Åtvarar studentane: – Landet blir stengt dersom smitta aukar mykje

Festglade studentar blir bedne om å dempe festinga som har gått føre seg. – Viss smitta aukar mykje, må vi stengje landet igjen, åtvarar helseministeren.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ingen unge menneske ønskjer å spreie farleg smitte, men eg trur at mange unge ikkje veit at dei kan ha viruset utan å vite det og spreier det utan å vilje det, sa Høie på pressekonferansen til regjeringa tysdag.

Høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) understreka at det er viktig at nye studentar blir kjende med kvarandre, men ber studentane om å ha litt perspektiv på situasjonen.

– Ei dempa fadderveke er ei veldig god investering for å sleppe å sitje åleine med digital undervisning på hybelen resten av hausten, påpeika Asheim.

Forskings- og høgare utdanningsminister Henrik Asheim (H) meiner at faddervekene er viktige og at dei derfor ikkje bør avlysast fullstendig. Men han ber den omsynslause festinga om å ta slutt. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK

– Uaktuelt å avlyse faddervekene

Faddervekene i haust er allereie godt i gang, og i desse dagane vender over 300.000 studentar tilbake til dei respektive studiestadene sine. Den siste veka har ei rekkje festar i hovudstaden fått stor merksemd etter at over 40 personar har vorte koronasmitta på festar.

Oslo kommune varsla tysdag at dei set inn vakter i parkane som skal passe på situasjonen, og kommunen truar med å bruke forbodet mot drikking på offentlege stader som påskot til å stanse festinga.

Fleire har teke til orde for at årets fadderveker bør avlysast heilt, men det ønskjer ikkje høgare utdanningsminister Asheim.

– Det er heilt uaktuelt at vi skal gripe inn og komme med eit råd om å avlyse faddervekene, men dei omsynslause festane må opphøyre med ein gong, seier han til NTB.

Regjeringa oppmodar festglade studentar om å vise omsyn og om å dempe festinga under årets fadderveker. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix / NPK

– Skal mykje til for å stengje barneskulane

Neste veke startar òg mange barneskuleelevar første skuledag rundt om i landet. Kunnskapsminister Guri Melby (V) er oppteken av at skulekvardagen skal opplevast så normal som mogleg.

– Men alt er ikkje normalt. Årets førsteklassingar kan ikkje handhelse på rektor på første skuledag. Ein del stader får ikkje vi foreldre følgje barna inn i skulebygget. Smittevernreglane gir nokre avgrensingar i barnehage- og skulekvardagen, seier Melby.

– Det klare målet vårt på nasjonalt nivå er at vi skal halde barnehagar og skuleklassar opne, slik at ingen hamnar bakpå i utdanning eller i opplæring. Det skal veldig mykje til før vi stengjer heilt ned igjen, seier Melby.

Barn blir sjeldan smitta

Koronaviruset smittar svært få barn i Noreg, og neste veke opnar barneskulane med vanlege klassar som normalt.

– Skulane hadde gult nivå før ferien og vil òg starte i gult neste veke. Det betyr at ein kan ha vanleg storleik på klassane, men at det bør vere avgrensa kontakt for å avgrense eventuell smitte, seier avdelingsdirektør Line Vold i Folkehelseinstituttet (FHI).

Av dei 9.638 personane som er smitta av covid-19 så langt i Noreg, er berre 231 barn under ni år – altså 2,3 prosent.

– Barn blir sjeldnare sjuke av covid-19 og får milde symptom. Men også barn kan smitte andre når dei blir sjuke, påpeikar Vold.

Les også innlegget frå NSO-leiaren: «Faddervekene i år er endå viktigare enn før»

NSO-leiar Andreas Trohjell. Foto: Skjalg Bøhmer Vold/NSO