Eit utlandssemester med koronakarantene: – Mange har spurt meg om eg angra på at eg vart igjen


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Det er no litt over to veker til eg skal reise heim igjen til Noreg, og til utvekslingsopphaldet mitt i Barcelona er over. Eg er snart ferdig med eit heilt semester på Universitat de Barcelona, men har berre vore fysisk til stades i eit klasserom fire veker av opphaldet mitt her, noko som kjennast veldig rart ut.

Sist eg skreiv om karantenekvardagen, hadde vi i Gran Via vore inne i leiligheita vår i 2 veker. Desse 2 vekene vart til 7 veker der einaste lovlege tur ut var for å handle mat eller kjøpe medisin. Og eg skal ikkje lyge: det har vore j***a tøft.

Det har vore j***a tøft

Alle dagar blir like, alt blir grått, og meiningsløysa kjem krypande fram frå alle mørke krikar og krokar. Nokre dagar har det vore vanskeleg å stå opp, for kva er vitsen? Har eg nokon planar i dag? Nei. Ingen planar i dag, eller i morgon, eller neste veke. Ingenting.

Alle dagar har vorte til måndagar

Det er som om ein blir sliten av å vere innestengd, sjølv om ein ikkje gjer noko. Og når ein ikkje gjer noko, er det vanskeleg å sovne på kveldane, og å finne igjen matlysta. Døgnet blir fort snudd om, og ein veit ikkje kva dag det er lenger, fordi ein laurdag kjennast ut som ein måndag. Alle dagane har vorte til måndagar, og eg hatar måndagar.

Fann dette biletet på veg til supermarkedet på ein av mine 7 måndagar i veka. Det beskriv godt korleis det har vore inne i hovudet i denne perioden. Foto: Emilie Hansen

Heldigvis bur eg ikkje aleine, då trur eg at eg hadde tørna fullstendig.

Nokre dagar når både eg og roomien min Emma har vore på botnen samstundes, ser vi på kvarandre, og startar å flire. Ansikta våre ser heilt like ut, som om der skulle ha stått «f**k this» med store svarte bokstava i pannene våra. Vi er leie av å vere innestengde, og vi er lede av skule, men det at vi er to gjer det litt enklare.

Evigvarande heimeeksamen

Vi har begge brukt mykje tid saman i stova, som har vorte den nye «lesesalen». Skulearbeid har vore krevjande. Det er jo krevjande å vere student i utgangspunktet, det skal ikkje vere lett å ta høgare utdanning. Men når du ikkje får påfyll med energi gjennom nye opplevingar, eller å vere saman med familie og vennar, aukar vanskelegheitsnivået betrakteleg.

For meg består dette semesteret av 8 eksamenar og 4-5 innleveringar, nokon av desse innleveringane er like store som ein heimeeksamen i Noreg. Det har vore mykje arbeid, og lite tid mellom innleveringsfristane.

Ein vanlig samtale ved spisestuebordet/studiebordet våra er:

«Emma?»

«Yes?»

«I DON´T WANNA DO THIIIIIIS!!!»

«I know sweetie, I know. Neither do I.»

Og så fortset vi å presse ut ord til nokre veldig halvhjerta tekstar om Durkheim og kvalitativ metode. Unnskyld, Durkheim, for alle skjellsord eg har brukt når eg har snakka om deg. Eg synest eigentleg du er ganske smart og har kome med spennande teoriar, men du er ganske så utilnærmeleg på spansk.

Inn i mellom det som har kjennast ut som ein evigvarande heimeeksamen har vi prøvd å kople ut hovudet litt, sjølv om alternativa til utkopling er få.

Vi tok i bruk eit av dei tome romma her som eit privat treningsstudio. Vi starta også å sjå serier i lag meir eller mindre kvar kveld for å ha noko sosialt å sjå fram til.

På eit tidspunkt kjeda vi oss slik at vi gjekk igjennom tinga til ein av romkameratane våre som reiste utan å ta med seg tinga sine (fordi han trudde han skulle kome tilbake etter eit par veker). Sorry Aaron, men vi sette stor pris på øla, snacksen og sjokoladen vi fann på rommet ditt.

Foto: Privat

Verda har aldri før vore så vakker

Etter 7 veker fekk vi endeleg gå ut! Ut, i gata, der det finst andre folk enn dei tre eg har vore innestengd med. Sidan vi bur i ein stor by kan dei ikkje sleppe ut alle samtidig, så dei forskjellige gruppene av innbyggarar fekk forskjellige tider dei kunne gå ut på. Sidan eg var vant med å stå opp på ettermiddagen, gjekk eg glipp av det fyrste tidsrommet for mi aldersgruppe.

Verda har aldri før vore så vakker!

Men! Kl. 20.00, 2. mai, var eg ute i gata omringa av fargerike joggarar, med tårer i auga og eit stort smil. Verda har aldri før vore så vakker!

Frå og med denne dagen kunne vi gå tur ein gong om dagen, anten ein time i ein km avstand frå leiligheita mi, eller lengre om eg dreiv med sport. Dette gjorde at vi leigde oss syklar, og starta å sykle rundt om kring i byen for å få best utnytta tida vi fekk vere ute.

Alle reiste heim til landa sine

Foto: Privat

No er vi i fase 1, noko som betyr at byen begynner å opne sakte med sikkert opp igjen. Uteserveringa har opna med 50% kapasitet, og ein kan få gå turar på stranda. Det er fortsatt ganske strengt her, men det hjelp på humøret å kunne møte vennar igjen.

I motsetnad til Noreg, blir ein oppmoda om å bruke masker her. Dei gongane eg har gløymt igjen maska mi heime, har eg anten fått tilsnakk og stygge blikk av gamle katalanske menn, eller blitt nekta inngong til butikkar.

Sjølv om eg sett stor pris på at byen opnar opp igjen, er det litt trist også. Så og seie alle vennane eg fekk i starten av året frå andre land, har reist heim igjen i løpet av karantenen.

Mine gode vennar frå Italia, Tyskland, Belgia, Nederland, Irland, Portugal og Brazil har reist heim, før vi fekk ta oss «una copa» i sola ved ein av byen sine mange barar med uteservering.

Menneske treng menneske

Mange har spurt meg om eg angra på at eg vart igjen her. Sjølvsagt har der vore stunder eg har tvilt på om eg tok det rette valet, men angra har eg ikkje. Gjennom utvekslingssemesteret mitt vart det ikkje så mykje festing, reising og sosiale samankomstar, men eg har likevel lært mykje.

Kanskje har eg lært endå meir om meg sjølv og verda vi bur i no, enn kva eg hadde lært under eit normalt utvekslingsopphald.

Foto: Privat

Noko som har vorte veldig klart for meg under denne situasjonen, er at menneske treng menneske.

Vi treng klapping på balkongar for å sjå at vi ikkje er aleine, for samholdet sin del.

Vi treng konsertar frå altanar, og plakatar av regnbuar i vindauger der det står at alt kjem til å gå bra.

Vi treng vennar og familie som er der for oss og hjelper oss opp når vi er nede, og til å dele små og store stunder med.

Eg er utruleg takknemleg for venninnene frå klassa mi som forstår den katalanske undervisninga vår, og forklarar meg det viktigaste på spansk. Og familien mi og vennane mine som har sjekka innom sjølv om eg har vore dårleg på å tekste dei i denne rare og krevjande perioda.

Utan dei veit eg ikkje korleis eg skulle ha kome meg igjennom dette semesteret.

Sarah Frostmo Faraj (22) fortel om ei veke i Ramadan.