staden, og druknar i hopetal mens me kan velje å sjå vekk.

Noreg sender pengar som skal gå til auka mottakskapasitet i greske leiar for å «hjelpe dei der dei er», men Hellas får ikkje brukt pengane, fordi dei etter å ha lånt svære summar av EU er pålagt å kutte i offentleg sektor. Så Hellas sender millionane i retur i staden.

Saman med resten av Europa sponsar Norge libysk kystvakt, som under instruksen «brems flyktningstraumen til Europa», trugar og tauar båtar brutalt tilbake til Libya og seksuell vald, tortur og tvangsarbeid.

Heime i Norge stenger me asylmottak og har fleire som står nesten tomme – i juli budde det tolv personar på mottaket i Råde som har tusen senger. Me klarar sannsynlegvis heller ikkje å ta imot alle kvoteflyktningane me hadde lovd i år.

Kva i all verda skal me gjere? Eg orkar ikkje ei verd der døde ungar flyt i land fordi me har bestemt at Europa skal vere stengt for dei.

Donere pengar?

Følge @Budbringeren og @Kristina Quintano for å kvar dag bli minna på kva som skjer?

Engasjere oss i organisasjonar som jobbar mot fordommar og for inkludering?

Bruke tipskanalane til media for å få dei til å skrive om kva som skjer på Europa sine grenser?

Støtte partia som vil behalde redningskipa i Middelhavet framfor dei som vil straffeforfølgje dei?

Eg anar ikkje.

Men me er så jævlig langt frå å gjere nok.


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Les også meiningsinnlegget Ida Johanne Aadland skreiv medan ho jobba som frivillig i flyktningleiren Vial på Chios: «Kvifor har eg etter tre veker blitt van til å sjå ungar med rotne tenner?»

Foto: Ida Johanne Aadland