Koronakrisa kan føre til auke i psykiske problem blant unge

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ein ny studie gjennomført av NOVA samanliknar rapportert livstilfredsheit og subjektiv livskvalitet blant ungdom før og under koronaepidemien.

– Funna viser ein sterk nedgang i kor tilfredse dei er med livet og andre aspekt av subjektiv livskvalitet under covid-19-pandemien for både jenter og gutar, seier professor ved psykologisk institutt ved Universitetet i Oslo og forfattar av studien, Tilmann von Soest.

God grunn til å tru psykisk plager har auka

Livstilfredsheit har ifølgje von Soest samanheng med angst og depresjon.

Resultata av studien tyder på at det er viktig å fokusere på ungdom som slit framover.

– Pandemien vil halde fram med å påverke oss ei god stund, sjølv om skulane har opna att. Det er derfor grunn til å gå ut frå at også psykiske plager har auka, seier von Soest.

Undersøkinga er basert på data frå spørjeskjemaundersøkingane «Oslo-ungdom i koronatida», «Ung i Oslo 2018» og «Ungdata 2020».

F.v. Emilie Vang, Gaute Wiik, Stian Sørensen og femannskolektivet med Inger-Johanne Jørstad. Foto: Privat