Tabuprisen 2020 til grunnleggjaren av Psyktærlig

Ingebjørg Blindheim håpa å førebyggje sjølvmord gjennom openheit. No er ho tildelt Tabuprisen i 2020, tre år etter at ho starta Psyktærlig på sosiale medium.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tabuprisen blir delt ut av Rådet for psykisk helse, som i grunngivinga for tildelinga i år skriv at Blindheim med arbeidet sitt har sørgt for at mange ungdommar har tilgjengeleg hjelp og støtte når dei strevar med psykiske belastningar, sjølvskading og sjølvmordstankar.

– Delen som rapporterer om psykiske plager i ungdomstida er høg, og vi veit at det er mange som slit. Takka vere Ingebjørg Blindheim og den utrøyttelege innsatsen hennar for å snakke med og snakke om problema veit vi i dag meir om kva desse ungdommane balar med og korleis vi kan få dei i tale.

Det seier generalsekretær Tove Gundersen.

Mista mange

Blindheim forklarer på nettsida til organisasjonen Psyktærlig bakgrunnen for arbeidet.

– Vinteren 2016/2017 opplevde eg at ein av vennene mine la ut på Instagram at vedkommande skulle ta sitt eige liv. Veldig mange prøvde skaffe hjelp, men trass i det, overlevde ikkje personen. Det gjorde heller ikkje nærare 20 andre unge menneske eg hadde kjent som også hadde teke sitt eige liv, skriv ho.

Blindheim legg til at samfunnet sårt trong ei plattform der menneske kontrollert kunne dele historiene sine og erfaring på ein måte som ikkje skader andre eller bidreg til vedlikehald av sjukdom.

– Eg sakna konstruktiv openheit som bidrog til å spreie håp, erfaring, kunnskap og å bryte tabu. I tillegg lova eg meg sjølv at eg skulle gjere alt i mi makt for å førebyggje sjølvmord.

Så starta ho Psyktærlig, som har vorte bygd ut frå snapchatkonto og vlogg til i dag å telje fleire ulike kontoar og sju personar med ulike roller i foreininga.

Psyktærlig har også ein eigen Instagram-konto, der dei deler både historier frå helsevesenet, men òg positive oppmodingar: 

 

View this post on Instagram

 

Da vi spurte personer på instagram om hvilken reaksjon de hadde fått da de åpnet seg om selvmordstankene sine til helsevesenet, fikk vi inn mange sitater. I videoen ser du et lite utvalg av disse. Sitatene forteller en egen historie, om misforståelser og undergraving av selvmordstanker, og om avvisninger fra de vi skal stole på og som skal hjelpe oss. Men det er flere sitater vi ikke kan vise av faren for smitteeffekt, sitater der helsevesenet direkte eller indirekte har oppfordret personer med selvmordstanker til å ta sitt eget liv. Flere av oss har mistet tellingen på hvor mange ganger vi har fått høre “Hvis noen virkelig vil dø, er det ingenting vi kan gjøre”. Det er ansvarsfraskrivelse. Det er mye man kan gjøre. Vi er lei av at selvmordstanker ikke blir tatt seriøst. At helsevesen, politi og politikere ikke reagerer når psykisk syke trenger hjelp. Markeringen 8. januar er for alle som var, og for alle som fortsatt er i live og trenger hjelp. Personene i videoen er ikke de samme som har sendt inn sitater. Video av: Vigdis med flere + gjerne del videre. #ingenflereåmiste Eidsvolls plass, 8.01.2020 klokken 18:00 Link i bio til arrangementet

A post shared by Psyktærlig (@psyktaerlig) on

Opnar opp

Rådet for psykisk helse meiner Psyktærlig og Blindheim ved å bringe kunnskap om ulike skjulte nettverk ut i det offentlege rommet, har bidrege til ei samfunnsopplysning og openheit som vil redde liv.

Angst og depresjon er blant dei vanlegaste plagene blant ungdom og eit folkehelseproblem i Noreg. Ungdata-tala viser ein auke i sjølvrapporterte psykiske helseplager blant unge i Noreg, og i perioden 2011–2018 auka delen ungdomsskuleelevar plaga av depressive symptom frå 9,7 til 15,2 prosent.

Generalsekretær i Rådet for psykisk helse, Tove Gundersen, rosar Ingebjørg Blindheim for å ha bidrege til ei samfunnsopplysning og opeinheit som vil redde liv. Foto: Erik M. Sundt

Med bortimot alle barn og unge på sosiale medium og mobil, er digitale flater ein naturleg stad å søkje fellesskap og nettverk på.

– Men ein del av gruppene som blir oppretta der, kan vere skadelege og verke sjølvforsterkande på problemutvikling. Ingebjørg har jobba mykje med å treffe ungdommane innanfor rammer der dei kan og tør å uttrykkje problema sine, som Psyktærligs chat på Instagram og vlogg på Snapchat, seier Gundersen og legg til:

– Ho har vidare teke støyten med å varsle om negativ utvikling, lukka skadelege nettverk og eit stort udekt behov som hjelpeapparatet må møte på ein betre måte.

Tabuprisen

  • Heiders- og ærespris frå Rådet for psykisk helse
  • Tildelast personar, organisasjonar og verksemder som gjennom ord og handling gjer ein innsats for å byggje ned fordommar om psykisk helse, bryt tabu, fremjer inkludering, omtanke og openheit kring psykisk helse.
  • Tidlegare prisvinnar: Mats GrimsæthHelsesistaAdrian Lorentsson, Linnea Myhre, Ingvar Ambjørnsen